Bildegalleri
Jaktar tomt/hageflekk/parkeringsplass i sentrale strøk
Beskrivelse av varen
Hei,
Mitt namn er Kaia, 34 år og eg drøymer om mikrohus.
Problemet er at eg også drøymer om mikrohus i meir sentrale strøk, nærare bestemt; Bergen.
Eg vil veldig gjerne bli buande i sentrumskjerna, men har ingen tomt/hageflekk/parkering å plassera eit mikrohus på.
Kanskje du har?😇
Eg innbiller meg at det er som å finna nåla i høystakken, men det har aldri skada å forsøka.
Som om eg ikkje drøymer nok;
Dersom du har ein «sånn» flekk å avsjå, har eg også behov for vatntilgong + kontaktpunkt for elektrisk.
Finst denne draumen?
Kan nemna at eg ELSKAR Sandviken og Eidsvågneset og alt i nærleik av Nordåsvatnet, men skal ikkje bli for kravstor heller. Fint på Landås og Laksevåg også😇
Litt meir om meg:
Eg kjem frå baronibygda Rosendal, er utdanna faglærar i design, kunst og handverk og jobbar som arbeidsleiar på ein verkstad i Kirkens bymisjon.
Eg drøymer om mikrohus mykje grunna fotavtrykk. Har sansen for lite, men funksjonelt, men også tanken om ein mobil heim, som lett lar seg flytta på(dersom det skulle bli aktuelt).
Eg er glad i menneske og mangfald, musikk og natur, mat og kultur+++
Leigepris kan diskuterast.
I første omgang er eg mest ute etter å koma i kontakt med deg som evt. har areal å avsjå, for mikrohuset er som sagt, pr. I dag, ein drøym☺️
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Logg innAnnonsens metadata
Sist endret: 15.12.2024, 13:10 ・ FINN-kode: 360902300