Bildegalleri
Knallskudd og snublebluss. Veiledning i militær humor.
Beskrivelse av varen
Boken "Knallskudd og snublebluss. Veiledning i militær humor." av Mikjell Helleland. Utgitt i 2006. Heftet. 130 sider.
Selges for 125,- kroner
Porto: 55,- kroner (sendt som brev)
--------------------------------------------------------------------
https://www.hardanger-folkeblad.no/tips-oss/militar-humor-over-130-sider/s/1-61-2196168
" Militær humor over 130 sider
«Knallskudd og snublebluss» er tittelen på eit hefte med 130 sider smilande historiar frå militærlivet, samla og utgjevne av oberstløytnant Mikjell Helleland (64) frå Lofthus.
Helleland med tilnamnet «Gamle Panserskalle» blant sine mange vener, har hatt Hæren som arbeidsplass i 23 år.
Det er eit stort og variert spekter av militære aktivitetar han hentar historiane frå. Jobben har medført stasjonering nær sagt over heile landet, pluss Nato-teneste i utlandet i lange periodar.
I 1978 fekk han avskil etter søknad, men det innebar ikkje noko farvel med militærlivet. Han har halde fram som «entusiastisk lausmedarbeider». Stort sett har han vore med på minst to større øvingar kvar vinter, med stillingar som sambandsoffiser, stridsdommar, eskadronsjef, og operasjonsoffiser. I ei årrekkje har han vore nærast fast sjef for Program/Eskorte ved APIC - alliert pressesenter - på Nato-øvingar i Norge, og vidare teneste som Chief Operations/Plans ved Natos sørkommando i Napoli.
-Dei fleste historiane i samlinga er sanne, attgjevne slik replikkane fall. Nokre har kanskje vakse seg litt større og sterkare med åra, og nokre få er sikkert skrøner, fortel Helleland. Han legg til at det har vore frustrerande å oppdaga kor mykje ei god historie tapar seg frå munnleg attgjeving til det skrivne ord.
Resultatet er likevel ei artig samling militære historiar som er den mest omfemnande i sitt slag som er utgjeven her i landet. Den opnar med ei anbefaling av forfattaren sin gode ved Sven Svebak, professor i medisin (NTNU) og psykologi (HiNT). Svebak konkluderar med at «Samlingen bidrar til å gi vårt forsvar et menneskelig ansikt. Den kan derfor anbefales på det varmeste. PS Den burde vært tilgjengelig på apotek. På blå resept».
Det er den ikkje. For å sikra seg heftet må ein gå inn på internett der informasjon finst på www knallskudd.no."
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Logg innAnnonsens metadata
Sist endret: 6.8.2024, 11:29 ・ FINN-kode: 364403767
Mer fra selgeren
Vis alle (495)Mer som dette
140 kr
Norsk Våpenhistorisk Selskap Våpenbøker selges.
10 600 kr
Betalt plassering