Bildegalleri

Unik moglegheit! Ylvisåker Naustlag - 19 naust i sameige, med felles båtrampe og kai.

Ylvisåker

Naust Ylvisåker| 7 av 9 selde i byggetrinn 1| 19 naust under oppføring på Ylvisåker|Fellesområde med båtrampe og kai

Kart med kartnålYlvisåker, 6858 Fardal

Prisantydning

1 050 000 kr

Totalpris

1 050 000 kr

  • Planlegging

    Vår 2024

  • Salgsstart

    Vår 2024

  • Byggestart

    Byggetrinn 1 vår 2024

  • Overtakelse

    Fortløpande ved ferdigstilling/salg

Nøkkelinfo

Boligtype
Andre
Soverom
0
Bruksareal
40 - 50 m²
Eieform
Eier (Selveier)

Les mer om bruksareal her

Visning

Ta kontakt for å avtale visning.Visningspåmelding

Beskrivelse

Unik moglegheit! Naust i sameige under oppføring på Ylvisåker. Prosjektet består av 19 naust med fine fellesareal, kai og båtrampe for sjøsetting. Området er eit flott utgangspunkt for sjøliv i vakre Sognefjorden.

Byggetrinn 1 består av 9 naust på 50m2 i bakre rekke, der 7 av 9 er selde.
Byggetrinn 2 består av 10 naust på 40 m2 i fremre rekkje mot sjø, planlagt påbegynt i løpet av vår 2025.
Nausta vert levert nøkkelferdige med innlagt straum.
Fastpris kr 1.050.000,- for begge typar naust.

Fellesareala vil bli fint opparbeidd med asfaltert dekke og benkar. Det vert båtrampe i betong for sjøsetting med hengar i austleg ende, og elles kai med moglegheit for av- og påstigning. Parkering på fellesareal. Ylvisåker er eit flott utgangspunkt for sjøliv anten du er båteigar eller trivs best på fjorden i kajakk. Området rundt byr elles på fine friluftsmoglegheiter med badestrand og turstiar.

Ved stor nok interesse kan det bli moglegheit for etablering av båthamn med betongflyteelement (ekstra kostnad - ikkje omsøkt).

Ta kontakt med meklar for meir informasjon.

Garasje/parkering

Det vert lagt opp til at kvar seksjonseigar kan parkere framføre sin port mot fellesareal i midten.
Elles godt utbygd kommunal parkering i området.

Konstruksjon

Nausta vil bli oppført med:
- Ringmur og plate i betong.
- Reisverk av trevirke
- Veggar beståande av liggande dobbeltfalsa kledning, vindtetting med asfaltplater
- Tak av prefabrikkerte lofttakstolar tekka med underlagstak og plater
- Dobbel dør i trevirke.

Bygget leverast nøkkelferdig. Moglegheit for islolering samt innreiing av loft for lagring som tilval.

Innlagt straum i kvart naust med undermålar, levert med 2 doble stikkontaktar, 16 ampere sikring, koblingsboks og jordfeilbrytar.

Grunnarbeid levert av:
Flatland Maskin AS
Betong og tømrararbeid levert av:
Kollsete og Liheim Byggteam AS
Elektrisk arbeid levert av:
Solberg Elektro AS

Seljar kan gjere naudsynte og/eller mindre hensiktsmessige endringar i spesifikasjonane, til dømes som følgje av offentlegrettslege krav og manglande tilgjengelegheit, så lenge dette ikkje reduserer føresett standard på bygget. Slike endringar utgjer ikkje ein mangel, og gir ikkje kjøpar rett til prisavslag eller andre sanksjonar.

Teikningar og illustrasjonar i prosjektet og teikningsmaterialet er kun av illustrativ karakter. Ved eventuelt avvik gjeld leveransebeskrivinga framfor prospektet og teikningar.
Kjøpar er kjend med at det vil føregå byggjeaktivitet i prosjektet ei tid framover. Dette kan i periodar medføre noko støy og endringar.

Organisasjonsform

Eigarseksjonssameige
Eigarseksjonane vil tilhøyre eit sameige. Det er total 19 seksjonar i sameige, der kvar seksjon vil få sameigebrøk 1/19.

Prisinformasjon

Fast pris kr 1 050 000,-
Omkostninger:
750,- dokumentavgift av tomteverdi
500,- tinglysing skøyte
500,- tinglysing pant
--------------------------------------------------------
1 051750,- (Totalpris inkl. omkostninger)

NB: Regnestykket forutsetter at det kun tinglyses ett pantedokument.

Tomt

Fellesareala skal opparbeidast med asfalt mellom bygningane, plastring med naturstein mot sjø i vest. Rampe i søraustleg ende i betong for sjøsetting med hengar, kai i betong for av- og påstigning.

Fellesareala vert ferdigstilt etter at alle nausta er ferdig oppført. Utbyggjar har rett til bruk av fellesareal fram til at alle nausta er ferdig oppført og fellesareal er ferdigstilt.

Sentrale lover

Nausta vert selde etter reglane i avhendingslova. I tillegg gjeld lov om eigarseksjonar av 16. juni 2017 nr. 65 (eigarseksjonslova) for sameiga og drifta av dette.
Eigedomen skal leverast til kjøpar i tråd med det
som er avtala. Det er viktig at kjøpar set seg
grundig inn i alle salsdokumenta. Kjøpar vert vurdert til å vere kjent med forhold
som er tydeleg beskrive i salsdokumenta.
Forhold som er beskrive i salsdokument kan ein
ikkje gjere gjeldande ein mangel. Dette gjeld
uavhengig av om kjøpar har lest dokumenta.

Dersom kjøper ikkje er forbrukar vert
eigedomen seld "som den er", og ansvaret til
seljar er då avgrensa jf. avhl. § 3-9, 1. ledd 2.
pktm. Avhendingslova § 3-3 (2) vert fråviken, og
vurderinga om eit arealsvikt innandørs skal
karakteriserast som ein mangel vurderast etter
avhendingslova § 3-8. Informasjon om
undersøkingsplikta til kjøpar, med dette
oppmoding om å undersøkje eigedomen nøye,
gjeld også for kjøparar som ikkje vert vurdert
som forbrukarar. Med forbrukarkjøp meinast
kjøp av eigedom når kjøparen er ein fysisk
person som ikkje hovudsakeleg handlar som
ledd i næringsverksemd.

Vedtekter

Det er utarbeidd vedtekter for sameige, desse ligg vedlagt i salsoppgåva. Vedtektene vert gjeldande fram til sameigemøte eventuelt vedtek endring. For å endre vedtekter er det krav om 2/3 fleirtal.

Adgang til utleie

Seksjonen kan leigast ut. Styret skal informerast om alle leigeforhold.

Hvitvaskingsregelverk

Etter lov om kvitvasking og terrorfinansiering pliktar meklar å gjennomføre kundekontroll ved å stadfeste identiteten til kunden, eventuelt reelle rettigheitshavarar, på bakgrunn av gyldig legitimasjon. Dersom slike kundetiltak ikkje let seg gjennomføre kan meklar ikkje etablere kundeforholdet eller utføre transaksjonen. På same måte pliktar meklar å gjennomføre kundekontroll på kjøpar.

Meklarføretaket har plikt til å melde ifrå til Økokrim om eigedomstransaksjonar som framstår som mistenkjelege. Slik melding vert sendt utan at partane vert varsla. Meklar kan også i enkelte tilfelle ha plikt til å stoppe gjennomføringa av handelen.

Beliggenhet

Kart med kartnålYlvisåker, 6858 Fardal

Annonseinformasjon

FINN-kode378884205
Sist endret22. nov. 2024 14:35
Referanse4000245001

Rapporter annonse

Annonsene kan være mangelfulle i forhold til lovpålagt opplysningsplikt. Før bindende avtale inngås oppfordres interessenter til å innhente komplett informasjon fra meglerforetaket, selger eller utleier.