Bildegalleri
Huldalsbana, moderne flotte leilegheiter
Moderne bustadar i Fosnavåg sentrum
Huldalsbana 6, 6090 FosnavågPris på lån: fra 14 029 kr/mnd
Lånekalkulator fra 14 029 kr/mndEff.rente 6,39 %. 2 135 000 o/25 år. Kostnad: 2 073 700 kr. Totalt 4 208 700 kr.
LånekalkulatorEff. rente 12.73%. Eksempel: 130 000 kr over 5 år. Kostnad 43 382 kr. Totalt 173 382 kr.
Kort om prosjektet
Moderne og praktiske firemannsbustad med to soverom. Bustaden har vestvendte balkongar/terrassar. Kvar bu-eining har tilhøyrande carport med eigen sportsbod. Interne vegar vert asfaltert. Bustaden ligg sentralt i Fosnavåg sentrum med gåavstand til alle sentrumsfunksjonar.
Prosjektets status
Planlegging
Prosjektet Huldalsbana 6 er ferdige.
Salgsstart
10.01.2024
Byggestart
Bustadane er ferdig.
Overtakelse
Etter nærmare avtale.
Nøkkelinfo
- Boligtype
- Leilighet
- Etasje
- 2
- Soverom
- 2
- Rom
- 3
- Bruksareal
- 80 m²
- Innglasset balkong
- 9 m² (BRA-b)
- Energimerking
- B
Fasiliteter
Visning
Ta kontakt for å avtale visning.Beskrivelse
Moderne og praktiske firemannsbustad med to soverom. Bustaden har vestvendte balkongar/terrassar. Kvar bu-eining har tilhøyrande carport med eigen sportsbod. Interne vegar vert asfaltert. Bustaden ligg sentralt i Fosnavåg sentrum med gåavstand til alle sentrumsfunksjonar.
Bustaden har to soverom, flislagt bad og ei bod for all dei tekniske innstallasjonane. Leilegheita vert levert nøkkelferdig, og det vil seie at du slepp å gjere eigeninnsats og at husvære er så ferdig at du kan berre vaske ned leilegheita og flytte rett inn.
Kortfatta leveranseskildring
ENKEL SKILDRING av kva som er med i bustaden.
Ferdigstilling:
Bustaden vert levert i tråd med Teknisk Forskrift av 2017, og etter vårt nøkkelferdige konsept. Dusjveggar, møblar, kvitevarer og belysning er ikkje inkludert.
Utvendig overflate:
Utvendig bordkledning vert leverte med to strøk, eitt grunningsstrøk, og eitt mellomstrøk. På taket vert det levert takpapp. Berande konstruksjonar og dekke på balkong/terrasse består av trykkimpregnerte materiale.
Innreiing/måling:
Bustadane leverast med kvitmalte tak- og veggplater frå Huntonit. Dører, vindauge, listverk og fôringar til vindauga er kvite. Veggar og golv på bad er flislagde. På golvet i alle tørre rom vert det levert Berry Alloc høgtrykkslaminat. Innvendig bod der det er varmtvannstank har fliser på golv.
Kjøken, bad- og garderobeinnreiing:
Kjøken og baderomsinnreiing er av type Nordsjø Riga serien. Desse vert leverte i h.h.t. arkitektteikning. Spegelen på bad har integrerte lys. Det vert levert 1m garderobeskap til kvar sengeplass, og desse vert plasserte i h.h.t teikning.
Røyrleggjararbeid:
Anlegget vert levert komplett, og omfattar blant anna varmtvasstank (200L), avløp og uttak for vaskemaskin og oppvaskmaskin. Dusjbatteri med garnityr til badet, i h.h.t teikning. Til kvart hus (ikkje seksjon) vert det levert utvendig vasskrane.
Ventilasjon og Oppvarming:
God ventilasjon er avgjerande for eit godt innemiljø, og for å halde oppvarmingsutgiftene så lave som mogeleg. Difor vert bustadane leverte med balansert ventilasjon med varmegjenvinnar. Leilegheitene er også levert med luft til luft varmepumpe.
Elektriske installasjonar:
Elektrisk anlegg er utført etter gjeldande forskrifter. Du skal ha eige møte med elektrikar, og der går dokke gjennom punktplassering i din bustad.
Uteplass:
Leilegheitene har terrasse/veranda. På felles leikeplass over vegen er der sett opp reiestativ og bord med benk. Interne tilkomstvegar er asfalterte.
Beliggenhet
Mesterhus - Tømrer Prosjekt AS
Tømrer Prosjekt AS (Mesterhus Sunnmøre)
Utbygger
Annonsene kan være mangelfulle i forhold til lovpålagt opplysningsplikt. Før bindende avtale inngås oppfordres interessenter til å innhente komplett informasjon fra meglerforetaket, selger eller utleier.