Bildegalleri
Byvandring. Gater og steder i det gamle og det nye Ålesund.
Beskrivelse av varen
Boken "Byvandring. Gater og steder i det gamle og det nye Ålesund" av Harald Grytten. Bind 1.
Utgitt i 1980. 185 sider.
Selges for 50,- kroner
Porto: 69,- kroner (Postnord)
"Ålesund er ein kommune i Møre og Romsdal. Kommunen fekk nye grenser frå 1. januar 2020 etter at tidlegare Ålesund kommune vart slått saman med Haram, Sandøy, Skodje og Ørskog som del av kommunereforma.
Fra 1. januar 2024 gjenopprettes Haram som egen kommune med sine grenser fra før sammenslåingen.
Kommunesenteret Ålesund ligg på øyer og halvøyer lengst vest i kommunen, ved innløpet til fjordane på Sunnmøre. Kommunen strekker seg austover langs nordsida av Storfjorden, og nordover på Nordøyane heilt nord til Ona ytst i Romsdalsfjorden. Mens gamle Ålesund kommune omfatta 98 kvadratkilometer, er arealet mangedobla til 608 kvadratkilometer frå 2020.
I nord har Ålesund sjøgrense til Aukra og Molde, i aust grense til Vestnes og Fjord kommune, i sør sjøgrense mot Sykkylven og Sula og i nordvest mot øykommunen Giske i Valderhaugfjorden.
Gamle Ålesund kommune låg på øyer ved munninga av dei viktigaste fjordsystema på Sunnmøre. Dei største busette øyene, som alle har fastlandssamband, er (rekna frå vest): Hessa (4,0 kvadratkilometer), Aspøya (0,5 kvadratkilometer), Nørve (5,0 kvadratkilometer) og Uksenøya, og vidare Tørla (1,5 kvadratkilometer) og Humla (0,9 kvadratkilometer) i Åsefjorden sør for Uksenøya. I nord ligg den langstrekte Ellingsøya (28 kvadratkilometer).
Berggrunnen i heile kommunen er grunnfjell som er sterkt påverka av den kaledonske fjellkjedefaldinga (Den kaledonske orogenesen); grunnfjellet består av ulike typar gneis. Strukturen i berggrunnen finn ein att i dei mange langstrekte øyene med ei aust-vestleg retning, ofte med bratte sider mot nord og vest og med slakare sider mot aust.
Halvøya i nord mellom Grytafjorden og Midfjorden (tidlegare Haram) er berglendt og har toppar opptil 1069 meter over havet (Blåskjerdingen) i aust. Halvøya er skore nesten tvers over av Samfjorden og Vatnefjorden; låge eid fører frå fjordbotnane sørover mot Grytafjorden.
Langsmed Storfjorden er det slake lier og lågland, mens landskapet stig og blir berglendt i dei indre delane. Høgste toppen er Lauparen (1434 meter over havet) på grensa mot Vestnes og Fjord i søraust. Vass-skilet på E136 over Ørskogfjellet ligg på 338 meter over havet.
Det høgaste punktet på dei ytre øyene er Skulen på Skuløya (492 meter over havet). På Harøya når Harøyburet 156 meter over havet, mens øyene Fjørtofta, Sandøya og Ona er heller låge. Farvatnet rundt Nordøyane er temmeleg ureint, og området har fleire større kystfyr (mellom anna Hellevik, Ulla, Fjørtoftneset og Ona).
Det er førekomstar av djupbergarten eklogitt vest og nord på Harøya og på Skuløya og Fjørtofta. Nord for Sjøholt finst det ilmenitt.
Klima
Skodje
Skodje. Utsikt frå Nihusen mot tettstaden Skodje og Storfjorden.
Skodje
Av B. N. Skodje/NTB Scanpix ※.
Lisens: Begrenset gjenbruk
Normal årsnedbør i Ålesund er 1368 millimeter, med forsommaren som tørraste årstid (juni 60 millimeter) og haust/tidleg vinter som våtaste (september 191 millimeter). Temperaturen vekslar frå 1,4 °C i januar til 13,4 °C i august. Indre strøk av kommunen kan ha meir nedbør på grunn av orografisk forsterking (Skodje 1720 millimeter) og noko større årstidssvingingar i temperatur.
Busetnad
Dei fleste innbyggarane i kommunen bur i tettstaden Ålesund (68 prosent i 2018). Mindre tettstader er Hoffland, Myklebost og Årset (på Ellingsøya), Skodje og Valle (i tidlegare Skodje kommune), Brattvåg, Austnes, Vatne og Søvik (i Haram), Sjøholt (i Ørskog) og Steinshamn (i Sandøy).
Folketalet i den nye kommunen har auka med 11 prosent i perioden 2010–2019, mot 6,4 prosent vekst i fylket samla sett. Veksten har vore størst i bykommunen Ålesund og i pendlarkommunen Skodje.
Næringsliv
Søviknes Verft
Vekstad- og verftsindustrien, her representert ved Vard Søviknes, er internasjonalt orientert.
Søviknes Verft
Av Ukjent/Nye Ålesund kommune.
Lisens: CC BY NC 2.0
I andre halvdelen av 1800-talet voks byen fram på grunnlag av fiskerinæringa, og i dag er Ålesund sentrum for ein av Noregs største og mest moderne havfiskeflåtar. Det blir drive fiske over store havområde, men byen betyr likevel mest som ilandføringsstad for fisk. I 2015 vart det i dåverande Ålesund frakta i land fisk til ein førstehandsverdi på tre milliardar kroner, som utgjorde 15,3 prosent av samla ilandføring i Noreg.
Ålesund er regionsenter for heile Sunnmøre og ei viktig eksporthamn. Viktige eksportvarer er fisk, fiskeprodukt, verkstadprodukt og møblar. Næringslivet er prega av senterfunksjonen, med varehandel og tenesteyting som store næringar. Samtidig er Ålesund ein stor industrikommune, med nær 5000 arbeidsplassar i industrien. I 2021 var 13,9 prosent av dei yrkesaktive sysselsett i industrien – nær det doble av gjennomsnittet for landet.
I Ålesund kjem dagsavisa Sunnmørsposten og vekeavisa Nytt i Uka ut. I Brattvåg kjem vekeavisa Nordre (tidlegare Haramsnytt), og på Sjøholt kjem Bygdebladet ut to gonger i veka.
Samferdsel
Haram
Store veganlegg og bruer krevst for å knytte dei mange øyene i kommunen saman. Her vegsambandet mellom Haramsøya og Skuløya.
Haram
Av Svein Erik Dahl / Samfoto/NTB Scanpix ※.
Lisens: Begrenset gjenbruk
Ålesund hurtigbåt
Snøggbåtane bind øykommunen Ålesund saman.
Ålesund hurtigbåt
Av David Gubler.
Lisens: CC BY NC SA 2.0
Frå Ålesund sentrum går E136 austover til Åndalsnes, Dombås og E6. Gjennom kommunen går E39 (Kristiansand–Trondheim) via ferjesambandet Solavågen–Festøya. E39 og E136 har felles trasé frå Moa i Ålesund til Skorgeneset i Vestnes.
Byen har godt samband til andre delar av Sunnmøre med ferjer, vegar, tunnelar og hurtigbåtar. Fylkesveg 61 går via ferjesambandet Hareid–Sulesund til dei ytre delane av Sunnmøre, medan fylkesveg 60 via ferjesambandet Magerholm–Aursnes fører til Sykkylven og Stranda. Fylkesveg 650 går langs Storfjorden til dei indre bygdene på Sunnmøre.
Ålesund by har anløp av Hurtigruta. Det er hurtigbåtruter til mange stader på kysten og til øyene nord og sør for byen.
På øya Vigra i Giske kommune ligg Ålesund lufthavn, Vigra. Ålesund har ferjefri veg dit gjennom undersjøiske vegtunnelar til Ellingsøya og vidare til Valderøya med bru til Vigra. Dette Vigrasambandet gir òg fastlandssamband til resten av dei større øyene i Giske.
Administrativ inndeling og offentlege institusjonar
I Ålesund ligg NTNU Ålesund, med avdelingar for mellom anna ingeniørfag og maritime fag, elektrofag og helsefag. Det er tre vidaregåande skular i Ålesund sentrum og ein i Brattvåg. Ålesund sjukehus høyrer under Helse Møre og Romsdal HF og ligg ved Åsestranda på Uksenøya. Ålesund er hovudsete for Kystverket.
Ålesund høyrer til Møre og Romsdal politidistrikt, Møre og Romsdal tingrett og til Frostating lagmannsrett. Kommunen er med i regionrådet Sunnmøre regionråd. Ålesund kommune svarer til dei 11 kyrkjesokna Borgund, Ellingsøy, Spjelkavik, Ålesund og Volsdalen, Skodje, Brattvåg, Fjørtoft, Hamnsund, Haram, Vatne, Ørskog og Sandøy i Nordre Sunnmøre prosti i Møre Bispedøme.
Mot slutten av 1800-talet høyrde det aller meste av Ålesund kommune til Søndmør fogderi i Romsdals amt. Sandøy herad lengst i nord høyrde likevel til Romsdal fogderi.
Historikk og kultur
Ålesund
Ålesund. Foto frå 1959.
Ålesund
Av Ukjent/KF-arkiv ※.
Lisens: Begrenset gjenbruk
Ålesund sildefiske
Sildefiske i Ålesund. Foto frå februar 1959.
Ålesund sildefiske
Av Ukjend/Norsk folkemuseum.
Lisens: CC BY NC ND 3.0
Ålesund vart oppretta som bykommune i 1837 ved innføringa av det lokale sjølvstyret i Noreg. Dei tidlegare kommunane Ålesund og Borgund vart slått saman til ein kommune i 1968. I 1977 vart øya Sula, som utgjorde søre delen av det tidlegare Borgund, skilt ut som eigen kommune.
Skodje kommune vart oppretta i 1849 ved deling av Borgund, og fekk sine endelege grenser i 1916. Ørskog kommune vart oppretta då det lokale sjølvstyret vart innført i 1837. Frå Ørskog vart Sykkylven utskilt i 1883. I 1965 vart Stordal og Skodje slått saman med Ørskog til den nye Ørskog kommune, men denne vart oppløyst i 1977 og dei tre kommunane gjenoppretta.
Haram kommune vart oppretta i 1837. Herfrå vart Vigra skilt ut i 1890. Dei siste grensene sine fekk Haram i 1965 ved samanslåing av Haram (unntatt Harøya), Vatne (unntatt Dryna og Midøya som gjekk til Midsund) og Borgunds område på nordsida av Grytafjorden (Grytastranda, Søvik og Gamlem).
Sandøy kommune vart oppretta i 1867 ved deling av dåverande Aukra kommune. Sandøy fekk sine siste grenser i 1965, då den sørlege delen av Harøya vart overført frå Haram. Øya Orten/Orta og dei ubygde øyene Gåsøya og Lyngværet vart overført frå Sandøy til Aukra i samband med kommunesamanslåinga i 2020.
Den viktigaste bydanninga på Sunnmøre i mellomalderen var Borgundkaupangen på ei halvøy lengst vest på Uksenøya. Fleire andre handelsplassar voks opp ved Borgundfjorden, men først på 1700-talet vart handelsverksemda samla i strandstaden Ålesund, ved sundet mellom Aspøya og Nørve. Ålesund fekk avgrensa ladestadrettar i 1793 og fulle rettar i 1824, og som ladestad fekk Ålesund status som bykommune ved innføringa av det lokale sjølvstyret i 1837. Ålesund fekk fulle kjøpstadsrettar i 1848. Utviklinga av byen skaut særleg fart med veksten i fisket, og dessutan i fiskeforedling og fiskeeksport i siste del av 1800-talet.
I 1904 brann store delar av Ålesund ned til grunnen under Ålesundsbrannen. Om lag 10 000 av dei 12 000 innbyggjarane blei huslause. Det tok berre nokre få år før byen var bygd opp att etter den mest moderne arkitekturen på den tida, jugendstilen. Det karakteristiske for jugendstilen er mellom anna bruken av ulike dekorative element, slik som bølgjer, bogar og geometriske former, samt asymmetri, valmtak eller mansardtak og krysspostvindauge. Ifølgje den internasjonale museumsorganisasjonen ICOMOS er jugendstilbyen i Ålesund eit av dei viktigaste kulturminna i Noreg frå det 20. hundreåret. Jugendstilsenteret ligg i Apotekergaarden i Ålesund og er eit nasjonalt kompetansesenter for jugendstilen. Her kan ein gjennom ulike utstillingar lære meir om stilarten.
Ved Borgund kyrkje, som har restar av ei mellomalderkyrkje, ligg Sunnmøre Museum – Borgundkaupangen, distriktsmuseum for Sunnmøre med mellom anna fiskeriavdeling. I nærleiken ligg utgravingane frå kaupangen frå vikingtida. På Tueneset ytst på Hessa ligg Atlanterhavsparken, Nordens største akvarieanlegg, som viser dyrelivet i Atlanterhavet frå nord til sør med vekt på Vestlandsregionen.
Aalesunds Fotballklubb har eit av landets beste herrefotballag. Kvinnefotballen er organisert i Fortuna Ålesund.
Dagsavisa Sunnmørsposten kjem ut i Ålesund. Avisa dekkjer nyheiter på Sunnmøre.
Namn og kommunevåpen
Borgund kommune ved folketellinga i 1960
Borgund var ein landkommune som heilt omkransa bykommunen Ålesund.
Borgund kommune ved folketellinga i 1960
SSB.
Lisens: NLOD (Norsk lisens for offentlige data)
Kommunevåpenet (godkjent i 1898) har på raud bakgrunn ein sølv båt på fire stiliserte bølger med tre torskar nederst; motivet illustrerer fisket.
Namnet kjem av norrønt Álasund der førsteleddet truleg er genitiv fleirtal av fiskenamnet ål, eller det kan ha samanheng med førekomst av ålegras. Såleis har Hellesundet (Ålesundet) mellom Aspøya og Nørve hatt godt ålefiske, og det veks ålegras her. Førsteleddet kan også ha samanheng med áll, ‘stripe, smal renne’ og kan i så fall også vise til sundet mellom Aspøya og Nørve.
Historisk oversikt
Ålesund 1897
Ålesund før bybrannen i 1904
Ålesund 1897
Av Photoglob Zürich/Library of Congress.
Lisens: CC BY 2.0
Ålesund 1904
Ålesund etter bybrannen.
Ålesund 1904
Av Ukjent/Nasjonalbiblioteket.
Lisens: Falt i det fri (Public domain)
Årstal
Hending
1200-talet Kaupangen i Borgund er på det høgaste i si utvikling som sentrum på Sunnmøre.
Cirka 1450 Borgund mister sitt kjøpstadsprivilegium
Nyare tid
1793 Ålesund får avgrensa ladestadsrettar, fulle rettar i 1824
1812 Handelshuset Rønneberg blir grunnlagt
1837 Ladestaden Ålesund blir bykommune
1845 Klippfiskeksport til Mellom-Amerika
1848 Ålesund blir kjøpstad
1853 O. A. Devold grunnlegg trikotasjefabrikk som blir fylkets største; flytta til Langevåg i 1868
1855 Byen får kyrkje
1861 N. A. Liaaen grunnlegg skipsverft, sjå Liaaen Industrier
1875 Del av Borgund med 902 innbyggarar blir overført til Ålesund
1904 Stor bybrann; 12 000 blir huslause. Bykjernen blir bygd opp att i jugendstil
1922 Del av Borgund med 1148 innbyggarar blir overført til Ålesund
1950-årene Ålesund er sentrum for dei største sildefiskeria landet har opplevd
1958 Ålesund lufthamn, Vigra, blir opna
1968 Samanslåing av Ålesund og Borgund kommunar
1977 Sula, som utgjer søndre delen av tidlegare Borgund, blir skilt ut som eigen kommune
1987 Undersjøiske vegtunnelar til Valderøya og Ellingsøya blir opna, likeeins bruer til Giske og Vigra og tunnel til Godøya
2002 Kystdirektoratet etablerer seg i Ålesund"
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Logg innAnnonsens metadata
Sist endret: 9.11.2024, 13:27 ・ FINN-kode: 281406808