Bildegalleri
Fosterheim i sør-Rogaland søkes til to gutter
Beskrivelse av varen
Desse to guttane er dei siste i ein koloni på over 20 stk. For snart 2 år sidan vart samtlige fanga inn, temd, og fostra/adopert. Den raude vart fanga inn då, og kastrert, men i mangel av fosterheim vart han satt tilbake. Den svarte var vanskeleg og lot seg ikkje fange den gong.
Desse to ynskjer svært å komme inn i varmen, sleppe å slite for å halde seg varm på kalde dagar, få ly frå vèr og vind. I all tid har dei fått mat og vatn, men som alle kattekjennerar veit, så har langhåra kattar eit behov for pelsettersyn også.
Den raude stryk seg tidvis inntil folk som mater, den svarte treng nok litt meir tid på å finne tryggleik hjå folk, så om du er erfaren med villkatt og har god tid er det nok mykje som kan løysast.
Kastrering vil skje same dag som innfanging, men me treng eit eller to fosterheim klare til å ta imot før innfanging.
Kan du hjelpe? Kastrering, mat og markekur/vaksine vil bli dekka, og du vil få god oppfølging under temming/tilnærming av guttane.
Eg har diverre fullt opp med snart 6 kattar i hus, difor ber eg om hjelp til desse to❤️
Må vera i sør-Rogaland for levering og evt besøk for hjelp i tilvenning folk.
Brukerprofil
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Logg innAnnonsens metadata
Sist endret: 25.2.2025 kl. 23:50 ・ FINN-kode: 395352074