Bildegalleri
Ynskjer hundepass/avlastning
Beskrivelse av varen
Alder: 4 år eller eldre
Melek er på leiting etter nye menneskevenner!
Eg ser etter ein fast hundepassar som vil ha Melek (20 kg) på besøk når eg reiser på ferie og ellers etter avtale dersom du berre vil låne ho i periodar for selskapets del. Du må vere vant med hund, då Melek er ein hund med mykje energi🐶 Eg har ikkje bil, så det er fint om du bur i områda rundt sentrum-Landås, tilgang på gode bussforbindelser eller at vi kan møtes på halvvegen.
Melek er ei morsom, smart, kosete og lettare vimsete tispe som vert 5 år til sumaren. Ho er blanding av puddel og labrador og er sterilisert. Pelsen hennas er lett blanding og ho røyter derfor litt, og i periodar meir enn ellers. Men fortsatt mindre enn ein strihåra hund. Ho eeelsker alle mennesker. I møte med andre hunder har ho fortsatt litt utfordringar på grunn av nokre uheldige hendingar tidlig i livet. Dette gjer at ho kan visa redsel i nokre passeringssituasjonar. Avstand og godbitar er det vi øvar på og det funkar som regel veldig bra då ho er matmotivert😊
Heime er Melek rolig så lenge ho har fått utløp for energien sin både fysisk og mentalt. Godbitsøk, fjell- og skogsturar er nokre av favorittane. Kos er også noko ho set veldig høgt, og ho delar gjerne sofaen med deg for litt kvalitetstid. Melek klarar seg fint heime aleine ein arbeidsdag med litt tilvenning på ny stad.
I første omgong ynskjer eg at vi møtes for å sjå om kjemien er der for så å ta det der frå. Det er ekstremt viktig for meg at Melek har det godt, også når eg ikkje er tilstede.
Send meg gjerne ei melding og fortel litt om deg sjølv, så kan vi finne ein dag vi kan møtes😊
I betaling får du godt selskap og mykje kos frå Melek🐶 Eg står sjølvsagt for utgifter til mat osv.
Helsing frå Melek og Mariel
Brukerprofil
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Logg innAnnonsens metadata
Sist endret: 11.3.2025 kl. 18:01 ・ FINN-kode: 397212955