Bildegalleri
Svanøy
4 lekre nyoppførte rekkehus/fritidsbustader for sal - sentralt plassert - like ved butikk og rutebåt
G.R. Mellingensveg 1-3 -5-7, 6914 SvanøybuktPrisantydning
5 950 000 kr
Prosjektets status
Planlegging
2023
Salgsstart
2024
Byggestart
2023
Overtakelse
2024
Nøkkelinfo
- Boligtype
- Rekkehus
- Soverom
- 2
- Internt bruksareal
- 101 - 102 m² (BRA-i)
- Bruksareal
- 106 - 107 m²
- Eksternt bruksareal
- 5 m² (BRA-e)
- Balkong/Terrasse
- 42 - 56 m² (TBA)
- Eieform
- Eier (Selveier)
Enheter i prosjektet
Sorter etter
Enhet | Etasje | BRA-i | Soverom | Totalpris |
---|---|---|---|---|
1 | 1 | 101 m² | 2 | 5 961 470 kr |
2 | 1 | 102 m² | 2 | 5 961 470 kr |
3 | 1 | 101 m² | 2 | 5 961 470 kr |
4 | 1 | 102 m² | 2 | 5 961 470 kr |
Beskrivelse
Velkomen til vakre Svanøy. No har du moglegheit til å sikre deg ein nyoppført bustad like ved butikk og rutebåtkai med fleire daglege avgangar til Florø.
Bustadane som er oppført er bygt med tanke på minst mogleg vedlikehald. Her skal du kunne bu og bruke fritida til det du har lyst til. Materialvalet innvendig er velt med tanke på godt inneklima, og utvendig er det Royal impregnert kledning. Alle einingane har store sørvendte terrasser på bakkeplan og tilkomsten skal asfalterast.
Bustadane er på 2 plan og inneheld: entre, kjøkken, stove, vaskerom m/wc og dusj, multirom, 2 soverom og bad. Hems med loftstove. Utebod og carport.
Svanøy er ei attraktiv øy med mykje historie. Hovudgarden på øya er nyleg restaurert og tilbyr overnatting, konsertar og restaurant. Hjortefarmen er også ein populær stad å besøke. Butikken er sjølvbetjent og døgnåpen, og der er også kro med ulike arrangement. Svanøy er ei levande øy der mykje skjer!
Beliggenhet
For å komme til Svanøy må ein ta rutebåt frå Florø. Her er det fleire daglege avgangar, og det fungerer fint å pendle på jobb til Florø. Frå rutebåtkaia er det kun eit par minutters gange frå kaia.
Garasje/parkering
Det følgjer med carport/parkeringsplass til kvar eining.
Konstruksjon
Frå utbyggjar:
Prosjektet er byggemeldt i samsvar med Plan og Bygningslova av 1985 med endring frå 2017.
Bygningane fundamenterast på undersprengt fjell/ steinfylling. Golv på grunn byggast opp og isolerast etter Tek 17. Golv i carport asfalterast.
Bygningen vert utført med bærekonstruksjon i betong og tre.
Balkonggolv/terasse: Terasse leverast i Impregnert treverk. Trebjelkelag med terrassebord.
Balkongar er å sjå som utvendig konstruksjon, og mindre ansamlingar av vatn vil difor kunne oppstå på overflater.
Innvendige veggar vert levert som bindingsverk med varierande tjukkleik og med stendarar i tre. Veggane er kledd med ferdigmalte huntonitt plater, og alle innerveggar er isolert.
Røyrføringar vil bli skjult bak innkassingar og som heilt eller delvis nedfora platehimlingar, fortrinnsvis i entrè, bod, bad og over kjøkkenskap. Innkassingar er ikkje vist på prospektteikningar.
Listverk/foringer
Foringer og lister leveres kvitmalt. Synlege spikerhoder.
Lister og foringer i hvit NCS S 0502-Y
Balkonger/terrasser/uteplasser
Terasse levere i Impregnert treverk. Trebjelkelag med terassebord.
Terrasser er å sjå på som utvendig konstruksjon, og mindre ansamlingar av vatn vil difor kunne oppstå på overflater.
Organisasjonsform
Eigarseksjonane tilhøyrer Mellingbakken sameige. Det er totalt 6 seksjonar i sameige.
Leilegheitene sjølveigarleilegheiter og organisert som eigarseksjonssameige og følgjer lov om eigarseksjonar. Lova kan ein få ved å ta kontakt med meklar eller ved å gå inn på www.lovdata.no
Sameiget vert leia av eit styre som veljast mellom eigarane. Dette styret skal ivareta alle saker som er av felles interesse for sameigarane.
Ved kjøp av leilegheit i dette prosjektet vert kjøpar deleigar i dette sameiget.
Kjøpar får skøyte på sin seksjon som inneheld eksklusiv bruks- og disposisjonsrett til eigen bustad. Kvar seksjon vil få ein sameigebrøk tilsvarande sitt areal i forhold til samla areal. Vedtektene viser kva uteareal den einskilde seksjon disponerer.
Ingen kan direkte eller indirekte erverve meir enn to bustadseksjonar i eit bustadsameige jf. eigarseksjonslova § 23. Dersom det har funne stad eit erverv som er i strid med reglane i eigarseksjonslova kan Kartverket nekte overskøyting. Dersom overskøyting blir nekta, er kjøpar likevel forplikta til å gjennomføre handelen med seljar og oppgjer til seljar vil finne stad trass i manglande overskøyting.
Sameige har legalpant for inntil 2G for dekking av ubetalte felleskostnader.
Tomt
Det er opparbeidd fellesareal for sameige mot vest. Parsellen ved sjøen følgjer ikkje med.
Oppvarming
Det er varmekablar i stove/kjøkken, multirom, bad, vaskerom og gang. Det er balansert ventilasjon med varmegjenvinning i alle bustader. Det er installert peisomn i stove.
Energimerking
Denne bustaden er energimerka. På ein skala frå A til G, der A er best, har denne bustaden oppnådd B - oransje.
(ein normalbustad vil gjerne ligge i området C-F). Kopi av energiattest ligg vedlagt i salsoppgåva.
Vedtekter
Eigar pliktar å gjere seg kjent med vedtekter som ligg vedlagt salsoppgåva.
Hvitvaskingsregelverk
Eigedomsmeklarar er underlagd lov om kvitvasking og pliktar å rapportere til Økokrim om mistenkelege transaksjonar. Lov om kvitvasking har og strenge reglar om kontroll av legitimasjon frå alle partar i handelen, med dette, seljar, kjøpar og fullmektigar for desse.
Fremdriftsplan og ferdigstillelse
Bustadane er ferdigstilte og klar for overtaking.
Kjøkken
Kjøkkeninnreiing frå Sigdal i samsvar med planteikning. Alle skuffer og skap har demping. Kjøkken som vist på bilde i prospekt.
Bad
Bad leverast med fliser på golv og baderomsplater (sjå Romskjema).
Innreiing vert levert med 1000 mm baderomsmøbel med heildekkande servant og speil med ledlys over. (A-Collection). A-Collection bua hjørnedusj med dusjsett og dusjbatteri. Vidare vert det levert 1 stk vegghengt klosett i kvit porselen med propensete.
Andre oppholdsrom
Det vert vist til romskjema for generell behandling av innvendige overflater, samt standard produktbeskriving.
Alle opphaldsrom har overflate på golv av laminat frå Berry Alloc Grand. Det er fliser på golv på bad og vaskerom.
På bod er det golv av type vinyl.
På veggar (unntatt våtrom) er det huntonit fas 6 bord . På bad og vaskerom er det baderomsplater.
Plater i huntonit er et naturprodukt. Det brukes med andre ord ikke lim eller andre tilsetningsstoffer i produksjonen av Huntonit-plater, og er iflg XL-bygg eneste fabrikant av vegg- og takplater på det norske markedet i dag som anbefales av Norges Astma- og Allergiforbund.
I himling er det Takess og sprekkpanel.
Fasade
Fasaden består av Royalimpregnert kledning
Yttertak
Takkonstruksjon sperretak i henhold til tegning. Taket dimensjoneres i henhold til Norsk standard.
Ventilasjon
Det er balansert ventilasjon med varmegjenvinning i alle bustader.
Ansvarlig megler
Greta Halvorsen
Nyttige lenker
Beliggenhet
EiendomsMegler 1 Sogn og Fjordane
Annonseinformasjon
FINN-kode | 380287330 |
---|---|
Sist endret | 21. nov. 2024 09:27 |
Referanse | 1000245003 |
Annonsene kan være mangelfulle i forhold til lovpålagt opplysningsplikt. Før bindende avtale inngås oppfordres interessenter til å innhente komplett informasjon fra meglerforetaket, selger eller utleier.