Bildegalleri
Yorkshire terrier vurderes omplassert
Beskrivelse av varen
Alder: 4 år eller eldre
Det er med tungt hjerte eg må vurdere å omplassere min lille Yorkshire terrier gutt Kendrick på 8 snart 9 år. Men det er utruleg viktig for meg at han kjem til riktig heim.
Han vaks opp ilag med ein liten Chihuahua gutt som diverre gjekk bort for nokon år sidan. Det gjekk for det meste fint, men han har alltid våre veldig skeptisk til andre hundar. Derfor trur eg det beste er at han kjem til ein heim uten hundar frå før av. Han kan også reagere sterkt på andre hundar når han er ute på luftetur.
Kendrick er vand med små ungar men det er ikkje det kjekkaste han veit. Han kan trekker seg litt tilbake vist det blir for mykje herjing og støy. Han forheld seg til oss vaksne som bur i heimen. Derfor er det å foretrekke at han kjem til ein roleg heim, med eventuelt større/eldre ungar.
Han er leiken og elskar kos og oppmerksomhet. Han synst det er kjekt å hente ball og elskar lange lufte turar. Han er også vand med å være med på skitur. Han passar godt inn i ein heim der ein gjerne er litt aktiv. Men han tilpassar seg veldig godt. Han blir ikkje utålmodig om ein har late dagar inne på sofaen, så lenge han får ut å lufte seg litt. Kendrick er ikkje så flink til å gi beskjed om/når han må ut å gjere i frå seg. Så ein må lære seg å kjenne rutinane has.
Dei siste åra har han ikkje vært noko særlig vand med å være aleine over lenger tid. Kun korte periodar her og der.
Eg håpar eg kan finne ein heim som kan gi han den oppmerksomheten han fortjener. Eg håpar nokon vil gi han ein sjangs. Han er verdens finaste hund og bestevenn. Som kun fortjener det beste.
Ta kontakt ved interesse eller eventuelle spørsmål.
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Logg innAnnonsens metadata
Sist endret: 17.1.2025, 15:48 ・ FINN-kode: 389409842