Bildegalleri
Ønsker omplasseringshund
Beskrivelse av varen
Hei!
Vi er eit par på 28 år som ønsker oss ein omplasseringshund vi kan ha med på tur og kose med heime. Vi bur i Ørsta, på Sunnmøre, og har ein aktiv livsstil med mykje turar i fjella rundt her både på vinteren og sommaren. Eg (Ingvild) har vokst opp med ei buhundtispe, og ca 30 huskyer til naboar der eg av og til var med på tur og var med på stell. Saman har vi passa på ein whippet, ein dansk-svensk gårdshund og ein husky av og til, og har trivdes veldig godt med det. Ønsker oss helst ein vaksen, mellomstor spisshund, men er open for det meste om riktig individ skulle vere tilgjengeleg. Vi har vanlege 8-4 jobbar, så den bør kunne vere aleine heime ein 8-timers arbeidsdag. Hunden bør og kunne vere i lag med barn då vi har fleire nevøer og nieser.
Om du har ein omplasseringshund og syns dette høyres interessant ut, så nøl ikkje med å ta kontakt for å vite meir 😊
Helsing Sveinung og Ingvild
Brukerprofil
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Logg innAnnonsens metadata
Sist endret: 11.3.2025 kl. 17:57 ・ FINN-kode: 397426737