Bildegalleri
Prosjekterte einebustader for sal! (Tomt 3 og tomt 2)
Byggjeklare tomter! Nøkkelferdig på under 1 år!
Tørvikbygdvegen 353, 5620 TørvikbygdPris på lån: fra 17 961 kr/mnd
Lånekalkulator fra 17 961 kr/mndEff.rente 6,26 %. 2 765 000 o/25 år. Kostnad: 2 623 300 kr. Totalt 5 388 300 kr.
LånekalkulatorEff. rente 12.73%. Eksempel: 130 000 kr over 5 år. Kostnad 43 382 kr. Totalt 173 382 kr.
Prosjektets status
Planlegging
2023
Salgsstart
Desember 2023
Byggestart
Etter avtale
Overtakelse
Estimert 9 mnd byggjetid
Nøkkelinfo
- Boligtype
- Enebolig
- Eieform
- Eier (Selveier)
- Soverom
- 3
- Energimerking
- C
- Primærrom
- 107 m²
- Bruksareal
- 121 m²
Fasiliteter
Visning
Ta kontakt for å avtale visning.Beskrivelse
NYE BYGGJEKLARE PROSJEKTERTE einebustader for sal i eit nyetablert bustadfelt på Lund i Tørvikbygd.
Feltet framstår som særs attraktivt for barnefamiliar, med gode leikeareal i umiddelbar nærleik, og Tørvikbygd barnehage som næraste nabo. Berre 15 minuttars kjøretur frå Norheimsund. Området byr også på gode turmoglegheiter.
Bustadane har alle hovudfunksjonar på eitt plan, samt eige loftsplan med soverom, loftstove og WC.
2 alternative planløysninger.
Alternativ 1 ( 2 soverom) - Alternativ 2 (3 soverom)
Mindre endringer på planløysing kan endres etter eigne ynskjer, fram til kontraktsignering.
Ferdigstilling etter avtale.
*****************************************************************
Generelt
Plan- og bygningslova med gjeldande tekniske forskrifter (TEK17) ligg til grunn for leveranse.
I all hovudsak er det nytta preaksepterte løysingar frå Sintef Byggforsk.
Elektriske anlegg er prosjektert iht. gjeldande reglar og forskrift NEK400-2018.
Grunn-, utomhus- og betongarbeider
Bygget er i hovudsak fundamentert på sprengsteinsfyll
Køyrevegar og tun har grusa overflate.
Grøne areal rundt bustadane består av grasareal i form av grasbakke og ikkje som parkmessig plen, og dels som naturtomt.
Betongarbeid i prosjektet er utført med låge ringmurar av isolerte ringmurselement (eller tilsvarande ringmur).
Golv på grunn i underetasje på bustaden. Golv i isolerte rom har golvisolasjon ihht energiberekning. ing.
Overflater
Veggar og himling har malte gipsplater, listfri overgang mellom himling og vegg, samt mot vindauger. På baderom og vaskerom er det baderomsplater på veggar.
På golva er det 1-stavs eikeparket, kvitpigmentert. På våtrom gulvbelegg. Golv i carport har ubehandla betong.
Kjøkken
Kjøken frå anerkjent leverandør som Sigdal eller tilsvarande. Integrerte kvitevarer kjøl/ frys, komfyr, platetopp, ventilator, micro og oppvaskmaskin.
Eldstad
Jøtul F-162 og glassplate under. Svart isolert stålpipe.
Elektro
Jordelektrode, utjamningsjordingar, tilknytningsskap, fordelingsskap sterk-/svakstr., ringeanleggknapp, klokke, trafo, framlegg for ventanlegg.
Røykvarslarar er seriekobla med nettilkobling og batteribackup.
Installasjon og antal elektriske punkter etter NEK400:2018
Varmekabler: Alle rom i hovudetasje unntatt soverom og boder.
Fiber
Det er installert fiberskap med straum og forgreining til fiberuttak i huset. Fiber er levert til tomtegrense med trekkerøyr inn til fiberskap. Kjøpar velger sjølv fiberleverandør som sørger for fiber fram til fiberskap.
Sanitæranlegg
Spillvannsledningar i grunnen er lagt som PP Plast.
Innvendige spillvannsledningar er levert som PP Plast
Sanitærutstyr og armatur frå anerkjende leverandørar.
Fordelingsledningar for forbruksvatn er lagt som MT alupex.
Skjulte vannledningar er lagt som røyr i røyr og synlege som forkromma.
På alle hovedkursar og opplegg er det montert avstengingsventilar.
Ved vanninntaket for forbruksvatn er det montert stoppeventil m/ vannmålar og aut. vannstopp.
Varmt forbruksvatn via varmtvannsberedar, 200 liter/2 kW.
Opplegg for vaskemaskin på vaskerom.
Frostfri utekran.
Røyr-i-røyr fordelarskåp.
Automatisk vannstopp.
Ventilasjon
Det er montert komplett balansert varmegjenvinningssystem. Avtrekk kjøkken, bod og baderom. Tilluft til stove og alle soverom.
Aggregat er plassert i knevegg på hems. Inntak og avkast via rist i yttervegg. Alle kanalar er montert skjult i bjelkelag så langt det har lat seg gjere.
Kjøkkenavtrekk vert ført ut separat.
***************************************************************
Ta kontakt med oss for å avtale individuell tomtevisning.
Prosjektet gjennomføres som EET prosjekt (Einebustad på eige tomt). Det betyr at heimel for eigedomen blir overført kjøpar før byggjestart, og betaling av kjøpesum skjer gjennom 6 avdrag gjennom byggjetida. Fyrste avdrag vil gjelda tomtekjøpet og er regulert gjennom eigen kontrakt. Oppføring av bustad er regulert gjennom Bustadoppføringslova, med kontrakt mot Utvi AS.
Beliggenhet
Annonsene kan være mangelfulle i forhold til lovpålagt opplysningsplikt. Før bindende avtale inngås oppfordres interessenter til å innhente komplett informasjon fra meglerforetaket, selger eller utleier.