Bildegalleri
Føllavtale 2025
Beskrivelse av varen
Mankehøyde: 148 cm
Kjønn: Hoppe
Fødselsår: 2026
Mulighet for føll etter sjelden hoppe
Mi kjære vakre hoppe Sonja, stambokført 'Aurora' er 20 år i år.
Ho står som nr 42 på Tom André Engjom si liste i forumet 'Dølahesten' over hopper som bør få eit hoppeføll etter seg.
Eg har prøvd å bedekke ho 3 gongar, det har resultert i 2 hingsteføll og 1 gong var ho tom.
Det eldste føllet er no kastrert og er til sals hjå Marta Hofslundsengen. Han heiter Vikja Jerven(e. Gjerde Prinsen) og held på å verta ein kjekk kar!
Føll nr to heiter Vikja Jeger og kjem til å bli min nye brukshest, men eg lyt kastrere han også.
Då er det enno ingen som fører linja vidare.
Eg meina dessa hestane er altfor bra til å gå ut av historia.
Sonja har eit sunt og haldbart eksteriør og god helse og ho er nydeleg i temperament og har ei smittande glede over å samarbeide med folk.
Dette fine lynnet har ho tydeleg gitt vidare til følla sine.
Det ligg ved bilder av føllet frå 2024 (e.Midtgards Svarten) Vikja Jeger...han var litt vanskeleg å fotografera..men eg har fine filmar å sende interesserte.
Sonja er vakker raud i pelsen sjølv om ho er registrert som brun.
Ho er veldig kjærleg mor og vert stressa av ansvaret med å passa på føll ved fot når ho er på ukjend plass. Eg meina det var grunnen til at ho ikkje tok seg ved forsøk nr 2. Trur bedekning i stasjon er det sikraste, det virka som ho tek seg greit når det er roleg og lite drama.
Ta kontakt ved interesse for føllavtale.
Her er heile omtalen av hoppa frå Tom André:
Nr.42 Aurora f.2005
E.Myklar u.Ravndøla e.Remi
Siste gjenlevende hoppe som fremdeles kan vere fruktbar i si hoppelinje.
Hadde føll i 2024. Stam mor er Dverga e.Tuftar.
Brukerprofil
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Logg innAnnonsens metadata
Sist endret: 24.3.2025 kl. 08:15 ・ FINN-kode: 399381450