Bildegalleri
Einebustad i Klukkargrende
Solgt! Fleire hus i Klukkargrende kjem i 2025 | Arkitektteikna bustad med panoramautsyn på stor naturtomt
Klukkargardsvegen 69, 2975 Vang i ValdresPris på lån: fra 26 156 kr/mnd
Lånekalkulator fra 26 156 kr/mndEff.rente 6,00 %. 4 123 000 o/25 år. Kostnad: 3 723 800 kr. Totalt 7 846 800 kr.
LånekalkulatorEff. rente 12.73%. Eksempel: 130 000 kr over 5 år. Kostnad 43 382 kr. Totalt 173 382 kr.
Prosjektets status
Planlegging
Klart for sal
Salgsstart
Klart for sal
Byggestart
Sumar/haust 2024
Overtakelse
Vår/sumar 2025
Nøkkelinfo
- Boligtype
- Enebolig
- Eieform
- Eier (Selveier)
- Soverom
- 3
- Antall etasjer
- 1
- Bruksareal
- 130 m²
- Utendørsareal
- 2087 m²
Fasiliteter
Beskrivelse
Bu tett på naturen i Klukkargrende
Klukkargrende er eit nytt bustadområde ved Vang sentrum, som no blir utvikla med 8 nøkkelferdige bustader for fjellfolk som ynskjer seg moderne husvære tett på naturen. Prosjektet blir utvikla av to småbarnsfamilier frå bygda som sjølve buset seg i området, i tett samarbeid med dyktige fagfolk.
Klukkargrende ligg på ein sørvestvendt kolle midt i kulturlandskapet i fjellbygda Vang, med storslått utsyn og bygdas beste soltilhøve.
I tillegg til bustadtomtene blir det også etablert fellesareal med parsellhagar, leikeplass, samt anna felles infrastruktur, som alle i feltet har eigarskap og bruksrett til.
Om tomta
Dette huset blir oppført på tomt nummer 2 i Klukkargrende, ei romsleg tomt på ca 2 mål med adkomst på oppsida av tomta. Tomta vender seg mot sørvest, og har fantastisk utsyn mot fjella Grindadn og Bergsfjellet, samt Vangsmjøse og Vang sentrum. Soltilhøva er svært gode på tomta.
Ved kjøp av tomta inngår også 1/8 ideell eigardel i Klukkargrende sitt fellesareal.
Det er etablert veg og framført kommunalt vatn og avløp, samt fiber og straum, til tomtegrensa.
Beliggenheit og adkomst
Klukkargrende ligg ope og fritt til, men likevel sentralt i bygda. Herfrå er vegen kort til skule og barnehage, samt butikk, bank og andre sentrumsfunksjonar – som alt befinn seg innanfor ein avstand på 2 kilometer.
Vegen er også svært kort til store fjellopplevingar, anten du tek beina fatt frå dørhella heime, eller vil oppsøke storfjella i Jotunheimen – som ligg ein kort kjøretur unna.
Adkomst til Klukkargrende er frå Klukkargardsvegen, som ein kjem til frå E16 via Syndinvegen eller Burmavegen aust for Vang sentrum.
Kort om bustaden
- Bustaden er på 130 m2 (kan oppgraderast til 150 m2), og er teikna av arkitekt Marius Waagaard.
- Huset blir plassbygd av Vang Bygg AS, som er vår hovudentreprenør.
- Kjøpar kan velje ulike tilleggspakker/oppgraderingar til huset iht. oversikt nedanfor, samt påvirke utvalde materialval før endeleg tilbod på hus og kontrakt om oppføring blir inngått.
Utførelse
Utvendige overflater:
- Hovudbygg: NORD-kledning (impregnert, vedlikeholdsfri kledning av gran)
- Mellombygg og nisjer: Impregnert kledning av furu
- Hovudtak: Plannja Trend (stål)
- Tak på mellombygg: Topsafe takpapp
Vindauge
- 3-lags vindauge med 2 energiflater, produsert av Fjordglas i Luster
Innvendige overflater:
- Veggflater og himling, primær: Glattkant furupanel frå Moelven, kvitlasert
- Veggflater og himling, sekundær: Gips, måla i valfri NCS-farge
Gulv i opphaldsrom og soverom
- Opus 1-stavs laminat, kvitpigmentert*
- La Fenice Core Taupe 60x60 fliser i entré
Dører
- Ytterdør og terrassedør frå Bindalsbruket og Fjordglas, dempa sort.
- Innerdører: Opus Prima, dempa sort.
- Skyvedør: 1 skyvedør i dempa sort ved inngang til soveromsdel er inkludert. Ekstra skyvedør til stove kan veljast som tillegg.
Baderom/vaskerom
- Flis på vegg (kun bad) og gulv: La Fenice Core Taupe 60x60
- Baderomsinnredning «Frida» i valfri farge*
- Vegghengte klosett på begge rom
- Rett dusjhjørne med glasvegg/dør, og termostat/dusjsett i krom*
Kjøkken
- Tilbodet inkluderer kjøkeninnredning til ein verdi av kr 200 000, produsert på mål av lokal møbelsnekker.
- Endeleg kjøkenløysing blir utforma i samråd med kjøpar før inngåing av kjøpekontrakt.
Ventilasjon og varme
- Balansert ventilasjonsanlegg frå Flexit
- Huset blir oppført med varmekablar i alle flislagte rom (entré, baderom og vaskerom), og elektrisk fyring med panelovner (Nobø top) i andre rom*
- Peisovn i stue: Opus Ignis med stålpipe*
Belysning
- Huset blir oppført med LED-lamper frå SG i alle rom utanom i stue-/kjøkkendel (kan oppgraderast til andre lampetyper eller downlights), samt utvendig LED-belysning frå SG ved inngangsparti og terrasse.
- I stue- og kjøkkendel blir det klargjort punkt for belysning, og lagt opp til at kjøpar sjølv vel lamper etter eige ynskje og rekning. Lamper eller downlights til denne delen av huset kan inkluderast i tilbod på førespurnad.
Anna elektrisk og VVS
- Bustaden blir oppført med el-punkt iht. gjeldande krav og normer. Oppgradering er mogleg på val av stikkontakter og brytarar (t.d. om ein ynskjer kontakter og brytarar i andre farger e.l.)
- Bustaden blir oppført med seriekopla røykdetektorar.
- Bustaden blir klargjort for enkel tilkopling for el- billader og solcelleanlegg.
- Bustaden blir oppført med 200 liters varmtvannsbereder frå OSO.
- Huset blir tilkopla kommunalt vann- og avløpsnett. Tilkoplingsgebyr er inkludert i prisen.
Denne oversikta syner dei primære materialvala og spesifikasjonane for huset. Ved avtale om kjøp blir alle materialval gjennomgått i detalj med kjøpar før endeleg oversikt og kjøpekontrakt blir inngått.
Som følge av den utfordrande pris- og leveringssituasjonen på byggematerialer tek vi atterhald om materialval fram til endeleg kontrakt blir inngått. Eventuelle endringar av materialval blir avklara med kjøpar fortløpande.
*Oppgraderingar
Du som kjøper huset kan velje mellom ulike tilval/oppgraderingar, blant anna:
- Garasje
- Terrasse/Pergola
- Oppgradert el-pakke (downlights, svarte kontakter/brytarar m.m.)
- Vassbåren varme med el-kjele eller bergvarme
- Solcellepanel på soveromsfløy
- Ladepunkt for el-bil
- Oppgradert peisovn
- Oppgradert gulv
- Oppgradert innredning på kjøken, vaskerom, baderom, garderobe og/eller entré
Diverse
Rett plass, men feil tomt/hus?
Fortvil ikkje, vi har fleire ledige tomter i Klukkargrende - som passar for ulike hustypar. Ta kontakt for synfaring!
Bustadtilskot
Prisen føreset kommunalt bustadtilskot frå Vang kommune. Dette er ei tilskotsordning som gjev kr 250 000 i tilskot til oppføring av nye einebustader. Dersom du er under 35 år kan du få ytterlegare 100 000 i tilskot, som kjem til fråtrekk på oppgjeven pris.
Atterhald
Dette prospektet er ikkje bindande for den detaljerte utforming av huset og tomta. Opplysningane er gjevne med atterhald om at utbyggjar kan foreta mindre endringar i det omfang dette skulle vera naudsynt.
Bileta i annonsen er frå oppført hus der kunden har valgt fleire oppgraderingar.
Vi tek atterhald om feil i annonsen.
Prisane i denne annonsen er basert på prisar per 1.03.24.
Beliggenhet
Klukkargarden Utvikling AS
Annonsene kan være mangelfulle i forhold til lovpålagt opplysningsplikt. Før bindende avtale inngås oppfordres interessenter til å innhente komplett informasjon fra meglerforetaket, selger eller utleier.