Bildegalleri
Leone Sanavia 1930
Beskrivelse av varen
Tilstand: Pent brukt - I god stand
Til fiolinisten på jakt etter lettspelte og vakre tonar, som i tillegg kan verdsette autentisk handtverk frå Venezia 🇮🇹
Eg er ikkje lengre aktiv nok til å behalde denne verdifulle perla, og har eit godt nok instrument nr. 2 som får duge i åra som kjem.
Sjå verditakst (bilete nr 2), og merk at prissettinga frå fiolinmaker Svein Erik Søiland er nokre år gammal..
Dette bør altså i noverande "dyrtid" vere eit godt kjøp 🎶🎻
Fiolinen har vore (altfor) lite brukt etter eg kjøpte ho, og er sjølvsagt i same gode stand som då. Alltid oppbevart i kasse utanom bruk.
Har halde meg til Larsen Tzigane-strengar sidan eg kjøpte fiolinen av fiolinmaker Søiland. Eg opplever at desse ivaretek fiolinen sin klare og samstundes lune tone.
Enkel, vattert fiolinkasse kan følge med i prisen.
Kan også levere med signert bue mot pristillegg. Har både ein W. Seifert og ein H. Dölling som matchar fiolinen utmerka, men her må vi i så fall ta ein eigen prat.
For prøvespeling, transport m.m.:
Bur rett utanfor Ålesund (Skodje), men køyrer stadig til både Oppdal/Rennebu og Oslo.
Useriøse meldingar blir ikkje besvart. Selger ikkje utom landegrensene, og vil aller helst unngå å sende.
Vennleg helsing Trond
Brukerprofil
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Logg innAnnonsens metadata
Sist endret: 9.3.2025 kl. 19:48 ・ FINN-kode: 395964345