Bildegalleri
Sunnmørsbunad (Ørskog) med veske, skjorte, cape og sølv
Beskrivelse av varen
Tilstand: Pent brukt - I god stand
Størrelse: M
Farge: Blå
Bunad frå Sunnmøre (märthabunaden) til sals med skjorte, cape, veske med messinglås, sølv, 2 bunadsposar og eventuelt sko.
Alt sølv følgjer med unnateke mansjettknappar: stor brystsølje, mindre brystsølje, halsknapp, øyredobbar og capespenne. Namn er ripa inn på baksida av messinglåsen til veska, men dette kan slipast/pussast vekk hos gullsmed. Vanleg bruksslitasje, alt er i god stand. Ingen flekkar utanom litt på foret inni livet, heller ingen hol eller andre synlege manglar.
Mål:
Skulder til stakkekant nede: 135 cm
Skulder til stakkekant oppe/høgde på livet: 39 cm
Høgde på stakken: 96 cm
Livvidde på innsida: 78,5 cm
Rundt inni skjortehalsen: 40 cm
Skjorteermet inni v/linningen: 20,5 cm
Livet kan dessverre ikkje leggast ut.
Eg har to par øyredobbar, både for hol i øyra og med skrufeste utan hol.
Dei til øyra med hol i, manglar endestykka bak, desse kostar 40 kr hos gullsmed. Dette paret manglar sølvstempel, det stod truleg på endestykka.
Eg har også ein annonse med ein nordfjordbunad, og førstemann som kjøper ein av bunadene får velje kva par av øyredobbane ein vil ha, det andre paret tilbys den andre bunaden.
Bunadsko ca str 41 kan også følje med - også her får førstemann til mølla skoa.
Sender helst ikkje i posten, bunaden bør prøvast. Bunaden heng heime hos mi mor i Ørsta; eg avtalar tid for prøving. Betaling til meg på Vipps.
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Logg innAnnonsens metadata
Sist endret: 24.2.2025 kl. 19:20 ・ FINN-kode: 392335249