Bildegalleri

Velkommen til Hundshaug og Kjølsdalen!
Hundshaugvegen
Vi er klare for andre og siste byggetrinn! Sikre deg ei lettvint og flott leilegheit i Kjølsdalen - HUNDSHAUG
Hundshaugvegen, 6776 KjølsdalenPrisantydning fra
2 950 000 kr
Prisantydning til
3 100 000 kr
Prosjektets status
Planlegging
2024
Salgsstart
2025
Byggestart
2025
Overtakelse
2026
Nøkkelinfo
- Boligtype
- Leilighet
- Soverom
- 2
- Internt bruksareal
- 73 - 74 m² (BRA-i)
- Bruksareal
- 73 - 74 m²
- Eieform
- Eier (Selveier)
Enheter i prosjektet
Sorter etter
Beskrivelse
Prosjektet er planlagt med totalt to bygg, fire leilegheitar i kvart bygg, totalt 8 leilegheiter.
Alle leilegheitene får nydeleg utsikt mot fjord og fjellheim frå kjøkken/stove og terrasse!
Det er lagt opp til normalt god standard i leilegheitene.
Parkering er planlagt på felles oppstillingsplass på sameige sin grunn.
Beliggenhet
Det er fin beliggenhet på sørsida av tilkomstvegen og tilkomsten til bygget er svært lett.
Garderobe-fasiliteter
På soverom vert det levert 1m skap per sengeplass. Her er det lagt opp til skap på 210cm med kvite, glatte frontar.
Garasje/parkering
Det medfølgjer parkeringsplass til kvar leilegheit.
For leilegheiter som har fått reservert HC plass, er det viktig å merke seg at styret skal administrere ei byteordning som sikrar at personar med nedsett funksjonsevne får tilgang til ein tilrettelagt plass. Styret
har plikt til å pålegge ein eigar av ein seksjon som eig ein slik HC- plass, og ikkje har behov for denne, å bytte plass med ein som har nedsett funksjonsevne. Det vert forutsett at den som blir funksjonshemma
disponerer parkeringsplass i eigarseksjonssameiget og at denne plassen vert stilt til disposisjon til den som gjennom denne byteretten må gi frå seg plassen sin.
Seljar tek atterhald om retten til å organisere parkering og boder på den måten som han ser som mest hensiktsmessig, til dømes som ein del av sameiget sitt fellesareal med dertil tilhøyrande bruksrettar,
seksjonert som tilleggsareal til den enkelte seksjon eller som særskilt anleggseigedom.
Konstruksjon
Sjå leveransebeskrivinga lenger bak i prospektet for beskriving av byggjemåte.
Med dagens tette bustader og miljøvennlege målingstypar kan det vere fare for heksesot inne i bustadene. Alle bustader bør difor ventilerast godt den første vinteren/å ret, og ein bør vere forsiktig med
gassbruk og levande lys innvendig. I nye bygg vil det normalt oppstå svinnriss, sprekkar i tapet, maling og så vidare ved skøyter og samanføyingar, dels på grunn av uttørking av materialer. Det vert påpeika spesielt at sprekkar i materialovergangar og mellom tak og vegg og i hjørner ikkje kan bli forlanga utbetra, så lenge desse ikkje inneber avvik frå god handverksmessig standard. Seljar kan gjere naudsynte og/e ller mindre hensiktsmessige endringar i spesifikasjonane, til dømes som følgje av offentlegrettslege krav og manglande tilgjengelegheit, så lenge dette ikkje reduserer føresett standard på bustaden. Slike endringar utgjer ikkje ein mangel, og gir ikkje kjøpar rett til prisavslag eller andre sanksjonar.
Teikningar og illustrasjonar i prosjektet og teikningsmaterialet er kun av illustrativ karakter. Ved eventuelt avvik gjeld leveransebeskrivinga framfor prospektet og teikningar. Innkassing av tekniske installasjonar som ikkje går fram av kontraktsteikningane kan førekome. Seljar informerer om at det kan førekome, og kjøpar må akseptere, mindre endringar i forhold til arkitektteikningar og byggjebeskrivingar. Kjøpar pliktar likevel ikkje å akseptere endringar som reduserer verdien av bustaden.
Det kan førekomme avvik mellom byggjespesifikasjon og planteikningar. I slike tilfelle er det alltid byggjespesifikasjon som er retningsgivande. Dersom det er avvik mellom prospekt/i nternettside og leveransespesifikasjon, er det den endelege leveransespesifikasjonen i kontrakten som gjeld. Omfanget av leveransen er avgrensa til denne.
Kjøpar er kjend med at det vil føregå byggjeaktivitet over lenger tid. Dette kan i periodar medføre noko støy og endringar.
Organisasjonsform
Leilegheitene vil bli selde som sjølveigarleilegheiter og organisert som eigarseksjonssameige og følgjer lov om eigarseksjonar. Lova kan ein få ved å ta kontakt med meklar eller ved å gå inn på www.lovdata.no.
Seksjonsnummer vert bestemt i samband med seksjonering. Det er totalt 8 seksjonar i sameiget fordelt på 2 hus.
Kjøpar får skøyte på sin seksjon som inneheld eksklusiv bruks- og disposisjonsrett til eigen bustad. Kvar seksjon vil få ein sameigebrøk tilsvarande sitt areal i forhold til samla areal. Seljar tek atterhald om at seksjoneringa vert godkjent av Stad kommune. Seksjonering kan ta tid som følge av lang sakshandsamingstid hjå kommunen.
Sameiget vil bli leia av eit styre som vert valt mellom eigarane. Dette styret skal ivareta alle saker som er av felles interesse for sameigarane.
Ved kjøp av bustad i dette prosjektet vert kjøpar deleigar i sameiget.
Vidare må sameiget ta stilling til val av forretningsførar når det er etablert.
Den einskilde seksjonseigar heftar for felles ansvar og plikter etter sameigebrøken. Sameiget har legalpant for inntil 2G for dekking av ubetalte felleskostnader, jf eierseksjonlova §§30 og 31. Ingen kan direkte eller indirekte erverve meir enn to bustadseksjonar i eit bustadsameige jf. eigarseksjonslova § 23. Kjøpar er ansvarleg for at kjøpet ikkje er i strid med eigarseksjonslova. Dersom det har funne stad eit erverv som er i strid med reglane i eigarseksjonslova kan Kartverket nekte overskøyting. Dersom overskøyting blir nekta, er kjøpar likevel forplikta til å gjennomføre handelen med seljar og oppgjer til seljar vil finne stad trass i manglande overskøyting. In-blanco skøyte vert ikkje akseptert. Bustadene vert organisert som eit sameige etter Eigarseksjonslova av 16. juni 2017. Det er utarbeidd utkast til vedtekter som regulerer forholdet mellom seksjonane. Kjøpar får tinglyst skøyte på seksjonen sin. Som eigar av ein seksjon blir kjøpar eigar av ein ideell del av tomtearealet og bygningsmasse tilsvarande eigarbrøken. Denne vert berekna ut frå storleiken på bustaden (BRA). Kjøpar har eksklusiv bruks- og disposisjonsrett til eigen bustad, og bruksrett til fellesareala til sameiget.
Betalingsbetingelser
10% ved kontraktsinngåing
30% ved ferdig råbygg.
Resterande ved overlevering.
Seljar pliktar å stille garanti ovanfor kjøpar etter bestemmelsane i buofl. § 12. Garanti etter buofl. § 12 skal stillast umiddelbart etter seljar sin aksept av kjøpar sitt bod. Dersom seljar har teke atterhald om enten a) opning av byggjelån, b) sal av eit bestemt tal bustader eller c) ramme eller igangsettingsløyve, skal garanti stillast straks etter at atterhald er oppfylt og uansett innan byggjearbeida startar. Når det gjeld oppgjeret av resterande kjøpesum er det ein føresetnad at seljar har stilt § 12 garanti.
Seljar pliktar også å stille forskotsgaranti for alle beløp som innbetalast av kjøpar.
Salgsbetingelser og kjøpetilbud
Seljar tek atterhald om retten til å akseptere eller forkaste eitkvart bod/k jøpetilbod på fritt grunnlag. Sal av kontraktsposisjon er berre tillate etter godkjenning frå seljar. Seljar kan utan nærmare grunngjeving nekte ei slik godkjenning. Ervervet vil etter slik godkjenning kunne tinglysast direkte til tredjemann, men seljar vil i høve til oppgjer og kontraktsvilkår elles berre halde seg til kjøpar.
Eventuelle bod må gjevast inn på meklar sitt standard bodskjema som vil bli nytta ved alle sal. Sjå bodskjema.
For bustad som vert seld etter bustadoppføringslova vil seljar stille naudsynte garantiar i samsvar med bustadoppføringslova § 12 og eventuelt § 47. Dersom seljar stiller garanti etter § 47, vil meklar utbetale
kjøpar sine innbetalingar til seljar.
Tomt
Kjøpar er kjend med at utomhusarbeid, avhengig av årstid, vil kunne bli ferdigstilt og overtakingsforretning for desse halde etter at forbrukaren har teke over bustaden.
Seljar kan også gjere mindre endringar på utomhusarealet som følgje av offentlegrettslege krav, så lenge det ikkje forringar verdien og nytten av utomhusarealet.
Den einskilde seksjonseigar disponerer og vedlikeheld utomhusarealet som naturleg ligg til sin seksjon.
Oppvarming
Ventilasjonsagregat med roterande gjenvinning i leilegheitene.
Ventilasjon av trappeløp og boder er ikkje med.
Alle aggregat har eget avsug og kjøkkenventilator som går utanom gjenvinninga
Varmekablar bad og vaskerom
Elles er det basert på elektrisk oppvarming.
Sentrale lover
Kjøpekontraktar som er inngått før ferdigstilling av bygget vert seld etter bustadoppføringslova. For dei leilegheitene/bustadene som vert seld etter ferdigstilling av bygget, vil desse seljast etter avhendingslova.
Bustadoppføringslova vert ikkje lagt til grunn når kjøpar er profesjonell/investor.
Vedtekter
Det er utarbeidd vedtekter for sameiget, desse ligg vedlagt i salsoppgåva. Vedtektene vert gjeldande fram til sameigemøte evt. vedtek endring. For å endre vedtekter er det krav om 2/3 fleirtal.
Adgang til utleie
Det følgjer av eigarseksjonslova § 24 at utleige over kort tid av heile bustadseksjonen i meir enn 90 døgn årleg ikkje er tillate. Med utleige over kort tid meiner ein utleige inntil 30 døgn samanhengande. Grensa på
90 døgn kan fråvikast i vedtektene. Bestemminga gjeld ikkje for fritidsbustader. Ta kontakt med meklar dersom du ønskjer kopi av vedtektene for nærare informasjon om kva vedtak som er fatta i dette
sameiget.
Hvitvaskingsregelverk
Etter lov om kvitvasking og terrorfinansiering pliktar meklar å gjennomføre kundekontroll ved å stadfesteidentiteten til kunden, eventuelt reelle rettigheitshavarar, på bakgrunn av gyldig legitimasjon. Dersom slike kundetiltak ikkje let seg gjennomføre kan meklar ikkje etablere kundeforholdet eller utføre transaksjonen.
På same måte pliktar meklar å gjennomføre kundekontroll på kjøpar.
Meklarføretaket har plikt til å melde ifrå til Økokrim om eigedomstransaksjonar som framstår som mistenkjelege. Slik melding vert sendt utan at partane vert varsla. Meklar kan også i enkelte tilfelle ha plikt
til å stoppe gjennomføringa av handelen.
Diverse
Bustaden vert levert i byggreingjort stand. Kjøpar må pårekne utvask etter overtaking.
Seljar leverer ikkje; kvitevarer, innreiingar, lamper, andre lyskjelder/- utstyr, markiser/solavskjerming, tepper og møblar, dersom dette ikkje går tydeleg fram av denne prosjektbeskrivinga.
Det vert gjort merksamt på at 3D og 2D-teikningar er illustrasjonar og at både uteareal og innvendig areal berre er illustrert og ikkje på nokon måte dannar grunnlaget for avtalen eller er bindande for seljar. Data
som dannar grunnlaget for avtalen er leveransebeskrivinga.
Fremdriftsplan og ferdigstillelse
Bygget er påstarta og fyrste bygget er planlagt ferdig ved påsketider 2025.
2. trinn blir påstarta ved tilstrekkeleg sal av leilegheiter, og 1.trinn er ferdigstilt.
Kjøkken
Det vart kjøkkeninnreiing med kvite frontar frå Espe. Benkeplate i laminat. Av kvitevarer leverast det innbyggingsomn, platetopp, kjøleskap, oppvaskemaskin og vifte. Illustrasjonsteikningar frå leverandør er vedlagt salsoppgåve.
Bad
På baderom og vaskerom er det planlagt Fibo baderomsplater på veggar, på golv er det lagt opp til våtromsbelegg. Av innreiing leverast det golvståande toalett, dusjveggar med foldedør (90x90) og baderomsinnreiing (120cm). Det vert elektriske varmekablar på bad og vaskerom
Andre oppholdsrom
I opphaldsrom er det planlagt mdf-plater på veggar. Det vert lagt ferdigmalte takplater med skyggelist i tak og eikelaminat på golv i kjøkken, stove, soverom og entré
Ventilasjon
Ventilasjonsaggregat med roterande gjenvinning.
Alle aggregat har eige avsug og kjøkkenventilator som går utanom gjennvininga.
Nyttige lenker
Nærområdet
EiendomsMegler 1 Sogn og Fjordane
Annonseinformasjon
FINN-kode | 390198343 |
---|---|
Sist endret | 29. jan. 2025 09:34 |
Referanse | 6000245001 |
Annonsene kan være mangelfulle i forhold til lovpålagt opplysningsplikt. Før bindende avtale inngås oppfordres interessenter til å innhente komplett informasjon fra meglerforetaket, selger eller utleier.