Bildegalleri
Bok Rolf Nesch
Beskrivelse av varen
Rolf Nesch , Aal er hele adressen nå
Til Norge kom Nesch i 1933. Fram til 1940 helt han til rundt Oslo. Hausten 1943 vart han påkøyrt av ein trikk. Skadane gjorde han ufør for resten av livet. Eit uvenleg klima møtte Rolf Nesch i mellomkrigstidas Norge, både åndeleg og materielt. Det var tunge tider for tyskaren, kunstnaren og mennesket Rolf Nesch.
Etter krigen vart Nesch norsk statsborgar, og han gifta seg med den berømte skodespelaren Ragnhild Hald. I 1951 kjøpte ho eit småbruk i Liagardane i Ål, som mannen hennar straks kalla Ragnhildrud, til ære for kona. Der busette han seg, og Ål vart heile adressa hans frå då av. Tilflyttaren vart ein lett attekjennande person i bygda, akseptert og akta som noko for seg sjølv, men bygdefolk vart det aldri av han.
I Nesch-museet i Ål kulturhus (opna i 1993) finst verdas til no største, permanente, offentlege utstilling av kunsten til Rolf Nesch. Ein lokalt og nasjonalt kjent kunstnar, var Rolf Nesch likevel fyrst og fremst ein internasjonalt berømt og høgt verdsett kunstnar. Han er representert i galleri verda rundt, m.a. i Tyskland og USA, og er ein av dei mest betydelege grafikarane i det 20. hundreåret.
Illustrasjoner: foto inni av blant annet kom inn, helgen, fugl, to fiskere som sløyer, tre grantrær, steinjomfruene, trappen, harpe, musikken går over byen, grekeren, døperen Johannes.
Kunstbok
Kunst
Hallingdal aal
Ål
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Logg innAnnonsens metadata
Sist endret: 26.1.2025 kl. 11:17 ・ FINN-kode: 390739651