Bildegalleri
Fjordhest - Stall Hafstads Arya - 2pr. 1 kv
Beskrivelse av varen
Mankehøyde: 143 cm
Kjønn: Hoppe
Fødselsår: 2017
Nydelige Stall Hafstads Arya – Ein hest full av potensial!
Om Stall Hafstads Arya
• Rase: Norsk Fjordhest
• Født: 2017
• Stangmål: 143 cm (målt som 4-åring)
• Premiering: 2. premie og 1. kvalitet
• Helse: Frisk og robust. Regelmessig oppfølging med vaksiner, ormekur og tannkontroll.
Personlegdom
Arya er ein sjarmerande og kjærleg hest som elskar oppmerksomheit. Ho er kjent for sitt gode lynne og sin tette relasjon til ryttar og menneske – som ein hund fanga i ein hestekropp! Ho er snill som dagen er lang og alltid klar for ein kos.
Erfaring og utdanning
• Innkjøyring: Innkjøyrt som 4-åring med beste køyreprøve på utstilling same året. Ikkje køyrd dei siste åra grunna forryttars interesse.
• Rideerfaring: Starta seint med innridning grunna livssituasjon, men har sidan vore ridd mest av ei jente på 12 år, med jamne oppfølging av vaksen ryttar.
• Stevneerfaring: Starta LD med 65 %, klar for LC.
• Sprang og bomarbeid: Regelmessig sprang- og bomarbeid dei siste åra. Ho har hoppa opp til 60 cm bane og viser talent for sprang og god sprangteknikk.
Avlspotensial
Arya har tidlegare hatt eit føll og viste seg som ei fantastisk mor. Ho er omsorgsfull og hjelpsam med føll og unghestar i flokken, og tek gjerne på seg rolla som «barnevakt» for andre føll. Med sitt gode lynne og sterke gener er Arya ei flott avlshoppe.
Styrkar
• Veldig lettfora, ryddig i boksen og billig i drift.
• Rolig og enkel å ha med å gjere, både med veterinær, hovslagar, transport og på reiser.
• Kan både gå i flokk og stå åleine.
• Robust og frisk, med gode høver og tenner.
• Kan ridast på tur aleine eller med andre hestar. Arya har også vore mykje handhest på tur.
Forhold og oppfølgingsbehov
Arya treng ein ryttar som kan hjelpe ho å bygge sjølvtillit og rutine, spesielt i uvante situasjonar der ho kan bli usikker, særleg om ryttaren blir ubalansert. Ho er likevel alltid samarbeidsvillig og gjer sitt beste.
Passar til
• Konkuransehest med potensial for NM.
• Familie- eller hobbyhest for nokon som ynskjer ein god, snill og arbeidsglad følgjesvein.
• Avlshest for deg som ønskjer sterke gener og eit godt lynne vidareført.
Salsvilkår
Eg ynskjer at Arya kjem til ein god og kjærleg heim der ho får masse omsorg og kos. Referansar ved sal er ønskjeleg, då Arya er mitt første oppdrett og betyr mykje for meg.
Pris og kontaktinformasjon
90.000kr
Kun seriøst interesserte ta kontakt (gjerne via mail), og fortell kva du vil bruke Arya til og kva du kan tilby ho. Selgast kun til god heim og eg vil kunne velje kjøper.
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Logg innAnnonsens metadata
Sist endret: 27.1.2025 kl. 09:14 ・ FINN-kode: 390696781