Bildegalleri
Rimfakse, Erling Øyehaug
Trygg handel med Fiks ferdig
Varen blir sendt til deg, og du har 24 timer på deg til å inspisere den før pengene overføres til selger.
Beskrivelse av varen
Tilstand: Pent brukt - I god stand
Rimfakse, Erling Øyehaug
Sogn og Fjordane Forlag 1990
Erling Øyehaug vart fødd 07.07.1906 på Bryggja i Nordfjord. Då han var 12 år reiste familien til Knarrevik ved Bergen. Der var dei til dei flytte til Høyanger i 1924. Erling Øyehaug arbeidde først på Ullebøvegen, men byrja på Naco (Norsk Aluminium Company) i 1928, der han arbeidde til han vart sjuk og døydde 05.01.1964, berre 57 år gammal. Erling Øyehaug kom tidlig med i arbeidar- og fagrørsla, og var aktiv i fleire lag og organisasjonar der. Han var godt kjend frå spaltene i Sogn Folkeblad, der han skreiv dikt og kommentarer under merket «Rimfakse. Erling Øyehaug vart svært mykje nytta til å skrive prologar, festhelsingar, og eit uendeleg antall 50-års helsingar i Høyanger. Desse illustrerte han, då han var ein habil teiknar. Dei mange amatør-revyane i Høyanger hadde og ein god og mykje nytta tekstforfattar i Rimfakse». Vi tykkjer kanskje han er på sitt beste når han skildrar kvardagen, nærsamfunnet og det veksande industrisamfunnet rundt seg. Mange av dikta hans har difor ein stor og viktig kulturhistorisk verdi. Nettopp vissheita om at desse dikta representerer noko verdifullt i lokalhistoria vår, var utgangspunktet og drivkrafta for arbeidet med denne samlinga. Det fullstendige innsamla materialet inneheldt også ein stor del lyriske dikt, naturopplevingar, folkelivsskildringar og samtidige kom- mentarer. Det var eit stort materiale å plukke fra, og vi har gjort eit utval vi trur teiknar eit godt og mangesidig bilete av diktaren. Han har gledd mange, og det er vårt håp at han gjennom denne samlinga vil forsetje med det. Ein stor takk vert retta til Erling Øyehaugs familie, og alle som har gitt velviljug hjelp til arbeidet.
Erling Øyehaug vart føddi 1906 på Bryggja i Nordfjord. Han byrja på NACO (Norsk Alumini- um Company) i Høyanger i 1928. der han arbeidde til han vart sjuk og døydde 05.01. 1964, berre 57 är gammal. I tillegg til å vere aktiv i arbeidar- og fagrorise skreiv Øyehaug dikt og kommentarar. Han var godt kjent frå spaltene i Sogn Folkeblad der han skreiv under merket -Rimfakse Ove haug er på sitt beste når han skil- drar kvardagen, nærsamfunnet og det veksande industrisamfun- net rundt seg. Tove Skjerven har plukka ut omlag 50 av dikta og kommenta- rane og sett dei saman til denne samlinga.
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Logg innAnnonsens metadata
Sist endret: 3.12.2024, 13:32 ・ FINN-kode: 383401020