Bildegalleri

Illustrasjon hustype

Vallabøen

4-mannsbustad på Vallabøen

HASLEVEGEN - attraktiv 4-mannsbustad med praktisk planløysing - carport og sportsbod

Kart med kartnålHaslevegen 6, 6153 Ørsta

Prisantydning fra

4 122 000 kr

Prisantydning til

4 578 000 kr

Totalpris fra

4 134 500 kr

Totalpris til

4 590 500 kr

  • Planlegging

    Ferdig

  • Salgsstart

    Oktober 2024

  • Byggestart

    Haust/vinter 2024

  • Overtakelse

    Vinter 2025/26

Nøkkelinfo

Boligtype
Leilighet
Soverom
2
Internt bruksareal
75 - 77 m² (BRA-i)
Bruksareal
80 - 82 m²
Eksternt bruksareal
5 m² (BRA-e)
Balkong/Terrasse
18 m² (TBA)
Eieform
Eier (Selveier)
Energimerking
B - Oransje

Les mer om bruksareal her

Fasiliteter

Gjesteparkering
Garasje/P-plass
Hage
Balkong/terrasse
Kabel-TV
Turterreng
Bredbåndstilknytning
Sentralt
Balansert ventilasjon
Lademulighet

Enheter i prosjektet

Sorter etter

Nedoverpil
EnhetBRA-iSoveromTotalpris
0175 m²24 134 500 kr
0275 m²24 134 500 kr
0377 m²24 590 500 kr
0477 m²24 590 500 kr

Visning

Ta kontakt for å avtale visning.

Beskrivelse

På Haslevegen 6 byggjer vi ein frittliggjande 4-mannsbustad med tilhøyrande carportar. Kvar bustad er 75 til 77 kvm BRA-i, med 2 soverom. I tillegg har kvar bustad utvendig sportsbod på 5 kvm, og overbygt parkering.

Bustaden ligg flott plassert i eit allereie etablert bustadområde, med nærheit til skular, barnehage og like ved nærbutikken Kiwi Vallabøen.
Bussen har fleire avgangar frå Kiwi Vallabøen (Asko) på kvardagar (Rute 342).

Bustadane

Dette er attraktive og moderne firemannsbustadar, med livsløpsstandard og gode planløysingar. Bygninga består av totalt fire leilegheiter på 75 - 77 m2. Leilegheitene har eit lyst og moderne preg, med open stove- og kjøkkenløysing, og to soverom. Bustadane i 1. etasje har uteplass på bakkeplan med moglegheit for hage og markterrasse, og 2. etasje har eigen veranda. Kvar leilegheit har innvendig bod og eigen parkeringsplass i carport og sportsbod.

Bustadane inneheld stove/kjøkken, 2 soverom, gang, bad, bod/vaskerom, sportsbod og carport. På området er det tilgong til gjesteparkering.

Trykk på linken til den aktuelle seksjonen ovanfor for mer utfyllande opplysningar.

Nøkkelferdig standard

Våre bustadar vert levert med nøkkelferdig standard. Det vil seie at alt av arbeid med legging av parkett, maling og flisarbeid vert utført og er inkludert i prisen for bustaden. Du får då ein innflyttingsklar bustad med ekstra høg standard der du flyttar rett inn i den ferdige bustaden. Vel du ein av våre eksklusive visningsbustadar, kan du i tillegg overta vår møbelpakke etter avtale med seljar.

Bustadane vert leverte med flott kjøkken- og baderomsinnreiing med speilskap og belysning, frå kvalitetsleverandøren Sigdal. Vidare vert det på bad levert vegghengt toalett og varmekablar med termostat. Det er også inkludert belysningspakke, skyvedørsgarderobar med speil på alle soverom, samt innvendig kvalitetstrapp frå Stryntrappa for bustadar over fleire etasjar.

I vår nøkkelferdige standard kan i tillegg nemnast særskilt:

  • Eksklusiv kjøkkenløysing frå Sigdal, der frontar kan leverast i 15 valfrie fargevariantar. Kjøkkenet leverast med integrerte kvitevarer (kjøl/frys, induksjonstopp, steikeomn og oppvaskmaskin).
  • Bad leverast ferdig flislagt med 60x60 cm flis frå Modena på veggar og golv. Det kan fritt veljast mellom 5 fargevariantar som inngår i flisserien. Dusjhjørne/-dør med profilar i krom og klart glas, mosaikkflis på golv.
  • Sparkling for listefri utføring av tak og rundt vindauge for heile bustaden.
  • Malte veggar og tak i valfrie fargar, der soverom og stove i tillegg kan leverast med kontrastvegg.
  • 1-stavs eikeparkett av høg kvalitet levert på stove, kjøkken og soverom.
  • Bustaden vert levert med utført byggvask før overtaking.
  • Ingen byggelån, då betaling vert utført først ved overtaking og innflytting.


Om ønskeleg er det mogleg å påverke dei ulike vala og utføre personlege tilpassingar utover denne standard. For ferdigstilte bustadar vil dei forskjellige vala vere gjort og kan såleis ikkje endrast utan tillegg.

Fordelar med å kjøpe ny bustad

Det er mange fordelar med kjøp av ny bustad frå Norgeshus Din Bolig AS, i motsetning til kjøp av brukt bustad, og vi nemner spesielt:

  • Fast pris (ingen budrunder som gir auke i prisen).
  • Ingen byggelånsrenter (nøkkelferdig bustad vert betalt først ved overtaking av bustaden).
  • Lav dokumentavgift (2,5 % av tomteverdi, og ikkje dokumentavgift av heile kjøpesummen som ved kjøp av brukt bustad).
  • Ingen oppussing i nær framtid.
  • Lave kostnadar til oppvarming (nye bustadar har strengare krav til isolasjon og varmegjenvinning).
  • Fem års garanti på ny bustad.
  • Eitt-årsbefaring (grundig gjennomgang av bustaden etter ca. 1 år, for å avdekke ev. feil/manglar).
  • Eigne farge-/materialval (moglegheit til å sette sitt eige preg på bustaden).


Norgeshus Din Bolig AS er eit av regionen sine leiande selskap innan feltutbygging og sal av bustadar. Din Bolig AS representerer Norgeshus, og har selt bustadar til fornøgde kundar i over 25 år. Vi har i dag 2 salskontor; i Ørsta (hovudkontor) og på Eidsnes i Sula kommune. Dersom de ønskjer meir informasjon om våre løysingar eller prosjekt, ta kontakt med vår salsansvarleg.

Finansiering

Leilegheitene tilfredsstiller krav om husbankfinansiering. Husbanken tilbyr lån til svært gunstige vilkår, og alle uansett alder kan søke om husbanklån. Flytande rente er frå 01.11.24 på ca. 4,7 %. Husbanken tilbyr inntil 85 % finansiering med 30 års nedbetalingstid. Resterande 15 % må skaffast anten ved eigenkapital eller lån i annan bank.

Din Bolig AS kan bistå med utfylling og innsending av lånesøknad. Ta kontakt dersom du ønskjer å sjå på moglegheitene for å få finansiert din bustad.

Beliggenhet

Kart med kartnålHaslevegen 6, 6153 Ørsta

Annonseinformasjon

FINN-kode373256680
Sist endret08. nov. 2024 09:50

Rapporter annonse

Annonsene kan være mangelfulle i forhold til lovpålagt opplysningsplikt. Før bindende avtale inngås oppfordres interessenter til å innhente komplett informasjon fra meglerforetaket, selger eller utleier.