Bildegalleri
Moderne einebustader med flott sjøutsikt og eigen båtplass
Nordre Instetunet
Nordre Instetunet 20-34., 6908 FlorøPris på lån: fra 20 406 kr/mnd
Lånekalkulator fra 20 406 kr/mndEff.rente 6,25 %. 3 143 000 o/25 år. Kostnad: 2 978 800 kr. Totalt 6 121 800 kr.
LånekalkulatorEff. rente 12.73%. Eksempel: 130 000 kr over 5 år. Kostnad 43 382 kr. Totalt 173 382 kr.
Kort om prosjektet
Moderne einebustader i rekke med fjordutsikt og eigen båtplass, ligg lunt til på Solheim i Florø. Tett på fjord og fjell! 3 av 8 boliger innflyttet.
Prosjektets status
Planlegging
Grunnarbeidet har starta.
Salgsstart
Prosjektet er klart for salgsstart.
Byggestart
Planlagt 1. kvartal 2023.
Overtakelse
Overtakelse 3 mån. etter kontrakt
Nøkkelinfo
- Boligtype
- Enebolig
- Etasje
- 2
- Soverom
- 3
- Bruksareal
- 118 m²
- Balkong/Terrasse
- 15 m² (TBA)
Fasiliteter
Visning
Ta kontakt for å avtale visning.Beskrivelse
Kåra til eit av dei tre beste småhusprosjekta i Norge.
Lunt og sjønært, med sjøutsikt og båtplass
Nordre Instetunet er eit nytt og spennande bustadprosjekt med einebustad i rekke inkludert båtplass, på Solheim i Florø.
Nordre Instetunet byr på:
- Moderne hus i funkis-stil
- Eigen båtplass i Instetunet småbåthamn
- Unik sjanse for eige naust
- Sørvendte bustader med flott utsikt mot Solheimsfjorden
- Store vindusflater gir lyse og trivelege buforhold
- Kort veg til populært turområde
- Kort veg til badeplass
Fjord og sol
Bustadane ligg solrikt og lunt, med fantastisk utsikt ved Brandsøyvegen. Nyt sola og den flotte utsikten over Solheimsfjorden frå din eigen sørvendte terrasse.
Her er gode moglegheiter fiske og bading i fjorden. Instetunet har felles strandlinje som grensar til eit grøntområde avsett til badeplass med fin, kvit sandbotn. Svaberg langs fjæra innbyr til late dagar med piknik, soling og avslapping. Området er barnevennleg, med flotte friområde som lokkar til leik. Det er kort veg til nyoppussa skule og barnehage. Gangavstand til busstopp.
Ut på tur
Florøfolk sitt mest populære tur- og rekreasjonsområde – Brandsøyåsen – kjent for si flotte utsikt over Florø by og storhavet i vest, ligg like ved. Om du føretrekk ein trimtur eller ein skogstur med familien så finns det eit mylder av fine turstiar rett utanfor huset.
Eigen båtplass inkludert
Inkludert i huskjøpet på Norde Instetunet følgjer det eigen båtplass i småbåthamna. Her kan ein også kjøpe seg naustplass i tillegg. Å rusle ned til eigen båtplass for ein båttur med familien eller ein kajakk- eller SUP-tur etter jobb, er ikkje lenger berre ein draum. Alt ligg til rette for å nyte både sjøen og strandlinja rett ved stovedøra.
FAKTA
- Tal etasjar: 2
- Bustadtype: Einebustad i rekke, inkl. båtplass
- Eigarform: Sjølveigar
- Parkering: Asfaltert oppstillingsplass + carport
- Ferdigstilling: desember 2023
- Primærareal over to etasjar: 98 m2
- Carport og sportsbod: 20 m2
- Totalt BRA: 118 m2
- Altan 15 m2
- Båtplass 3 x 6 m
Nyttige lenker
Beliggenhet
Mesterhus - Fanevik Bygg AS
Annonsene kan være mangelfulle i forhold til lovpålagt opplysningsplikt. Før bindende avtale inngås oppfordres interessenter til å innhente komplett informasjon fra meglerforetaket, selger eller utleier.