Bildegalleri
Storm ved Stad
Beskrivelse av varen
Storm ved Stad melder meteorologane oftare enn nokon annan stad ved norskekysten. Kven du enn spor, så har alle høyrt om storm ved Stad. Stadhavet er kalla Noregs største kyrkjegard. Utan varsel er stormen der, med lunefulle kast og kokande hav. Frådande i sin villskap kan havet vere ei dødsfelle, og mange har mist sine kjære til dei veldige og humørsjuke naturkreftene.
Dette er boka om stormen ved Stad. Om natur og folk, om livet ved kanten av storhavet. Om fiskaren, sauebonden, diktaren, bølgjesurfaren. Om sorger og gleder, om kvardag og helg. Stad-halvøya i Selje, lengst nordvest i Sogn og Fjordane, er knyttneven mot storhavet. Praktfulle foto viser deg stormen og uvêret slik du aldri har sett det før.
Brukerprofil
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Logg innAnnonsens metadata
Sist endret: 29.3.2025 kl. 14:48 ・ FINN-kode: 400276960