Bildegalleri

Dronefoto frå tomta

Våge - Lande

Kleskarvet B5

VÅGE | Nytt bustadprosjekt med 8 leilegheiter med storslått utsikt og sentral plassering i Våge

Kart med kartnålKrokavegen B5, 5680 Tysnes

Prisantydning fra

2 700 000 kr

Prisantydning til

4 640 000 kr

Totalpris fra

2 710 576 kr

Totalpris til

4 650 576 kr

  • Planlegging

    2. kvartal 2024

  • Salgsstart

    2. kvartal 2024

  • Byggestart

    3. kvartal 2024

  • Overtakelse

    Bygg 1: 2. kvartal 2025

Nøkkelinfo

Boligtype
Leilighet
Soverom
2
Internt bruksareal
68 - 109 m² (BRA-i)
Bruksareal
5 - 114 m²
Eksternt bruksareal
5 m² (BRA-e)
Eieform
Eier (Selveier)

Les mer om bruksareal her

Fasiliteter

Garasje/P-plass
Balkong/terrasse
Kabel-TV
Utsikt
Sentralt

Visning

Ta kontakt for å avtale visning.Visningspåmelding

Beskrivelse

Drøymer du om ei heilt ny leilegheit?

Ei leilegheit med fantastisk utsikt, gode solforhald og kort veg til sentrum?
Ei leilegheit der du kan vera med å gjere tilval, slik at din leilegheit blir tilrettelagt for akkurat deg og din kvardag?

Velkomen til Krokavegen og prosjektet Kleskarvet B5!


Prosjektet er eit nytt prosjekt beståande av 8 nye og moderne leilegheiter som ligg både landleg og sentralt plassert på Våge.
Leilegheitane har nydleg utsikt over Bjørnefjorden og Våge, og er plassert i forhald til kvarande slik at alle får utsikt og gode solforhold!
Prosjektet blir bygd av Tysnes Bolig, som har fokus på trivsel i bustadane og å byggje bustader som skal gjere kvardagane fylt med livskvalitet og ny energi!

Prosjektet
Krokavegen på Lande er eit utbyggingsområde som vert utvikla over fleire byggetrinn.

Kleskarvet B5 består av 8 leiligheter og ligger på felt B5 i reguleringsplanen.

Tysnes Bolig har allereie bygd ut områda B1, B2, B3 og B6 (kleskarvet B6). I tillegg er det bygd 3 tomannsbustader på B4.
Her er det moglegheit for å komme på visning i visningsleilegheit.

Prosjektet består av tre typar leilegheiter, ei leilegheit på 68 m² i fyrste etasje og ei leilegheit på 102 m² over 2 etasjer og ei med takløft på 109 m².


Leilegheitene ligg svært sentralt til, med gangavstand til Våge, men omgivnadene er landlege og med flott utsikt.
Det er kort veg til båe butikkar, skule, idrettshall, post, hyggeleg restaurant, treningssenter, buss og ferje. I tillegg
er det mange flotte turløyper og kort veg til båthamn og gjestehamn!

Leilegheitane
Dei minste leilegheitene ligg i 1.etasje og inneheld:
Entré, stove og kjøkken, bad, tekniskrom/vaskerom, mellomgang og 2 soverom.

Dei største leilegheitene ligg i 2.- og 3.etasje og inneheld:
2.etasje: Gang, soverom, bad, open stove- og kjøkenløysing
3.etg./loftsetasjen: Loftstove, soverom og innvendig bod. Det er moglegheit for å lage soverom 3 her.

Verdt å merke seg:
- Storslått utsikt og gode solforhold
- Nybygg med moglegheit for tilval
- God planløysing
- Praktisk bod ved inngangspartiet
- Låge omkostningar
- Lite innsyn og flott utsikt
- Fastpris og ingen stressande bod runde!
- Låge bukostnadar
- Fritak for eigedomskatt i 5 år

Å kjøpe nytt:
Å kjøpe ein heilt ny bustad har mange fordeler.
Nye bustader har fastpris, det betyr at den første som gir
bod til meklar på den fastsette prisen får kjøpe bustaden.
Det er og lågare dokumentavgift på nye bustader.
Dokumentavgifta er 2,5% av tomteverdien, medan det på
brukte bustader er 2,5% av kjøpesummen.
I tillegg har ein moglegheit til å gjere tilval slik at bustaden er
skreddarsydd til deg og dine ynskjer.


************************************************

Dei små leilegheitene: 3, 4, 7 og 8
Til info: Alle bileta er frå ein tilsvarande leilegheit, og er nytta som illustrasjon. Avvik vil forekomme.
Bra-i: 68 m² (Innvend
BRA-e: 5 m² (Sportsbod)


Entré og gang:
Leilegheitene har ein stor og romsleg gang med god plass til å henge frå seg yttertøy og sko.
Det er eit innhuk med plass til garderobe som på bilete (garderobeskap er ikkje med i kjøpet). Det er fliser med vassboren varme i golvet i entréen.

Stova:
Leilegheitene har ei open stove - og kjøkenløysing med store vindauge i front og på sida.
Det er laminat på golvet som er standard, men på bilete over er det valt eit anna golv.
Det er vassboren varme i golvet.
Bilete frå eksisterande leilegheit.

Kjøkenet:
Kjøkenet i leilegheitene er frå den norske leverandøren Sigdal Kjøken. Standardkjøkenet er typen "Scala". Det er mogleg å gjere
endringar og tilval på kjøkenet. Ta kontakt med meklar for å sjekke kor langt i prosessen ein er komen.

Kjøkkenet vert levert med steikeomn, koketopp, og oppvaskmaskin. Sigdal Kjøkken vil ta direkte kontakt med kjøpar i god tid før kjøkken går til bestilling.

Bad:
Leilegheitene har mørke fliser på golvet med mindre fliser i dusjnisja. Det er baderomsplater på veggane.
Bada vert levert med vegghengt toalett, 90*90 dusjdører og baderoms møbel frå Fossbad.

Hovudsoverommet:
Det er to soverom i leilegheita. Det største soverommet ligg i front med inngang frå entréen. Soverommet er på ca. 11,5 m²
Soverom 2 ligg på andre sida av entréen, med inngang frå mellomgangen. Det er ca. 8 m².
Soveromma ligg ikkje vegg-i-vegg, noko som gir meir privatliv.


Markterrasse
Leilegheitane får støypt markterrasse i front av stova.
Det er takoverbygg på deler av terrassen, med skillevegg mellom leilegheitene i framkant av bygget.



.............................................................................................................................................

Dei store leilegheitene: 1, 2, 5 og 6

Areal for leilegheitene:
1 og 5: Bra-i 109 m²
1 og 5: Bra-e: 5
Totalt BRA: 114 m²

2 og 6: Bra-i 102 m²
2 og 6: Bra-e: 5
Totalt BRA: 107 m²


Entré og gang:
Leilegheitene har ein stor og romsleg gang med god plass til å henge frå seg yttertøy og sko.
Det følgjer ikkje med garderobeskap.
Det er skiferfliser med varmekablar i golvet i entréen.

Stova:
Leilegheitene har ei open stove - og kjøkenløysing med store vindauge i front og på sida, som gir godt med naturleg lysinnslepp og
flott utsikt! Det er laminatgolv og god plass til fleire sitjegrupper og etestove.
Det er varmepumpe i leilegheitene. Om ein ynskjer så kan ein og velgje vedomn som tilval.
Bilete frå eksisterande leilegheit.

Kjøkenet:
Kjøkenet i leilegheitene er frå den norske leverandøren Sigdal Kjøken. Standardkjøkenet er typen "Scala".

Det er mogleg å gjere endringar og tilval på kjøkenet. Ta kontakt med meklar for å sjekke kor langt i prosessen ein er komen.

Kjøkkenet vert levert med steikeomn, koketopp, og oppvaskmaskin. Sigdal Kjøkken vil ta direkte kontakt i god tid før kjøkken går til bestilling.


Bad:
Leilegheitene har mørke fliser på golvet med mindre fliser i dusjnisja. Det er baderomsplater på veggane.
Bada vert levert med vegghengt toalett, 90*90 dusjdører og baderomsmøbel frå Fossbad.
På bilete er det oppgradert til trefrontar, men original er med kvite frontar

Hovudsoverommet:
Hovudsoverommet ligg vis-a-vis badet.
Soverommet er av god storleik med god plass til dobbeltseng, garderobeskap og nattbord.

Loftsetasjen:
Loftsetasjen består av eit soverom, bod/teknisk rom og loftstove. Det er moglegheit for tre soverom (som på bileta)
Her er det mogleg med tilval på ekstra soverom, samt på toalett og vask på tekniskrom.
Det er både vindauge i endane, samt to takvindauge som gir både utsikt og ein god romfølelse.

Det er mogleg å ha to soverom og loftstove. Soveromma er av god storleik med skråtak og det er plass til seng, nattbord og garderobeløysing.


På leilegheit 1 og 5 så er det eit takløft som gir ei større stove.

Boda:
Bod/tekniskrom i loftsetasjen er mogleg å få levert med servant og ekstra toalett.
Det er lagt opp til vaskemaskin, varmtvannsbereder og anlegg for balansert ventilasjon.

Terrassen:
Leilegheitene har ein stor og solrik terrasse med utgang frå stova.
Det er ikkje standard med vinterhage, men dette er mogleg å gjere som tilval.

Beliggenhet

Leilegheitene ligg flott til med solrik tomt og kort veg til sentrum. Det er gangveg på nedsida av leilegheitane.

Det er gangveg til sentrum. Her er både daglegvarebutikk, ferjestø, restaurant og kafé. I tillegg er det fleire butikkar, med bl.a. møblar, klede, blomster, hobby, dekor mm.

Nærmaste barnehage er 1 km frå eigedommen, og det er ca. 1,1 km til Tysnes skule (5-10 kl.) og ca., 4 km til Uggdal skule (1-4 kl.) Nærmaste busstopp er ved eigedommen.

Det er ferjesamband mellom Halhjem på Os og Våge, og mellom Jektevik på Stord, Nordhuglo og Hodnanes på Tysnes.

Tysnes kommune har fokus på å gi både buande og tilreisande gode tilbod av varer og tenester. I tillegg har kommunen ei rik historie og attraktivt kulturliv som bygger på eit tett samarbeid i kommunen, med både idrettslag, organisasjonar og frivillige. Ein kan mellom anna nemna Tysnesfest, som vert arrangert i juli kvart år.

Prisinformasjon

Frå 2.700.000,- + omk.
til 4.640.000,- + omk

Sjå prisliste vedlagt prospekt for komplett oversikt over pris, omkostninger og ledige einingar.

Omkostninger

Som en del av det samlede vederlaget skal kjøper i tillegg til kjøpesummen betale følgende omkostninger:

Omkostninger
9 370,- (Dokumentavgift (avgiftsgrunnlag: 375 000,-))
206,- (Panteattest kjøper)
500,- (Tingl.gebyr pantedokument)
500,- (Tingl.gebyr skjøte)
10 576,- (Omkostninger totalt)

Døme 1:
2 700 000,- (NB: prisen er fast)

Omkostninger
9 370,- (Dokumentavgift (avgiftsgrunnlag: 375 000,-))
206,- (Panteattest kjøper)
500,- (Tingl.gebyr pantedokument)
500,- (Tingl.gebyr skjøte)
10 576,- (Omkostninger totalt)
2 710 576,- (Totalpris inkl. omkostninger)

Døme 2:
4 440 000,- (fast pris )

Omkostninger
9 370,- (Dokumentavgift (avgiftsgrunnlag: 375 000,-))
206,- (Panteattest kjøper)
500,- (Tingl.gebyr pantedokument)
500,- (Tingl.gebyr skjøte)
10 576,- (Omkostninger totalt)
4 450 576,- (Totalpris inkl. omkostninger)


Dokumentavgift beregnes av andel tomteverdi. Det gjøres oppmerksom på at det er tomtens verdi på tinglysingstidspunktet som legges til grunn for avgiftsberegningen. Opplyst dokumentavgift er beregnet ut fra dagens antatte tomteverdi. Justering av dokumentavgiften kan således forekomme og det er kjøper som ev. er ansvarlig for mellomværende. Det tas forbehold om endringer i offentlige avgifter og gebyrer.

Ferdigstillelse

Byggestart er 1. kvartal 2025
Estimert ferdigstilling bygg 1 er 3. Kvartal 2025
Estimert ferdigstilling bygg 2 er 2. Kvartal 2026

Beskrivelse av tomt

Fellestomt for sameige.
Området B5 iht. reguleringsplanen får eige gnr/bnr. Tomta skal delast, og det vil komme eit eige gnr/bnr. Tomta er i dag på 8.375 m²

Tomta disponeres av seksjonseierne iht. seksjonsbegjæring/sameievedtekter.

Tomta vert opparbeida i henhald til vedlagte utomhusplan, med dei krav som framgår av reguleringsbestemmelsane i forhold til opparbeiding av eventuelle gangstiar, leikeplasser og grøntareal.

Diverse

Utvendige arealer vil bli ferdigstilt, og overtakelsesforretning på desse areala avholdt, etter overtakelse av leilegheitene.
Alt grunnarbeid er inkludert i prisen.
Parkeringsplass/veg vert grusa slik som skissert i situasjonsplanen.
Skråningar vert plastra med jord.

Dersom dei utvendige arealene ikkje er ferdigstilt ved overtakelse av leilegheitene, kan kjøper holde tilbake 3 % av kjøpesummen dersom anna beløp ikkje er avtalt.
Ev. gjenstående arbeid skal utføras så snart arbeidet praktisk kan utføres av hensyn til årstid. Selgjar er forpliktet til å ferdigstille arbeidet og fremskaffe ferdigattest innen rimeleg tid og seinast før den midlertidige brukstillatelsen er utløpt.

Når sameige er etablert og overtakelse av fellesarealer skal foretas, vil seljar innkalle styret til overtakelsesforretning for sameiets fellesarealer

Sjå leveranseksildring velagt i salsoppgåva datert 21.05.2024

Oppvarming

Leilegheiter på 68 m² (BRA-i)
Vassboren varme i golv i entré, bad, stove og kjøken.

Leilegheiter på 102 m² /109 m² (BRA-i)
Varmekablar på bad og entré.
Varmepumpe i stove
For dei store leilegheitene vert det montert pipeløp som er avslutta i himling.

Generell orientering

Følgjande utstyr er med
- Komfyrvakt
- Punkt for fordeling av fiber
- Røykvarsler
- Utelampar
- Kvitevarer på kjøkken

Garasje/parkering

Det er parkering på tomta til sameige. Sjå leveranseskildring for plassering av parkeringsplassane.
Leilegheit 3 har parkering nede ved inngangspartiet, resterande har på oppsida.

Organisasjonsform

Sameige

Kjøpars rettigheiter som medlem i et sameige følgjer av eierseksjonsloven (Lov om eierseksjoner av 16. juni 2017 nr. 65) og vedtektene. Sameiget har pantesikkerhet i kvar seksjon for ubetalte krav og ansvar ovanfor sameiget (legalpant, dvs. ikkje tinglyst pant), i medhald av eierseksjonslovens § 31. Sameiget vil bli leia av eit styre som veljast bland eigarane. Dette styret skal ivareta alle saker av felles interesse for sameigarane. Kjøper kan ikkje eiga meir enn 2 seksjonar i eit sameige.

Kostnader med eigedommen som ikkje knyttar seg til den enkelte brukseininga, skal hovudsakelig fordelast mellom sameigarane etter sameigebrøken.

Kjøpar sine rettar som medlem i et sameige følgjer av Eierseksjonsloven "Lov-2017-06-16-65, Lov om eierseksjoner." og vedtektene. Sameige har pantesikkerhet i kvar seksjon for ubetalte krav og forpliktelsar ovanfor sameige (legalpant, dvs. ikkje tinglyst pant), i samsvar av Eierseksjonslovens § 31.

Det vert gjort merksam på at ein berre kan erverve to bustadseksjonar i sameige, med unntak av erverv av fritidsbustad.

Midlertidig brukstilatelse og ferdigattest

Midlertidig bruktstillatelse/ferdigattest skal leverast til kjøpar ved overtakelse.

Det er ulovlig å ta leilegheita i bruk utan ferdigattest eller midlertidig bruksløyve. Kjøpar har ingen plikt til å overta eller innbetale sluttoppgjør før minst midlertidig bruksløyve føreligg.

Dersom kjøpar likevel vel å overta, er det ulovlig å bu i bustaden/ta bustaden i bruk (ein kan flytte inn møbler, men ikkje overnatte). Å bu i ein leilegheit utan bruksløyve kan medføre krav om utflytting og eventuelle bøter frå kommunen. Ved å velje å overta stopper eventuelle krav om dagbøter

Adgang til utleie

Det ligg ikkje føre offentlegrettslege reglar som er til hinder for utleige av eigedommen.

Forbehold fra utbygger

Selger tar atterhald om 3 av 8 leilegheiter selt for byggestart.

Tilvalg og endringer

Tilvalgsliste er i leveranseskildringa. Tilvalg og endringar utover denne lista prisar utbyygjer på forespørsel.
Rørlegger / Elektrikar / Sigdal tar direkte kontakt med kunde for tilvalg.

Sigdal Kjøkken vil ta direkte kontakt i god tid før kjøkken går til bestilling. Dersom endringar på kjøkkenet fører til fleire kjøkkenskap kjem det eit tillegg for montering på 1500 kroner pr.skap.

Kjøpar har moglegheit til å få utført endrings- og tilleggsarbeider etter særskilt avtale. Alle endrings- eller tilleggsarbeider skal avtales skriftlig mellom partane og i avtalen skal det redgjerast for pris og ev. fristforlenging som følgje av endringane. Kjøpar sin rett til å få utført endrings- eller tilleggsarbeid er begrensa til 15 % av kjøpesummen.
Kjøpar kan ikkje krevje å få utført endringar eller tilleggsarbeider som ikkje står i samanheng med seljar sin yting, eller som vil medføra ulemper for seljar som ikkje står i forhold til kjøpar sin interesse i å krevje endringa eller tilleggsarbeidet.
Kjøpar kan endre spesifikasjonar for sin leilegheit gjennom prosjektets fastaste tilvalsrutiner.

Det er ein føresetnad at endringane er i samsvar med krava som er i gjeldande teknisk forskrift.

Partane kan krevje justering av det avtalte vederlag i henhold til bustadoppføringslovas regler om endringar og tilleggsarbeid, jf. bustadoppføringslova. § 9 og § 42. Seljar kan krevja tilleggsvederlag for nødvendige kostnader som kommer av forhold på kjøpars side.

Betaling for ev. endrings- og/eller tilleggsarbeider bestilt gjennom seljar vert fakturert direkte frå seljar når vedkommande endrings- og/eller tilleggsarbeid er utført.

Betalingsbetingelser

Med mindre anna er avtalt vert det føresett det at kjøpesum inkludert omkostninger er innbetalt og disponibelt på meglerforetakets klientkonto innan overtaking.

Betaling for ev. endrings- og/eller tilleggsarbeider vert bestilt direkte hos underleverandører og blir fakturert direkte frå underleverandør når vedkommende endrings- og/eller tilleggsarbeid er utført.

Beliggenhet

Kart med kartnålKrokavegen B5, 5680 Tysnes

Annonseinformasjon

FINN-kode355885448
Sist endret25. okt. 2024 08:36
Referanse1504245020

Rapporter annonse

Annonsene kan være mangelfulle i forhold til lovpålagt opplysningsplikt. Før bindende avtale inngås oppfordres interessenter til å innhente komplett informasjon fra meglerforetaket, selger eller utleier.