Bildegalleri
Vase 317 frå H.Bequet, Quaregnon. Luster, gull og fuglemotiv.
Beskrivelse av varen
Ein usedvanleg dekorativ og frodig malt vase 317 frå belgiske Hubert Bequet. Ein vakker fugl i blått, grønt, gult og oransje pryder framsida på vasen. Fugl, blome og blad er også rissa inni overflata på keramikken, for så å verte overmalt i dristige og fargesterke strøk. Hovedfargen på vasen er ein svak, delikat grøn i lusterglasur. Element i svart og gull lagar drama, og får dei andre fargane til å poppe fram. Dette er ein maksimalistisk, koloristisk, formfrekk og særeigen vase som vekker merksemd og godt humør. Fyll den med blomar, og den stråler endå meir! 17,5 cm høg og diameter åpning 9,5 cm. Heilt feilfri, utan bruksslitasje - så denne har nok stått på stas. Handmalt og unik. Logo H.Bequet Quaregnon underside vase + bokstavane Z O. I glasuren kan ein skimte tala 317.
Hubert Bequet oppretta i 1934 sin egen keramikkfabrikk i Quaregnon, Belgia. I 1963 hadde han sin største suksess. Fram til 1985 dreiv han produksjon, men då i mykje mindre skala. Hubert Bequet keramikkfabrikk var ein av dei sjeldne produsentane som lukkast med å knytte kreativitet og masseproduksjon innan fajanse.
Bruker Posten ⭐️ Pakker særs godt og sender dersom kjøpar betaler porto 💫 Har Vipps.
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Logg innAnnonsens metadata
Sist endret: 12.11.2024, 16:34 ・ FINN-kode: 296686092