Bildegalleri
Steinar Karlsen: Hanens Død
Beskrivelse av varen
Tilstand: Helt ny - Uåpnet/med lapp
CD-en Hanens Død av Steinar Karlsen fra 2013, ubrukt og fortsatt i plastinnpakningen.
Kan sendes for kr. 38,- i porto.
Gitarist og låtskrivar Steinar Karlsen er frå Eikefjord i Sogn og Fjordane. I perioden 1999-2005 var han gitarist i gruppa Hot Little Mama. Frå 2003 har han vore fast medlem av gruppa Good Time Charlie. I 2011 solodebuterte den no Bergensbaserte musikaren med albumet «Ulydium». I 2013 kom plate nummer to, «Hanens Død» og hausten 2015 lanserte han platene ”Tur” og ”Tog til Sunnfjord”.
”Hanens Død”, anmeldt av Firdaposten (terningkast fem):
”Ulydium” ga tydelegvis meirsmak, før vi veit ordet av kjem oppfølgjaren. Smidd over same lest som forgjengaren. Det vil seie instrumentalar med gitaren i sentrum. Denne gongen heilt utan vokalinnslag.
Og som førre gongen er det særs autoritært og suverent utført.
Opninga ”Pikkstol” kunne vore kjenningsmelodien til litt dyster detektivserie frå 70-talet. Og den set stemninga som ligg over heile plata, frå det kjenslevare til det bombastiske. ”Trojansk” ligg meir på den tunge og bombastiske sida heile vegen. Med eit tempo inspirert av hesteveddelaup og fint orgelspel heile vegen. Og som tidvis lar meg sitte igjen med same kjensla eg får etter å ha høyrt Love Sculpture og Dave Edmunds dra igjennom ”Sabre Dance”. Ikkje at den liknar, men med same dynamikken. "Hanens Død" har meir sigøynartrykk i seg. Med eit litt søkande preg over seg. Og bombastiske parti undervegs. Eit litt rolegare. Meir slentrande uttrykk ligg over "Cigar". Ein roleg låt som skapt for eit røykfullt lokale. "Piggtrå" er nettopp det, piggtrådmusikk. Eller garasjerock som vi fornuftige og saklege kallar det. Hakket kvassare enn garasjerocken han leverer saman med Arle Hjelmeland og Good Time Charlie. Robert Normann og jazzen ligg over "Kaktus". Den burde kanskje vore litt meir prærie, og etter den litt jazza byrjinga blir den det. Og Karlsen plukkar opp ein banjo mot slutten. Og kanskje var dette ei slags hylling til Normann. ”Sjeik” er litt meir orientalsk i lyden. Men også 60-tals garasjerock. Av den råe sorten. Platas rolegaste og mest stemningsfulle låt openbarar seg med ”Snø”. Ein låt som skapt for store arktiske snølandskap. Soundtracket til den rolege cowboyversjonen av ”Orions Belte”. ”Kvikk Lynsj” riv deg fort laus frå alle avslappa vinterstemningar. Og inn i ein meir hektisk austeuropeisk kvardag, russisk. Med garasjerocken i botnen. Avsluttinga "Spansk Veps" er ein slags mutert, slentrande flamencolåt med sting. Som leiar oss elegant og smakfullt mot slutten.
Steinar Karlsen is a Norwegian guitarist and composer of instrumental music with elements from folk music, rock, contemporary and jazz. He has released seven albums since 2011; his 2015 album Tur was called "one of the best instrumental releases of the year" by Vintage Guitar.
Karlsen is from Eikefjord, Norway. He is now living in Vangdal in Hardanger. Beside his solo career he also plays with the band Good Time Charlie (since 2003)and Hot Little Mama.
Among his influences he cites Ry Cooder, Julian Lage, Béla Bartók, Terje Rypdal and Kenny Burrell.
Discography:
* Ulydium (2011)
* Hanens Død (2013)
* Tog til Sunnfjord (2015)
* Tur (2015)
* Destination Venus (2020)
* Eld (2022)
* Transitt (2023).
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Logg innAnnonsens metadata
Sist endret: 1.2.2025 kl. 20:54 ・ FINN-kode: 391716429