Bildegalleri
Isakmarka 43, 45 og 47
Store praktiske bustadar med fire soverom og carport med integrert sportsbod
Isakmarka 43, 45 og 47, 6060 HareidPris på lån: fra 20 428 kr/mnd
Lånekalkulator fra 20 428 kr/mndEff.rente 6,37 %. 3 115 000 o/25 år. Kostnad: 3 013 400 kr. Totalt 6 128 400 kr.
LånekalkulatorEff. rente 12.73%. Eksempel: 130 000 kr over 5 år. Kostnad 43 382 kr. Totalt 173 382 kr.
Kort om prosjektet
Moderne og romslege bustadar i rekke med fire soverom. Bustaden vert levert nøkkelferdig etter utbyggar sin standard. Bustadene har store terrasse på 17/21m² og tilhøyrande carport med sportsbod i Hareid sentrum. Flat tomt med hage. Det blir levert med markise over stovevindauga.
Prosjektets status
Planlegging
Prosjektet er klart for salsstart
Salgsstart
4 kvartal i 2022
Byggestart
Når ein seksjon er seld
Overtakelse
Avhengig av sal, men i slutten av 2024
Nøkkelinfo
- Boligtype
- Rekkehus
- Etasje
- 2
- Soverom
- 5
- Rom
- 5
- Bruksareal
- 125 m²
- Eksternt bruksareal
- 5 m² (BRA-e)
- Energimerking
- B - Oransje
Fasiliteter
Visning
Ta kontakt for å avtale visning.Beskrivelse
Ferdigstilling:
Bustaden vert levert i tråd med TEK. 2017. Bustadene vert levert etter vårt nøkkelferdige konsept. Det som ikkje er inkludert er ned vask, kvite- og brunevarar og belysning. Ved overtaking kan du berre vaske ned bustaden og flytte rett inn.
Utvendig overflate:
Utvendig bordkledning vert levert med eit strøk grunningsfarge. På taket vert det levert takpapp. Balkong/terrassebord består av trykkimpregnerte materiale.
Innreiing/måling:
Bustaden vert levert med kvite tak- og veggplater. På veggane er det Huntonit 3 bords plater, og Huntonit kvite takplater. Dører, vindauge, listverk og fôringar til vindauga er kvite. Veggar og golv på bad er flislagde med varmekablar i golvet. På innvendig bod vert det lagt fliser på golv. I soverom, gang, stove og kjøken vert det lagt høgtrykkslaminat, Elegant Eik Natur. Innvendig bod vert det lagt flis på golv. Bustaden vert levert med vedomn og stålpipe.
Kjøkken, bad og garderobe innreiing:
Kjøken er av type Nordsjø Riga Eik grå. Baderomsinnreiing av type Nordsjø Riga Eik, grå. I Riga serien på kjøken og bad kan du velje mellom Kvit, Eik natur, Eik svart og Eik grå. På vårt bilde i prospektet viser vi; Eik Natur og Eik svart på kjøken, og Eik Sort på Bad. Dersom du er ute tidleg såa kan du kan du velje mellom fleire frontar på kjøken og bad. På badet er der ein 120 cm seksjon med to skuffer, og med spegel med integrerte lys. Garderobeskap leverer vi med eitt garderobeskap til kvar sengeplass. Alt blir levert og montert i h.h.t teikning.
Røyrleggar- / sanitærarbeid:
Anlegget vert levert komplett, og omfattar blant anna varmtvasstank (200L), avløp og uttak for vaskemaskin og oppvaskmaskin, eitt greps blandebatteri, dusjbatteri med dusjsett til bad, i h.h.t teikning. Det vert levert ei utekranar per bustad.
Ventilasjon:
God ventilasjon er avgjerande for eit godt inne miljø. Derfor vert bustaden levert med balansert ventilasjon med varmegjenvinnar.
Elektriske installasjonar:
Elektrisk anlegg er utført etter gjeldande forskrifter som sikrar nok elektriske punkt. Sikringsskap med automatsikringar, jordfeilbrytar.
Uteplass:
Leilegheitene vil få terrasse mot sør-vest. Terrassen er på ca. 21 m². Uteområdet vert levert maskinplanert og ein må rekne med å plukke stein, rake, så plen og plante sjølv.
For meir detaljer sjå leveringsskildring.
NØKKELFERDIG
Bustadane vert leverte nøkkelferdige. Dersom du skal ha ein standard leveranse, så slepp du å gjere nokon form for eigeninnsats. Husværet er så ferdig at du kan flytte rett inn. De treng berre å vaske ned før du flytter inn.
I vår standardleveranse leverer vi ikkje: kvitevarer til kjøkenet, vaskemaskin, frysar, lampar, spottar, møblar, dusjkabinett eller dusjveggar.
Kjem du tidleg inn i byggeprosessen, så kan du sjølvsagt gjere dei endringane du ynskjer slik at bustaden vert tilpassa ditt ynskje. Vi har ein god standardleveranse til ein fordelaktig pris.
Du får ein fast pris med oss. Skulle prisane på materialar stige så vil du ikkje få noko prisauke, og kanskje det beste er at om du ikkje gjer endringar så betaler du bustaden først den dagen du tek over bustaden! Gjer du endringar med nokon av våra sine underleverandørar så kan det vere at du må betale for dei endringane når leverandøren har levert varene i din bustad.
Beliggenhet
Mesterhus - Tømrer Prosjekt AS
Annonsene kan være mangelfulle i forhold til lovpålagt opplysningsplikt. Før bindende avtale inngås oppfordres interessenter til å innhente komplett informasjon fra meglerforetaket, selger eller utleier.