Bildegalleri

Eit flott bustadfelt med bustadar for eit kvart behov

Hareid

Brekkane Bustadfelt

Familievennleg og naturnært | Einebustadar, tomannsbustadar og einebustadar i rekkje

Kart med kartnål6060 Hareid

Prisantydning fra

3 800 000 kr

Prisantydning til

6 300 000 kr

Totalpris fra

3 823 000 kr

Totalpris til

6 323 000 kr

Kort om prosjektet

Vi har no gleda av å kunne tilby totalt 27 eine- og tomannsbustadar og 5 einebustadtomter i Brekkane Bustadfelt på Hareid. Her kan du velje mellom 4 ulike bustadtypar, eller du kan sikre deg ei av einebustadtomtene der du kan utforme din eigen bustad i samarbeid med oss.

  • Planlegging

    2023

  • Salgsstart

    Haust 2024

  • Byggestart

    Vår 2025

  • Overtakelse

    Vår 2026

Nøkkelinfo

Boligtype
Tomannsbolig, Enebolig, Rekkehus
Soverom
4
Bruksareal
107 - 131 m²
Balkong/Terrasse
8 - 52 m² (TBA)
Eieform
Eier (Selveier)

Les mer om bruksareal her

Fasiliteter

Garasje/P-plass
Peis/ildsted
Balkong/terrasse
Turterreng
Bredbåndstilknytning
Utsikt
Sentralt
Balansert ventilasjon

Utvalgte enheter

Bilde av utvalgt enhet

1

Nordnes 1 - Bustad på enden mot vest

Totalpris

6 323 000 kr

BRA

126 m²

4 soverom

Bilde av utvalgt enhet

16

Selnes 107 16 - Midtre bustad i første rekkje lengst vest

Totalpris

3 823 000 kr

BRA

107 m²

4 soverom

Bilde av utvalgt enhet

14

Kongsvik 14 - Bustad på enden lengst mot aust

Totalpris

6 323 000 kr

BRA

129 m²

4 soverom

Bilde av utvalgt enhet

26

Selnes C 26 - Tomannsbustad

Totalpris

4 923 000 kr

BRA

131 m²

4 soverom

Enheter i prosjektet

Sorter etter

Nedoverpil
EnhetBRASoveromTotalpris
1126 m²46 323 000 kr
2126 m²45 323 000 kr
3126 m²46 023 000 kr
4126 m²46 223 000 kr
5126 m²45 323 000 kr
6126 m²46 023 000 kr
7126 m²46 223 000 kr
8126 m²45 323 000 kr
9126 m²46 223 000 kr
10129 m²46 323 000 kr
11129 m²45 423 000 kr
12129 m²45 323 000 kr
13129 m²45 723 000 kr
14129 m²46 323 000 kr
15107 m²44 823 000 kr

Visning

Ta kontakt for å avtale visning.

Beskrivelse

Velkomen til Brekkane Bustadfelt – i sentrum av «5 minuttsbygda»

Endeleg kan vi introdusere eit heilt nytt bustadfeltet på Hareid. Her kan du flytte inn i eit familievennleg felt som fleire generasjonar vil trivast i.

Om bustadane

På Brekkane kan du no velje mellom heile fire bustadtypar, i tillegg har vi fem einebustadtomter der du kan planlegge din eigen bustad – saman med oss! Gjennom å tilby fleire ulike typar bustadar, ynskjer vi å skape eit byggefelt der folk kan bu heile livet og vere med å skape eit godt miljø for både små og store.

1. «Nordnes» – Funksjonelle einebustadar med «noko attåt»
9 einebustadar fordelt på 3 eksklusive kjeder. Kvar av dei har sitt eige særpreg, perfekt for Sunnmøre. Vi har også lagt opp for ulike variantar av bustadane slik at du kan velje den løysinga som passar best for din familie.

2. «Kongsvik» – Kompakte og moderne einebustadar, skråstilt for best utsikt og soltilhøve
På same rekka som «Nordnes», har vi planlagt 5 einebustadar med store vindaugsflater, stor terrasse, og skråstilt for best mogleg sol- og utsiktstilhøve. Her har du tilpassingsmoglegheiter, du kan til og med få ekstrainntekter ved å leige ut hybelleiligheit, om du ikkje har behov for dette arealet sjølv.

3. «Selnes 107» – Tre bustadar i rekkje med eigen carport
På området i feltet som ligg lengst i aust, har vi planlagt tre «tremannsbustadar» og to tomannsbustadar frå Mestergruppen sin Selnes-serie. Dei tre rekkehusa er kvar på 107 kvm og kan leverast med heile fire soverom, eventuelt med tre soverom og to stove. Her kan du altså velje mellom fleire alternative planløysingar for 1. etasje, avhengig av dine behov.

4. «Selnes C» - Tomannsbustadar med fire soverom
Tomannsbustadane har tre romslege soverom i 1. etasje og «master»-soverom med eiga garderobe i 2. etasje. Med to gode bad, carport og parkeringsplass, kan du bu i denne bustaden i mange av livets fasar.

5. Vel eit kataloghus eller design din draumeheim
På dei fem øvste tomtene på Brekkane kan du byggje bustad etter eigne ynskjer og budsjett. Skap draumebustaden din ilag med oss!

Sjekk ut vår bustadveljar på Brekkane.no

Dirfor bør du melde interesse no

Er du tidleg ute og melder interesse får du ikkje berre moglegheita til å gjere tilval i bustaden, du får også fordelen av å stå først i køen. Vel bustadplasseringa som «alle» vil ha.

Eit familievennleg nabolag med naturen tett på

Brekkane Bustadfelt ligg i naturskjønne Hareid. Her har du kort veg til alt du treng i kvardagen og meir til. Brekkane får eigne leikeplassar til barna og det kjem støyvoll langs riksvegen, til glede for nye og gamle bustadar på feltet.

Hareid er 5-minuttsbygda
Kanskje du har høyrt om 15-minutts-byen, der alt skal være innan 15 min gangavstand? I Hareid får du oppleve vår eigen versjon: 5-minuttsbygda, rett nok ved hjelp av bil innimellom.

  • Likar du å gå i fjellet? Ein av dei mange stiane opp er berre 5 minutt unna!
  • Treng du å handle? Du kjem deg til butikken på 5 minutt!
  • Er det du som leverer i barnehage? 5 minutt, så er du der!
  • Går ungane på skule? Det held at dei kjem seg ut døra 5 på skulestart!
  • Skal du trene? Treningssenter, idrettsanlegg og symjehall er 5 minutt unna!
  • Glad i kort veg til jobb? Innan 5 minutt er du i gang med arbeidsoppgåvene hjå ein av dei mange flotte arbeidsgivarane i Hareid!
  • Strandløve? 5 minutt er tida du treng på å kome deg til den flottaste stranda på Sunnmøre!


Sjølvsagt vil avstand til Hareid sentrum påverke tidsbruk, men Hareid kommune er ein komprimert kommune med berre 10 minutt frå alle ytterkantar og inn til sentrum.

Nesten like nært finn du:

  • Butikkar, kafear, restaurant, helsehus, ferje- og hurtigbåtkai.


Vi må særskilt nemne Hareid sine moglegheiter for fritids- og rekreasjonsaktivitetar. Hareidlandet har eit enormt tal på turstiar, både bratt og slakt, og etter ein tur på ein av desse, kan du ta deg eit sjøbad og ein tur i saunaen midt i sentrum.

Det vert sagt om Hareid at vi ligg «i sentrum på Sunnmøre» og det er vi heilt einige i! Det er nemleg heller ikkje langt til andre sentrum. Ulstein sentrum er 15 minutt unna, Ålesund 25 med hurtigbåt, Moa 40 med ferje og bil, Fosnavåg 40 og Volda og Ørsta 45.

Heilt overkomeleg tidsbruk til kvardags, og ikkje meir enn det mange Oslo-folk brukar for å kome seg til og frå jobb.

Om du vil besøke nemnde Oslo-folk, er det forresten under timen frå døra di på Hareid til gaten både på Ålesund lufthamn og Ørsta-Volda lufthamn.

Det lønner seg å kjøpe nytt!

Når du bygger ein heilt ny bustad får du fleire fordelar som:

  • Ingen har budd der før – bli den første som bur seg inn i bustaden
  • Alt er nytt! Som betyr mindre vedlikehald og null oppussing
  • Sett ditt personlege preg på bustaden gjennom tilval
  • Null stress med bodrundar
  • Spar pengar på ein energieffektiv bustad og låg dokumentavgift
  • 5 års reklamasjonsrett

Om Blink Hus Søre Sunnmøre

Når vi skal hjelpe deg med å bygge husdraumen står dine behov i fokus. Våre tilsette stiller med brei kompetanse, lang erfaring, og ein tydeleg motivasjon for å levere kvalitet over tid. I ei utfordrande og turbulent tid for byggebransjen, står vi fjellstøtt takka vere berekraftig og framoverlent drift gjennom mange år. Vi er difor eit trygt val for våre kundar, både no og i framtida.

Ta kontakt eller meld interesse i dag så held me deg informert på vegen mot din nye bustad.

Beliggenhet

Kart med kartnål6060 Hareid

Annonseinformasjon

FINN-kode382352352
Sist endret28. nov. 2024 07:28

Rapporter annonse

Annonsene kan være mangelfulle i forhold til lovpålagt opplysningsplikt. Før bindende avtale inngås oppfordres interessenter til å innhente komplett informasjon fra meglerforetaket, selger eller utleier.