Bildegalleri
Sauesjået i Kvinesdal
Beskrivelse av varen
Hausten 2011 var eg og Else på ferie i Tyrkia sammen med Svein og Berit Jortveit. Under middagen ein kveld seler Svein at han har eit oppdrag til meg. Det var om eg ville skriva ein artikkel ti Kvinesdal historielag sitt årsskrift om sauesjået i Kvinesdal. Det var i grunnen Berit sin idè, sa han. Ho fortalte at ho som nyinnflytta lærer til bygda i 1968 snart forstod at sauesjået var ei stor begi venhet. Ho og Svein budde i "lærerboligane" i Faret. På hausten same året som dei flytta inn, hadde dei sauesjået rett utafor huset. Det året var sjået nede på idrettsplassen omtrent der klubbhuset står i dag. Berit vaks opp i Vennesla og hadde aldri vore på eit sauesjå. Men ho forstod at det i Kvinesdal var ein stor dag når det var sauesjå. Ho mintest at ho var med klassen og såg på sauene. Ho hadde til og med kokt kompar til elevane den dagen, så det var ein riktig festdag for dei.
Eg tok i mot utfordringa og sa at eg kunne prøva å skriva noe. Sauesjået har jo også vore ein viktig del for meg opp gjennom åra. Artikkelen blei publisert i Kvinesdal Historielag sitt Årsskrift for 2013.
Under arbeidet med artikkelen samla eg inn så mye stoff om saue- sjået at eg hadde nok materiell til eit bokmanuskript. God støtte frå ulike bidragsytarar har gjort det mulig å trykka manuskriptet som bok. Dei som har gitt tilskudd er ført opp på ei eiga side i boka. Eg seier tusen takk for at dei gjorde det mulig å realisera bokprosjektet.
Arnold Omland
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Logg innAnnonsens metadata
Sist endret: 25.1.2025 kl. 16:54 ・ FINN-kode: 390655659
Mer fra selgeren
Vis alle (870)Mer som dette
39 kr
![Annonsebilde](https://images.finncdn.no/dynamic/480x480c//2025/1/vertical-0/29/6/391/261/886_cfdcd131-bc41-4fee-b9aa-e36ceb4d09e4.jpg)