Bildegalleri
Ylvisåker
B7
Ylvisåker, 6858 FardalPris på lån: fra 4 540 kr/mnd
Lånekalkulator fra 4 540 kr/mndEff.rente 5,70 %. 735 000 o/25 år. Kostnad: 627 000 kr. Totalt 1 362 000 kr.
LånekalkulatorProsjektets status
Planlegging
-
Salgsstart
-
Byggestart
-
Overtakelse
-
Nøkkelinfo
- Boligtype
- Andre
- Soverom
- 0
- Primærrom
- 0 m²
- Bruksareal
- 40 m²
Beskrivelse
Om prosjektet
Unik moglegheit! Naust i sameige under oppføring på Ylvisåker. Prosjektet består av 19 naust med fine fellesareal, kai og båtrampe for sjøsetting. Området er eit flott utgangspunkt for sjøliv i vakre Sognefjorden.
Det er planlagt oppføring av 10 naust i fremre rekkje mot sjø på 40m2, og 9 større på 50m2 i bakkant. Nausta vert levert nøkkelferdige med innlagt straum.
Fellesareala vil bli fint opparbeidd med asfaltert dekke og benkar. Det vert båtrampe i betong for sjøsetting med hengar i austleg ende, og elles kai med moglegheit for av- og påstigning. Parkering på fellesareal. Ylvisåker er eit flott utgangspunkt for sjøliv anten du er båteigar eller trivs best på fjorden i kajakk. Området rundt byr elles på fine friluftsmoglegheiter med badestrand og turstiar.
Fastpris kr 1.050.000,- for begge typar naust.
Byggjestart bakre rekkje desember 2023, venta byggjestart fremre rekkje høst 2024. Byggjestart frå høgre til venstre sett frå sjø.
Ved stor nok interesse kan det bli moglegheit for etablering av båthamn med betongflyteelement (ekstra kostnad - ikkje omsøkt).
Tilkomst
Tilkomst frå kommunal veg.
Innhald
Nausta i bakre rekkje (A) vert på BRA 50 m2.
Nausta i fremre rekkje (B) vert på BRA 40 m2.
Parkering/bod
Det vert lagt opp til at kvar seksjonseigar kan parkere framføre sin port mot fellesareal i midten.
Elles godt utbygd kommunal parkering i området.
Byggjemåte
Båtnausta vil bli oppført med:
- Ringmur og plate i betong.
- Reisverk av trevirke
- Veggar beståande av liggande dobbeltfalsa kledning, vindtetting med asfaltplater
- Tak av prefabrikkerte lofttakstolar tekka med underlagstak og plater
- Dobbel dør i trevirke.
Bygget leverast nøkkelferdig. Moglegheit for islolering samt innreiing av loft for lagring som tilval.
Innlagt straum i kvart naust med undermålar, levert med 2 doble stikkontaktar, 16 ampere sikring, koblingsboks og jordfeilbrytar.
Grunnarbeid levert av:
Flatland Maskin AS
Betong og tømrararbeid levert av:
Kollsete og Liheim Byggteam AS
Elektrisk arbeid levert av:
Solberg Elektro AS
Seljar kan gjere naudsynte og/eller mindre hensiktsmessige endringar i spesifikasjonane, til dømes som følgje av offentlegrettslege krav og manglande tilgjengelegheit, så lenge dette ikkje reduserer føresett standard på bygget. Slike endringar utgjer ikkje ein mangel, og gir ikkje kjøpar rett til prisavslag eller andre sanksjonar.
Teikningar og illustrasjonar i prosjektet og teikningsmaterialet er kun av illustrativ karakter. Ved eventuelt avvik gjeld leveransebeskrivinga framfor prospektet og teikningar.
Kjøpar er kjend med at det vil føregå byggjeaktivitet i prosjektet ei tid framover. Dette kan i periodar medføre noko støy og endringar.
Tomt
Fellesareala skal opparbeidast med asfalt mellom bygningane, plastring med naturstein mot sjø i vest. Rampe i søraustleg ende i betong for sjøsetting med hengar, kai i betong for av- og påstigning.
Fellesareala vert ferdigstilt etter at alle nausta er ferdig oppført. Utbyggjar har rett til bruk av fellesareal fram til at alle nausta er ferdig oppført og fellesareal er ferdigstilt.
Veg, vatn, kloakk
Det er kommunal bilveg fram til eigedomen.
Det vert lagt fram vatn til felles utekranar på området (stengt om vinteren).
Eigarform tomt og areal
Areal: 2 755 kvm, Eierform: Fellestomt
Areal opplysningar
Nausta i bakre rekkje (A) vert på BRA 50 m2.
Nausta i fremre rekkje (B) vert på BRA 40 m2.
Då prosjektet ikkje er oppført, har meklar ikkje hatt mulegheit til å kontrollmåle areala. Oppgjevne areal baserer seg berre på arkitekten sine arealutrekningar, og avvik kan førekome. Sjå vedlagde teikningar for meir opplysingar.
Sameige
Ingen kan direkte eller indirekte erverve meir enn to bustadseksjonar i eit bustadsameige jf. eigarseksjonslova § 23. Kjøpar er ansvarleg for at kjøpet ikkje er i strid med eigarseksjonslova . Dersom det har funne stad eit erverv som er i strid med reglane i eigarseksjonslova kan Kartverket nekte overskøyting. Dersom overskøyting blir nekta, er kjøpar likevel forplikta til å gjennomføre handelen med seljar og oppgjer til seljar vil finne stad trass i manglande overskøyting. In-blanco skøyte vert ikkje akseptert.
Sameige har legalpant for inntil 2G for dekking av ubetalte felleskostnader.
Seksjonering
Eigarseksjonane vil tilhøyre eit sameige. Seksjonsnummer vert bestemt i samband med seksjonering. Det er total 19 seksjonar i sameiget.
Kvar seksjon vil få ein sameigebrøk 1/19.
Seljar tek atterhald om at seksjoneringa vert godkjent av Sogndal kommune.
Vedtekter
Det er utarbeidd vedtekter for sameige, desse ligg vedlagt i salsoppgåva. Vedtektene vert gjeldande fram til sameigemøte eventuelt vedtek endring. For å endre vedtekter er det krav om 2/3 fleirtal.
Iflg, vedtektene skal overdraging og utleige av seksjon meldast til styret.
Forretningsførar
Det er ikkje valt forretningsførar for sameige. Dette vert bestemt av sameige etter at det er etablert.
Felleskostnader
Ved oppretting av sameiget vil det bli vedtatt størrelse på årleg felleskostnad som skal gå til vedlikehald av fellesareal, eventuell brøyting, lys på fellesareal etc.
Det blir opp til styret i sameiget å inngå eventuelle avtalar for sameiget som gjeld brøyting, straumavtale etc.
Ved innbetaling av kjøpesum vert kr 5.000,- avsatt pr. eining til sameiget sin felleskonto til m.a. oppføring av lyskjelder på fellesareal, innkjøp av benkar og betaling av fellesstraum.
Kommunale avgifter og eigedomskatt vert i tillegg fakturert direkte frå kommunen til den einskilde sameigar/seksjon. Endeleg fastsetting av første års driftsbudsjett og felleskostnader vert vedteke på sameige sitt konstituerande sameigemøte.
Faste kostnader
Straum og nettleige etter eige forbruk.
Forsikring.
Kommunale avgifter
Evt. renovasjon og eigedomsskatt.
Formueverdi
Formueverdien er førebels ikkje fastsett. Denne vert fastsett av Skatteetaten etter overtaking, og vil normalt vere 25-30% av første gangs kjøpesum.
Ferdigstilling
Oppstart når 3 naust er i fremre eller bakre rekkje er selde. Berekna byggjeperiode er ca. 6 mnd.
Ferdigattest / mellombels bruksløyve
Eigedomane skal overleverast mot ferdigattest. Dersom eigedomen vert overteken mot mellombels bruksløyve, pliktar seljar å framskaffe ferdigattest innan rimeleg tid og seinast før mellombels bruksløyve er gått ut på tid. Ved slik overtaking pliktar eigedomsmeklar å gjere kjøpar merksam på at det bør etablerast tilstrekkeleg sikkerheit for kjøpar sitt krav. Eigedomsmeklar skal deretter bistå partane med å etablere tilfredsstillande sikkerheit som ivaretar interesene til kjøpar.
Det vert teke atterhald om at Sogndal kommune godkjenner seksjoneringa.
Betalingsplan
100% av kjøpesum ved overtaking.
Endringsarbeid
Ved tilval og endringsarbeid gjer ein merksam på at kjøpar vil bli kalla inn til endringsmøte av utbyggjar/entreprenør, der kjøpar og entreprenør går gjennom leveransebeskrivinga. For endring av standard leveranse vert det skriven ein endringsavtale direkte mellom entreprenør og kjøpar.
Lovverk
Nausta vert selde etter reglane i avhendingslova. I tillegg gjeld lov om eigarseksjonar av 16. juni 2017 nr. 65 (eigarseksjonslova) for sameiga og drifta av dette.
Eigedomen skal leverast til kjøpar i tråd med det
som er avtala. Det er viktig at kjøpar set seg
grundig inn i alle salsdokumenta. Kjøpar vert vurdert til å vere kjent med forhold
som er tydeleg beskrive i salsdokumenta.
Forhold som er beskrive i salsdokument kan ein
ikkje gjere gjeldande ein mangel. Dette gjeld
uavhengig av om kjøpar har lest dokumenta.
Dersom kjøper ikkje er forbrukar vert
eigedomen seld "som den er", og ansvaret til
seljar er då avgrensa jf. avhl. § 3-9, 1. ledd 2.
pktm. Avhendingslova § 3-3 (2) vert fråviken, og
vurderinga om eit arealsvikt innandørs skal
karakteriserast som ein mangel vurderast etter
avhendingslova § 3-8. Informasjon om
undersøkingsplikta til kjøpar, med dette
oppmoding om å undersøkje eigedomen nøye,
gjeld også for kjøparar som ikkje vert vurdert
som forbrukarar. Med forbrukarkjøp meinast
kjøp av eigedom når kjøparen er ein fysisk
person som ikkje hovudsakeleg handlar som
ledd i næringsverksemd.
Kvitvasking
Etter lov om kvitvasking og terrorfinansiering pliktar meklar å gjennomføre kundekontroll ved å stadfeste identiteten til kunden, eventuelt reelle rettigheitshavarar, på bakgrunn av gyldig legitimasjon. Dersom slike kundetiltak ikkje let seg gjennomføre kan meklar ikkje etablere kundeforholdet eller utføre transaksjonen. På same måte pliktar meklar å gjennomføre kundekontroll på kjøpar.
Meklarføretaket har plikt til å melde ifrå til Økokrim om eigedomstransaksjonar som framstår som mistenkjelege. Slik melding vert sendt utan at partane vert varsla. Meklar kan også i enkelte tilfelle ha plikt til å stoppe gjennomføringa av handelen.
Finansiering
Meklar kan formidle kontakt med Sparebanken Sogn og Fjordane for rask avklaring av finansiering ved kjøp i prosjektet. Meklar mottek ikkje godtgjerdsle for dette.
Servituttar/rettar
1925/900047-1/53 Erklæring/avtale
02.06.1925
ViSSE BYGNINGER UNNTATT, SE HISTORISK GRUNNBOK
Vedk. eit kvernhus
Overført fra: 4640-79/53
Gjelder denne registerenheten med flere
1964/988-1/53 Bestemmelse om bebyggelse
25.06.1964
Vegvesenets betingelser vedtatt
1966/252-1/53 Bestemmelse om bebyggelse
12.03.1966
Vegvesenets betingelser vedtatt
1972/541-1/53 Erklæring/avtale
27.03.1972
KJØPEKONTRAKT TIL AVTALT PRIS M DIV BEST
RETTIGHETSHAVER: ØVRETUN HERMUND
GJELD 3 TEIGAR
Overført fra: 4640-79/53
Gjelder denne registerenheten med flere
1972/1931-2/53 Bestemmelse om veg
26.10.1972
rettighetshaver:Knr:4640 Gnr:79 Bnr:1
Overført fra: 4640-79/53
Gjelder denne registerenheten med flere
2019/1091848-1/200 Bestemmelse om elektriske ledninger/kabler
18.09.2019 21:00
Rettighetshaver:SOGNEKRAFT PRODUKSJON AS
Org.nr: 916069634
Adkomstrett for drift og vedlikehold av anlegg/ledninger/kabler
Overført fra: 4640-79/53
Gjelder denne registerenheten med flere
Regulering
Området er regulert til lager/uthus/naust/badehus, der reguleringsplan for Uraholbukti naustklynge er gjeldande. Kopi av planen kan mottas ved henvending til meklar.
ArealplanID: 4640-1420-2019001
Odel / konsesjon
Eigaføresegn om konsesjonsfriheit for eigedom over 2 mål.
Utleige
Seksjonen kan leigast ut. Styret skal informerast om alle leigeforhold.
Atterhald
Atterhald om 3 selde seksjonar i fremre eller bakre rekkje før byggjestart.
Seljar tek generelt atterhald om myndigheitene si sakshandsamingstid og eventuell justering i framdrift for overtaking/innflytting, heimelsoverføring med vidare som følgje av dette.
Seljar tek atterhald om følgjande høve for gjennomføring av avtalen; naudsynt offentleg godkjenning, finansiering, tilstekkeleg antal selde seksjonar og styrande organ hjå seljar har teke avgjerd om byggjestart. Så snart desse høva er avklara vil kjøpar motta skriftleg melding om utbyggingsarbeida vert igangsett. Ved igangsetjing av byggjearbeida vil melding til kjøpar også innehalde opplysningar om planlagt tidspunkt/periode for overtaking.
Eigedom
Ylvisåker B7
6858 Fardal
Areal og fordeling per etasje
Totalt BRA 40 og 50 m2
Nyttige lenker
Beliggenhet
EiendomsMegler 1 Sogn og Fjordane
Annonsene kan være mangelfulle i forhold til lovpålagt opplysningsplikt. Før bindende avtale inngås oppfordres interessenter til å innhente komplett informasjon fra meglerforetaket, selger eller utleier.