Bildegalleri
Vase 323 frå H.Bequet, Quaregnon. Svart, blomer og gull.
Beskrivelse av varen
Ein dramatisk og frodig malt vase 323 frå belgiske Hubert Bequet. Bugnande blomsterflor i fargane rosa, lilla, blått, gult og grønt. Konturar i gull understrekar og skapar glam og moro. Usedvanleg flott hank og tut, som er markert med å vere einsfarga gull. Malt på svart bakgrunn poppar fargane fram.
Dette er ein maksimalistisk, koloristisk, formfrekk og særeigen vase som vekker merksemd og godt humør. Fyll den med blomar, og den stråler endå meir! 18 cm høg og diameter åpning 7 cm. Heilt feilfri, men pittelitt bruksslitasje øvst på gullhank. Handmalt og unik. Logo H.Bequet Quaregnon Belgium underside vase + signatur av dekoratør. I glasuren kan ein skimte tala 323.
Hubert Bequet oppretta i 1934 sin egen keramikkfabrikk i Quaregnon, Belgia. I 1963 hadde han sin største suksess. Fram til 1985 dreiv han produksjon, men då i mykje mindre skala. Hubert Bequet keramikkfabrikk var ein av dei sjeldne produsentane som lukkast med å knytte kreativitet og masseproduksjon innan fajanse.
Bruker Posten ⭐️ Pakker særs godt og sender dersom kjøpar betaler porto 💫 Har Vipps.
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Logg innAnnonsens metadata
Sist endret: 12.11.2024, 16:34 ・ FINN-kode: 296696710