Bildegalleri

Tilsvarende løsning i lys utforming.

BO RIMELIGARE I HUSBANKFINANSIERT OG NY EINEBUSTAD

Fire smakfulle einebustadar med moglegheit for husbankfinansiering sentralt beliggende på Giske.

Kart med kartnålStornilsvegen, 6052 Giske
Prisantydning5 495 000 kr
Totalpris
5 533 110 kr
Omkostninger
38 110 kr
  • Planlegging

    -

  • Salgsstart

    -

  • Byggestart

    -

  • Overtakelse

    -

Nøkkelinfo

Boligtype
Enebolig
Soverom
2
Primærrom
150 m²
Bruksareal
150 m²

Les mer om bruksareal her

Visning

Ta kontakt for å avtale visning.Visningspåmelding

Beskrivelse

Kort om prosjektet

Meir effektiv produksjon og skjerpa konkurranse i ein pressa marknad gir lavare byggekostnadar. I tillegg er utforminga av loftsetasja forenkla. Vi reduserer no prisen med kr 500 000 på alle husa.
I ein kvardag med generelt auka levekostnader og dyre lån har vi valt å la denne kostnadsreduksjonen kome potensielle kundar tilgode.

For familier med tidsklemme i ein travel kvardag vil ein kunne prioritere fritida etter innflytting på anna enn eigeninnsats- og opparbeiding av uteområde. Vi overleverer husa ferdig nedvaska og klar til innflytting, Utvendig er carport bygd, trafikkareala asfaltert og plenen er ferdig forberedt og klar til såing.

Vi har kort byggetid. Vi reknar maksimum 6 månader fra igangsettingsløyve til overlevering.

Alle husa våre vert bygd i samsvar med Husbanken sine krav til husbankfinansiering som livslaupsbustad.
Første etasje har trinnfri tilkomst. Der er opa stue/ kjøkkenløysing, bad, bod og 2 soverom. Loftet er som standard ei stor loftstue. Den kan enkelt delast inn med fleire soverom og eige bad.

Med dagens renter kan finansiering i Husbanken for desse bustadane utgjere ein skilnad i rentekostnad på meir enn 4000 kr i månaden. I tillegg kan kjøperar som ikkje har nødvendig eigenkapital søke kommunen om startlån.

Beliggenhet

Dette er bustaden som passar for alle! Her kan du flytte rett inn og nyte livet på Storhornet, Nestun eller i ei bølgje på Alnes.

Her har du utrulege friluftsmoglegheiter og det siste i rekkja er Giske IL sitt fabelaktige påfunn på Gjerdesanden med Stand Up Padleboard, Mega SUP og mellom anna utleige våtdrakter. Er du driven kan bølgjene på fantastiske Alnes freiste og liker du deg best i lufta er det nok av folk som driv med flygeaktivitetar frå Storhornet.

Apropos Storhornet så er jo det heilt glimrande å forsere. Her har du endelause høve til å la deg begeistre av den storslåtte naturen vår. Her kan du gå opp frå barneskulen til Storhornet, du kan like fint gå frå Alnes og kanskje kan den bratte vegen frå Gjuv by på utfordringar? Har du først nådd toppen er det dermed ikkje sagt at nedfarten er kjedeleg. Inkluder Rantane på runden, løp langs dei flotte steinane langs vatnet og test høgdeskrekken hos Johan Skytt.

Skular og barnehage er her og oppvekstmiljøet blir rekna som svært godt kor der er leikeplass, flombelyst ballbinge, barnehage og kulturhus. Her kan du la barna gå på besøk til klassekameratane utan bekymringar. Ungdomsskule og vidaregåande skule finst på Valderøya og i Ålesund og er ikkje meir enn 15-20 minutt i frå med bil.

Fantastiske Sommerfesten blir også arrangert årleg på Giske og er altoppslukande for den vesle, flate øya i havgapet. Her blir store artistar lokka, framstormande artistar og sjarmerande artistar til dugnadsånd og nordavind.

Idretten er arrangert i Giske IL og dei er fantastiske til å bidra til å skapa eit inkluderande miljø for store og små. Med den strokne grasbanen sin ligg alt til rette for at det blir grønske på kne og shorts og at det blir skapt gammaldagse fotballspelarar med tæl, vilje og pågangsmot.

Sjå vedlagde nabolagsprofil i prospektet for ytterlegare informasjon om nærområdet.

Bebyggelse

Området består i hovudsak av einebustader frå ulike tidsepokar.

Adkomst

Det vil bli skiltet med visningsskilt på visningsdagen.

Orientering

Prosjektet består av 4 einebustader, parkering og fellesareal. Utbyggjar for prosjektet er Pro-Nor Gruppen AS org.nr.: 993 107 956. Prosjektskildringa gjer greie for kva materiale, arbeidar og tenester som inngår i leveransen, og dessutan planlagd organisering av bustader, fellesareal og garasje/parkering.

Eiendommens adresse

Stornilsvegen

Tomten

Prosjektet omfattar i dag gnr. 127 bnr. 259 i Giske kommune. Eigedommen skal delast frå, og nye bnr vil bli fastsett i dette sambandet.

Byggemåte

Etter å ha lese denne beskrivinga skal du vita det meste om kva som følgjer med bustaden. Her får du svar på kva type arbeid, materialar, utstyr og tenester som inngår i leveransen. Denne beskrivinga saman med eventuelle endringar, teikningar, tilbod og avtaledokument m/ vedlegg utgjer ei fullstendig beskriving av den bustaden du kjøper. Leveringsbeskrivinga gjeld for alle våre prosjektboligar, nærmare beskriving får du ved å kontakta selgar.

Garantiar og sikkerheitsstillingar
I byggjeprosessen nyttar me skriftlege avtaler og kontraktar i tråd med bustadsoppføringslova, og me stille alle dei nødvendige garantiar og forsikringar. Som sikkerheit for at me skal overhalde våra forpliktingar stiller me sikkerheit i form av garanti frå bank eller annan finansieringsinstitusjon.

Forsikring
Utbyggjar held bygg og materialar forsikra i byggjeperioden og forbrukar skal teikne fullverdsforsikring for bygget seinast 8 kalenderdagar før dagsett overtaking. Utbyggars forsikring opphøyra når heimelsovergangen finn stad. Dette skjer normalt frå 2-6 kalenderdagar før overtakingsforretning vert halden.

Container og avfallshandtering
Utbyggjar er ansvarleg for nødvendig container og avfallshandtering.

Utvendig:
Grunn, mur og betongarbeid leverast iht. prosjektering. Utvendig leverast asfaltert veg og parkering i samsvar med terningar/situasjonsplan. Uteområdet leverast med ferdig plen i samsvar med teikning/situasjonsplan og ferdig terrasse i trykkimpregnert i samsvar med teikning.

Byggemateriale og utstyr
Byggjekonstruksjonen er i samsvar med teknisk forskrift. Konstruksjonsvirke er levert av Bergene Holm. Det elektriske opplegget er tilsvarsande NEK 400. Det er automatisk stoppeventil for vatn, varmvatnsbereiar på 200L, balansert ventilasjon og utekran som standard.

Etasjeskilje/golv
Ringmur blir levert som standard lufta krypkjeller. Golv på grunn leverast som bjelkelag med sponplate på golv. Det er også ei golvluke for tilgang til krypkjellar på boda. Alle golv i tørre rom blir levert med laminatparkett. Våtrom utførast med fliser på golv som er 600x600mm og med moasikkfliser 100x100mm i dusjnisje. Flexiwatt varmematte i gang, inkludert termostat.

Yttervegger
Yttervegger av tre har kledning, levert av Bergene Holm.

Innvendige vegger
Veggene i bustadrom blir levert med malte Wall2paint plater fra Forestia. Baderom i hovudetasje har flislagde vegger med fliser som er 60x60cm. Baderom på loft har malte mWall2Paint veggplater. Vegg mellom kjøkkenmøblar er flislagd med 60x60cm fliser.

Takverk
Tak over boligrom:
I himling over boligrom blir levert med malte slette takplater.
Utvendig:
Til yttertaket er det bjelkelag/takstoler og uisolert takoverbygg. Taket er tekka med Evertile takplater som er svarte og steingranulerte. Takrenner og nedlaup er i svart metall.

Vindauge
- Yin: Vindauga vert levert som 3-lags PVC med kvite karmar både innvendig og utvendig.
- Yang: Vindauga vert levert som 3-lags glas med PVC profil som er kvite utvendig og med innvendig karmar og rammar i svart.
* Isolerte glas får stadig betra isolasjonsevne og har derfor liten varmetilførsel frå rommet i det ytre glaset. Dette kan medføra at ein av og til får utvendig dogg på glaset.

Dører
Inngangsdør:
- Yin: Ytterdør til bustaden som er kvit både innvendig og utvendig med tre glasfelt.
- Yang: Ytterdør til bustaden som er kvit utvendig og svart innvendig.
Budøra er kvit både innvendig og utvendig utan glasfelt ved begge vala.
Innerdører:
- Yin: Kvitmala innerdører med kvite handtak og låsbeslag.
- Yang: Svartmåla innerdører med svarte handtak og låsbeslag.

Trapper
- Yin: Kvitmåla heiltre trinn og konstruksjon med eit kvitmåla trerekkverk.
- Yang: Svartmåla heiltre trinn og konstruksjon med svartmåla trerekkverk.

Terrasse
Trykkimpregnert terrasse.

Kjøkken
- Yin: Kjøkkeninnreiing i kvitmåla rammekonstruksjon med frontar og handtak i kvit. Benkjeplata er høgtrykkslaminat. Kvitevarene er innbygningsomn, mikrobølgjeomn, oppvaskmaskin, kjøl-fryseskap, induksjonstopp t og ein vegghengt ventilator. Kjøkkenvaskener i rustfritt stål.
- Yang: Kjøkkeninnreiinga er av antrasitt rammekonstruksjon og frontar. Handtaka er også svart. Benkjeplata er høgtrykkslaminat. Kvitevarene er innbygningsomn, mikrobølgjeomn, oppvaskmaskin, kjøl-fryseskap, induksjonstopp og ein vegghengtn ventilator. Kjøkkenvasken er dobbel kjøkkenkum i kvartkompositt med avløpsgarnityr.

Baderom
Varmekablar på golv i alle bad, inkludert termostat.
- Yin: Baderomsmøblane i hovudetasje har kvite frontar og ein rund lysspegel med ein diameter på 70cm. Toalettet i hovudetasjen er eit kvitt vegghengt toalett. Dusjnisje er eit rett dusjhjørne i storleiken 80x80cm med sikkerheitsfolie. Sluken i dusjnisjen er bakmonterti svart stålristl. Baderomsmøblane på loftet har kvite frontar med to skuffer og eit spegelskap i fargen kvit. Toalettet på loft er eit golvmontert toalett. Sluk er standard i svart stål.
- Yang: Baderomsmøblane i hovudetasjen har svarte frontar og ein rund lysspegel med ein diameter på 70cm. Toalettet er eit svart vegghengt toalett. Dusjnisjen har dusjdører i storleiken 80x190 og har svarte sprosser. Sluken i dusjnisjen er ei bakmontert svart slukrist. Baderomsinnreiinga på loftet er ei svart innreiing med eit tilsvarande spegelskap. Toalettet på loft er eit golvmontert toalett i fargen svart.

Listverk
- Yin: Der det er fòringar og listverk til vindauge og dører, og dessutan listverk til golv i bustadrom, leverase som i kvit og av Bergene Holm.
- Yang: Der det er fòringar og listverk til vindauge og dører, og dessutan listverk til golv i bustadrom, leverast svartmalt frå Bergene Holm.


Det vert levert isolert stålmodulpipe i svart.
- Yin: Golvståande peisomn i svart med sideglas.
- Yang: Veggengt peisomn pipe i svart utan brannmursplate og med sideglas.

Elektrisk
-Yin: Stikkontaktar, brytarar og LED-spottar vert levert i standard kvit utføring.
-Yang: Stikkontaktar, brytarar og LED-spottar vert levert i svart utføring.

Detaljer og spesifikasjoner kjem i vedlagd leveransebeskrivning frå utbyggjar/selgar.

Areal

- BRA-i (internt bruksareal):
- BRA-b (innglasset balkong):
- BRA-e (eksternt bruksareal):
- Totalt BRA: 0 kvm

Vedlagte plantegninger er ikke målbare, og oppgitte arealer er hentet fra vedlagte tilstandsrapport.
Arealene er plassmålt og beregnet med utgangspunkt i NS 3940:2023.

Areal

Areala på bustadene kjem fram av prislista og av teikningar.
Arealberekningane er angitt i samsvar med Veileder for NS3940. Arealet blir angitt i BRA og P-rom.
P-rom: består vanlegvis av opphaldsrom, soverom, kjøkken, entrè/vindfang/gong, bad/dusjrom/toalett/vaskerom/badstove og rom for kommunikasjon inkl. trapp, mellom nemnde rom.
BRA: består i tillegg til p-rom vanlegvis av buer, tekniske rom og garasje.

Alle areal som er oppgitt i samband med marknadsføringa av prosjektet er berekna baserte på teikningar, er å vurdera som ca. areal, og det blir teke atterhald om mindre avvik frå det oppgitte. Arealet er gitt av utbyggjar og meklar har ikkje kontrollmålt areala.

Standard

Velkommen til dette attraktive bustadprosjektet "Busmart på Myrane" - her er det no moglegheiter til å få seg splitter ny bustad på ein attraktiv stad på Giske.

Bustadane går over to etasjar og har kort leveringstid. Det er mogleg å endra delar av leveransen - men sjå også Yin og Yang for lettvinte og smarte ferdigval.

Alle bustadane vil ha tiltalande og appellerande standard med ein stavs-laminatgolv, 60x60 cm-fliser på bad og med kjøkkeninnreiing som ikkje treng oppgraderingar.

Det er lagt vekt på at bustadene skal vera levedyktige både inne og ute, med flott tillaga uteområde og eventuelt tilvalg av carport.

Det er mogleg å få heile fire soverom - dersom behova er til stades. Vidare er det balansert ventilasjonsanlegg i bustadene - saman med eldstad. Dette gir låge straumutgifter og føreseielegheit i dei økonomiske aspekta dei neste åra.

Her kjøper ein bustad til fastpris - utan bodrunde og med låge omkostningar. Ta kontakt for ytterligare spørsmål.

Oppvarming

Bustadane vert levert med balansert ventilasjonssystem. Varme i golv på bad. Eldstad på stove.

Energimerking

Energimerking gir relevant informasjon om kor energieffektiv bustaden er. Energiattetsten vil bli utarbeidd av seljar etter at detaljprosjekteringa er gjennomført , og blir utlevert ved overtaking av bustaden. Energiattesten skal dokument at at ein minst tilfredsstiller kategori C. Sjå www.energimerking.no for meir informasjon om energimerking av bustader.

Parkering

Alle boligane leverast med moglegheit for carport.

Vei/vann/avløp

Bustadene vil bli tilknytta offentleg vass- og avløp via private stikk- og fellesleidningar. Desse blir haldne ved like for eigars rekning.

Forsikring

Fram til overtakinga vil eigedommen vera forsikra av utbyggjar. Etter overtaking må kjøpar sjølv sørgja for fullverdiforsikring og innbuforsikring.

Formuesverdi

Formuesverdien er pt. ikkje fastsett. Formuesverdien blir fastsett av Ligningskontoret etter ny berekningsmodell som tek omsyn til om bustaden er ein såkalla "primærbustad" (der bustadeigaren er folkeregisteret busett) eller "sekundærbustad" (alle andre bustader ein måtte eiga). Formuesverdien for primærbustader vil normalt utgjera inntil ca. 30 % av den berekna kvadratmeterprisen multiplisert med arealet på bustaden. For sekundærbustader vil formuesverdien utgjera 90 % av den berekna kvadratmeterprisen multiplisert med arealet på bustaden. For fritidseigedommar skal formuesverdien maksimalt utgjera 30 % av marknadsverdien. Sjå http://www.skatteetaten.no for nærare informasjon.

Offentlige/kommunale avgifter

Kommunale avgifter og eigedomsskatt blir fastsett når bustadene er ferdig bygd. Kommunen avgjer om dei kommunale avgiftene blir fakturerte sameiget (og blir betalte over fellesutgiftene) eller den enkelte eig direkte.

Faste løpende kostnader

Det vil komma kostnader til kommunale avgifter, forsikring, tv- og internett.

Ferdigattest/midlertidig brukstillatelse

Ferdigattest eller mellombels bruksløyve skal liggja føre før overtaking kan finna stad. I motsett fall tilrår meklar at overtakinga blir utsett og at kjøpar ikkje overtek. Seljar er ansvarleg for at det blir utskrive ferdigattest på eigedommen. Dersom ferdigattest ikkje ligg føre ved overtaking tilrår meklar at kjøpar held tilbake eit beløp, til visse for at ferdigattest blir utskriven.

Utleie

Bustadene har berre éi bueining og ingen separat utleigedel. Det er ikkje kjent at det ligg føre offentlegrettslege reglar som er til hinder for at heile eigedommen blir leigd ut.

Konsesjon

Eigedommen er konsesjonspliktig: NEI

Odel

Det er ikkje odel på eigedommen.

Servitutter/rettigheter/forpliktelser

Følgjande hefte (pengehefte og andre hefte) blir verande på eigedommen:
Pengehefte:
- Bustadsameigets legalpant i kvar seksjon, som tryggleik for oppfylling av den enkelte sameiges fellesforpliktingar jf. lov om eigarseksjonar.

Andre hefte:
Det blir gjort merksam på at det kan bli tinglyst ytterlegare servitutt/erklæringar på eigedommen. Kjøpar kan ikkje motsetja seg eller krevja prisavslag/erstatning for tinglysningar av andre nødvendige erklæringar/avtalar o.l. vedrørande sameige, naboforhold eller forhold pålagt av styresmaktene knytt til gjennomføringa av prosjektet innanfor reguleringsplanen for prosjektet. Kjøpars bank vil få prioritet etter hefta som er og evt. blir tinglyste før overtaking.

Reguleringsmessige forhold

Området er regulert til bustadformål.

Betalingsbetingelser

1. Tomt kjøpt direkte frå grunneigar.
2. Ved ferdig utført grunnarbeid for oppføring av hus - 10 %
3. Ved ferdig utført betongarbeid - 10%
4. Ved tett bygg - 50%
5. Ved ferdig utført kontraktsarbeid - 20%

Lovgrunnlag

Bustadene blir selde til forbrukarar i samsvar med Bustadoppføringslova. Dersom kjøpar ikkje er forbrukar kjem i utgangspunktet ikkje reglane i bustadoppføringslova til bruk. Partane er likevel samde om at bustadoppføringslova kjem til bruk med unntak av følgjande paragrafar som såleis ikkje kan visast til: -§§8, 12, 16, 18, 24, 31, 47, 49 og 51-54. Dersom andre paragrafar i bustadoppføringslova inneheld føresegner om at dei ovannemnde paragrafane kan visast til, vil også slike føresegner ikkje vera gjeldande mellom partane. Etter at bustadene er ferdigstilte blir bustadene selde etter Avhendingslova til både forbrukarar og næringsdrivande.

Tilleggsarbeider

Mot vederlag har kjøper rett til å få utført endrings -og tilleggsarbeider. Rettigheten begrenses oppad til 15% av avtalt vederlag. Da prosjektet og prisene er basert på at utbyggingen skal gjennomføres rasjonelt og i stor grad ved serieproduksjon, bør kjøper velge fra en tilvalgsmeny som utarbeides fra selger/entreprenør. Dette er en fravikelse av normalordningen. Til orientering opplyses det at bustadoppføringslovas §9, 2. avsnitt inneholder bestemmelse om at ønsker om endringer og tilvalg kan avvises når disse vil føre til ulemper for entreprenør/selger som ikke står i forhold til forbrukerens interesse. Dersom det likevel er mulig å få utført de ønskede endringer, vil det kunne påløpe ekstra kostnader.
Endringene blir en del av kjøpekontrakten, på samme måte som de opprinnelig avtalte hovedytelsene. Endringene innebærer at beskrivelsen av salgsobjektet i punkt 1, med vedlegg, justeres i henhold til de avtalte endringer og tilvalg. Det er også etter Endringene selger som er ansvarlig for hele leveransen av boligen/fritidsboligen, og kjøper kan forholde seg til selger ved eventuell forsinkelse eller mangler knyttet til Endringene. Kjøper er ansvarlig for å betale hele kjøpesummen, inkludert betaling for Endringene, til eiendomsmeglers klientkonto. Selgers forpliktelse til å stille fordkuddsgaranti etter denne kontrakten og bustadoppføringslova § 47 vil gjelde tilsvarende for Endringene. Utbygger gis anledning til å beregne seg et påslag på bestilte tilleggsarbeider gjort med underleverandører.

Endringsavtaler skal være skriftlige.

Renter/Garanti

Selger skal, umiddelbart etter at avtale er inngått, stille garanti etter bustadoppføringslova § 12. Garantien skal gjelde fra tidspunkt for avtaleinngåelse og frem til fem år etter overtagelse. Garantien skal tilsvare minst 3 % av kjøpesummen frem til overtagelse, og minst 5 % etter overtagelse.
Er det i avtalen tatt forbehold som beskrevet i bustadoppføringslova § 12 annet ledd, andre setning, er det tilstrekkelig at selger stiller garantien straks etter at forbeholdene er falt bort, men selger skal uansett stille garanti før byggearbeidene starter.

Til det er dokumentert at det foreligger §12 garanti, har forbrukeren rett til å holde tilbake alt vederlag.
Dersom selger stiller §47 garanti, vil deloppgjør utbetales selger /byggelånsbank. Renter på klientkonto tilhører kjøper frem til overtakelse eller §47 garanti foreligger. Garantiene dtilles direkte til kjøper med kopi til megler.

Videresalg

Kjøpar kan søkja om å få transportera sinerettar og pliktar til ein ny kjøpar, seinast 1 månad før overtaking. Transporten krever samtykke frå seljar, og seljar kan nekta overdraging på fritt grunnlag. Transportgebyret utgjer kr. 50.000 ,- og blir betalt av opphavleg kjøpar. Utgifter til eventuell bruk av meklar kjem i tillegg. Påkravde endringar av garantiar ved eit evt. vidaresal/transport blir ikkje kosta på av seljar/utbyggjar.

Kostnader ved avbestillinger

Kjøpar kan avbestilla i samsvar med reglane i bustadoppføringslova §§ 52 og 53 fram til overtaking har funne stad. Lovens utgangspunkt er at utbyggjar skal haldast skadeslaus ved avbestilling. Det vil seia at den som avbestiller *mådekke alle tap som måtte oppstå på seljars hand. Seljar kan alternativt velja å setja fram eit tilbod om eit fast avbestillingsgebyr jfr. bustadoppføringslovas § 54. Dersom det blir akseptert av kjøpar, vil det utgjera grunnlaget for eit endeleg oppgjer mellom partane. Storleiken på avbestillingsgebyret vil i tilfelle bli berekna i kvart enkelt tilfelle.

Kredittvurdering/dokumentasjon av finansieringsevne

Seljar held på retten til å gjennomføra kredittvurdering av kjøparar, og kan avvisa ein kjøpar som ikkje er kredittverdig på kjøpstidspunktet.

Overtagelse

Når selger har opphevet forbeholdene stilt i avtalen skal selger fastsette en overtakelsesperiode som ikke skal være lenger enn 3 måneder. Selger skal skriftlig varsle kjøper om når overtakelsesperioden begynner og slutter. Senest 10 uker før ferdigstillelse av boligen skal selger gi kjøper skriftlig melding om endelig overtakelsesdato. Den endelige datoen er bindende og dagmulktsutløsende, og skal ligge innenfor overtakelsesperioden. Det gjøres oppmerksom på at det etter overtakelse kan fotsatt kan foregå byggearbeider på eiendommen, herunder arbeid med ferdigstillelse av de øvrige boligene, fellesarealer, tekniske innstallasjoner og utenomhusarbeider. Kjøper aksepåterer at det vil være støy fra byggearbeider, behov for anleggstrafikk og anleggsinstallasjoner for å ferdigstille prosjektet.

Når seljar har oppheva atterhalda stilt i avtalen skal seljar fastsetja ein overtakingsperiode som ikkje skal vera lengre enn 3 månader. Seljar skal skriftleg varsla kjøpar om når overtakingsperioden byrjar og sluttar. Seinast 10 veker før ferdigstilling av bustaden skal seljar gi kjøper skriftleg melding om endeleg overtakingsdato. Den endelege datoen er bindande og dagmulktutløysande, og skal liggja innanfor overtakingsperioden. Det blir gjort merksam på at det etter overtaking kan fotsett kan gå føre seg byggjearbeid på eigedommen, under dette arbeid med ferdigstilling av dei andre bustadene, fellesareal, tekniske innstallasjoner og utanomhusarbeidar. Kjøper aksepåterar at det vil vera støy frå byggjearbeid, behov for anleggstrafikk og anleggsinstallasjonar for å ferdigstilla prosjektet.

Generelt/forbehold

Salgsprospekt og prosjektbeskrivelsen er utarbeidet for å orientere om prosjektets generelle bestanddeler, funksjoner og planlagte organisering, og er således ikke en komplett beskrivelse av leveransen. Det vises for øvrig til kundetegninger og kjøpekontrakt med vedlegg. Alle illustrasjoner, 3D animasjoner, skisser, "møblerte" plantegninger m.m. er kun ment å danne et inntrykk av den ferdige bebyggelsen, og kan ikke anses som endelig leveranse. Inntegnet utstyr/inventar medfølger ikke, og det kan derfor fremkomme elementer i presentasjonsmaterialet som ikke inngår i leveransen.

Særlige forbehold

Selger tar følgende forbehold for gjennomføring av handelen:
- Fradeling av tomt i kommunen.

Kjøper er utenlandsk statsborger

Dersom kjøpar er utanlandsk statsborgar krevst det at vedkommande har eit såkalla D-nummer til erstatning for norsk personnummer. Rekvirering av D-nummer må sendast Kartverket samtidig med innsending av skøytet for tinglysing. Skøytet blir liggjande i Kartverket inntil kjøpar har fått D-nummer av Skatteetaten. Når Kartverket har fått D-nummeret frå Skatteetaten, vil skøytet bli tinglyst omgåande. Rekvisisjon av D-nummer i samband med tinglysing av skøyte vil ofte medføra at oppgjer og utbetaling til seljar blir forseinka med nokre veker. Kjøpar må i desse tilfella anten ta atterhald i bod om forseinka utbetaling til sel, eller vera førebudd på å dekkja forseinkingsrenter til sel. Kontakt ansvarleg meklar for informasjon før budgivning.

Lov om hvitvasking

I samsvar med Lov av 01.06.2018 nr. 23 om tiltak mot kvitvasking og terrorfinansiering osb. er meklar pliktig til å gjennomføra kundetiltak av oppdragsgivar og/eller eventuelle reelle rettshavarar til salsobjektet. Det same gjeld for medkontrahenten til oppdragsgivar og/eller eventuelle reelle rettshavarar til salsobjektet. Dersom nemnde partar ikkje oppfyller kravet lova har til legitimasjon eller meklar har mistanke om at transaksjonen har tilknyting til utbytte av ei straffbar handling eller forhold som blir ramma av straffelova §147 a, 147 b eller *147c kan meklar stansa gjennomføringa av transaksjonen. Meklar kan ikkje haldast ansvarleg for dei konsekvensane dette kan medføra for oppdragsgivar og/eller eventuelle reelle rettshavarar til salsobjektet eller medkontrahenten deira.

Personopplysninger

Som følgje av plikta meklarføretaket har til å oppbevara kontraktar og dokument i minst 10 år, jf. eigedomsmeklingsforskrifta § 3-7 (3), er moglegheitene for å få sletta personlege opplysningar som er formidla til meklar, avgrensa. Du kan lesa meir om vår personvernpolicy på nettsidene våre, www.proaktiv.no.

Tinglysing av hjemmel

Skøyte blir sendt for tinglysing i samband med oppgjeret. Oppgjer føreset at det er gjennomført overtaking og at partane har signert ein overtakingsprotokoll og sendt denne til oppgjersavdelinga slik som avtalt i kontrakt. Det blir føresett at skøyte blir tinglyst i kjøpars namn. Viss interessentar heilt uventa ikkje ønskjer tinglysing av skøyte må det takast atterhald om dette i kjøpetilbodet.

Salgsoppgave

Opplysningane i salsoppgåva er godkjende av seljar.

Beliggenhet

Kart med kartnålStornilsvegen, 6052 Giske

Annonseinformasjon

FINN-kode302732608
Sist endret02. mars 2024 01:20
Referanse83230105

Rapporter annonse

Annonsene kan være mangelfulle i forhold til lovpålagt opplysningsplikt. Før bindende avtale inngås oppfordres interessenter til å innhente komplett informasjon fra meglerforetaket, selger eller utleier.