Bildegalleri

Einebustad i Klukkargrende

Arkitektteikna bustad med panoramautsyn på stor naturtomt

Kart med kartnålKlukkargardsvegen 69, 2975 Vang i Valdres
Prisantydning5 890 000 kr
Totalpris
5 920 467 kr
Omkostninger
30 467 kr
Felleskost/mnd.
650 kr
  • Planlegging

    Klart for sal

  • Salgsstart

    Klart for sal

  • Byggestart

    Sumar/haust 2024

  • Overtakelse

    Vår/sumar 2025

Nøkkelinfo

Boligtype
Enebolig
Eieform
Eier (Selveier)
Soverom
3
Antall etasjer
1
Bruksareal
130 m²
Utendørsareal
2087 m²

Les mer om bruksareal her

Fasiliteter

Balkong/Terrasse
Ingen gjenboere
Offentlig vann/kloakk
Utsikt
Barnevennlig
Kabel-TV
Balansert ventilasjon
Bredbåndstilknytning
Lademulighet
Peis/Ildsted
Turterreng

Visning

Ta kontakt for å avtale visning.

Beskrivelse

Bu tett på naturen i Klukkargrende

Klukkargrende er eit nytt bustadområde ved Vang sentrum, som no blir utvikla med 8 nøkkelferdige bustader for fjellfolk som ynskjer seg moderne husvære tett på naturen. Prosjektet blir utvikla av to småbarnsfamilier frå bygda som sjølve buset seg i området, i tett samarbeid med dyktige fagfolk.

Klukkargrende ligg på ein sørvestvendt kolle midt i kulturlandskapet i fjellbygda Vang, med storslått utsyn og bygdas beste soltilhøve.

I tillegg til bustadtomtene blir det også etablert fellesareal med parsellhagar, leikeplass, samt anna felles infrastruktur, som alle i feltet har eigarskap og bruksrett til.

Om tomta

Dette huset blir oppført på tomt nummer 2 i Klukkargrende, ei romsleg tomt på ca 2 mål med adkomst på oppsida av tomta. Tomta vender seg mot sørvest, og har fantastisk utsyn mot fjella Grindadn og Bergsfjellet, samt Vangsmjøse og Vang sentrum. Soltilhøva er svært gode på tomta.

Ved kjøp av tomta inngår også 1/8 ideell eigardel i Klukkargrende sitt fellesareal.

Det er etablert veg og framført kommunalt vatn og avløp, samt fiber og straum, til tomtegrensa.

Beliggenheit og adkomst

Klukkargrende ligg ope og fritt til, men likevel sentralt i bygda. Herfrå er vegen kort til skule og barnehage, samt butikk, bank og andre sentrumsfunksjonar – som alt befinn seg innanfor ein avstand på 2 kilometer.

Vegen er også svært kort til store fjellopplevingar, anten du tek beina fatt frå dørhella heime, eller vil oppsøke storfjella i Jotunheimen – som ligg ein kort kjøretur unna.

Adkomst til Klukkargrende er frå Klukkargardsvegen, som ein kjem til frå E16 via Syndinvegen eller Burmavegen aust for Vang sentrum.

Kort om bustaden

  • Bustaden er på 130 m2 (kan oppgraderast til 150 m2), og er teikna av arkitekt Marius Waagaard.
  • Huset blir plassbygd av Vang Bygg AS, som er vår hovudentreprenør.
  • Kjøpar kan velje ulike tilleggspakker/oppgraderingar til huset iht. oversikt nedanfor, samt påvirke utvalde materialval før endeleg tilbod på hus og kontrakt om oppføring blir inngått.

Utførelse

Utvendige overflater:

  • Hovudbygg: NORD-kledning (impregnert, vedlikeholdsfri kledning av gran)
  • Mellombygg og nisjer: Impregnert kledning av furu
  • Hovudtak: Plannja Trend (stål)
  • Tak på mellombygg: Topsafe takpapp


Vindauge

  • 3-lags vindauge med 2 energiflater, produsert av Fjordglas i Luster


Innvendige overflater:

  • Veggflater og himling, primær: Glattkant furupanel frå Moelven, kvitlasert
  • Veggflater og himling, sekundær: Gips, måla i valfri NCS-farge


Gulv i opphaldsrom og soverom

  • Opus 1-stavs laminat, kvitpigmentert*
  • La Fenice Core Taupe 60x60 fliser i entré


Dører

  • Ytterdør og terrassedør frå Bindalsbruket og Fjordglas, dempa sort.
  • Innerdører: Opus Prima, dempa sort.
  • Skyvedør: 1 skyvedør i dempa sort ved inngang til soveromsdel er inkludert. Ekstra skyvedør til stove kan veljast som tillegg.


Baderom/vaskerom

  • Flis på vegg (kun bad) og gulv: La Fenice Core Taupe 60x60
  • Baderomsinnredning «Frida» i valfri farge*
  • Vegghengte klosett på begge rom
  • Rett dusjhjørne med glasvegg/dør, og termostat/dusjsett i krom*


Kjøkken

  • Tilbodet inkluderer kjøkeninnredning til ein verdi av kr 200 000, produsert på mål av lokal møbelsnekker.
  • Endeleg kjøkenløysing blir utforma i samråd med kjøpar før inngåing av kjøpekontrakt.


Ventilasjon og varme

  • Balansert ventilasjonsanlegg frå Flexit
  • Huset blir oppført med varmekablar i alle flislagte rom (entré, baderom og vaskerom), og elektrisk fyring med panelovner (Nobø top) i andre rom*
  • Peisovn i stue: Opus Ignis med stålpipe*


Belysning

  • Huset blir oppført med LED-lamper frå SG i alle rom utanom i stue-/kjøkkendel (kan oppgraderast til andre lampetyper eller downlights), samt utvendig LED-belysning frå SG ved inngangsparti og terrasse.
  • I stue- og kjøkkendel blir det klargjort punkt for belysning, og lagt opp til at kjøpar sjølv vel lamper etter eige ynskje og rekning. Lamper eller downlights til denne delen av huset kan inkluderast i tilbod på førespurnad.


Anna elektrisk og VVS

  • Bustaden blir oppført med el-punkt iht. gjeldande krav og normer. Oppgradering er mogleg på val av stikkontakter og brytarar (t.d. om ein ynskjer kontakter og brytarar i andre farger e.l.)
  • Bustaden blir oppført med seriekopla røykdetektorar.
  • Bustaden blir klargjort for enkel tilkopling for el- billader og solcelleanlegg.
  • Bustaden blir oppført med 200 liters varmtvannsbereder frå OSO.
  • Huset blir tilkopla kommunalt vann- og avløpsnett. Tilkoplingsgebyr er inkludert i prisen.


Denne oversikta syner dei primære materialvala og spesifikasjonane for huset. Ved avtale om kjøp blir alle materialval gjennomgått i detalj med kjøpar før endeleg oversikt og kjøpekontrakt blir inngått.

Som følge av den utfordrande pris- og leveringssituasjonen på byggematerialer tek vi atterhald om materialval fram til endeleg kontrakt blir inngått. Eventuelle endringar av materialval blir avklara med kjøpar fortløpande.

*Oppgraderingar
Du som kjøper huset kan velje mellom ulike tilval/oppgraderingar, blant anna:

  • Garasje
  • Terrasse/Pergola
  • Oppgradert el-pakke (downlights, svarte kontakter/brytarar m.m.)
  • Vassbåren varme med el-kjele eller bergvarme
  • Solcellepanel på soveromsfløy
  • Ladepunkt for el-bil
  • Oppgradert peisovn
  • Oppgradert gulv
  • Oppgradert innredning på kjøken, vaskerom, baderom, garderobe og/eller entré

Diverse

Rett plass, men feil tomt/hus?
Fortvil ikkje, vi har fleire ledige tomter i Klukkargrende - som passar for ulike hustypar. Ta kontakt for synfaring!

Bustadtilskot
Prisen føreset kommunalt bustadtilskot frå Vang kommune. Dette er ei tilskotsordning som gjev kr 250 000 i tilskot til oppføring av nye einebustader. Dersom du er under 35 år kan du få ytterlegare 100 000 i tilskot, som kjem til fråtrekk på oppgjeven pris.

Atterhald
Dette prospektet er ikkje bindande for den detaljerte utforming av huset og tomta. Opplysningane er gjevne med atterhald om at utbyggjar kan foreta mindre endringar i det omfang dette skulle vera naudsynt.

Bileta i annonsen er frå oppført hus der kunden har valgt fleire oppgraderingar.

Vi tek atterhald om feil i annonsen.

Prisane i denne annonsen er basert på prisar per 1.03.24.

Beliggenhet

kart

Annonseinformasjon

FINN-kode344182004
Sist endret14. apr. 2024 14:53

Rapporter annonse

Annonsene kan være mangelfulle i forhold til lovpålagt opplysningsplikt. Før bindende avtale inngås oppfordres interessenter til å innhente komplett informasjon fra meglerforetaket, selger eller utleier.