Vikarar og tilkallingsvikarar i barnehagene
- Arbeidsgiver
- Time kommune
- Stillingstittel
- Vikarar og tilkallingsvikarar i barnehagane i Time kommune
- Frist
- 31.12.2025
- Ansettelsesform
- Vikariat
Beskrivelse
Me treng fleire dyktige vikarar i barnehagane våre!
Er du ein som brenn for barna, og som ønsker å vera med på å skapa gode dagar i barnehagen?
Barnehagane i Time kommune ser nå etter engasjerte og dyktige tilkallingsvikarar, og vikarar til kortare og lengre vikariat. Oppdraga vil variera i varigheit og omfang, og du vil i periodar kunna jobba opp til full stilling.
Du kan lesa meir om den enkelte barnehage her:
https://www.time.kommune.no/tenester/barnehage-skule-og-familie/barnehage/barnehagar-i-time/
Me håper at du vil vera med på laget vårt!
Me gjer merksam på at dette ikkje er ei vanleg stillingsutlysning, og du vil få ei bekrefting på at me har mottatt søknaden din. Det vert ikkje sendt avslagsbrev.
Arbeidsoppgåver
Som vikar i barnehage vil du:
- vera med på å skapa ein god kvardag i barnehagen
- ha aktivt medansvar ved planlegging og gjennomføring av pedagogiske aktivitetar ute og inne
- vera ein viktig bidragsytar ved alle daglege gjeremål i barnehagen
Kvalifikasjonar
- dei me tilsett må framlegga gyldig politiattest etter barnehagelova §30
- gode norskkunnskapar i tråd med krav i Lov om barnehager § 27 og § 28.
Me ser etter deg som held hovudet kaldt og hjarta varmt, samt er god på:- relasjonar
- samarbeid
- inkludering
Kontaktinformasjon
Helga Monge Sigbjørnsen, Rådgjevar, 950 78 375, helga.monge.sigbjornsen@time.kommune.noVibeke Fossdal, Barnehagesjef, +47 905 09 246, vibeke.fossdal@time.kommune.no
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Time kommuneReferansenr.: 4580642886
Stillingsprosent: 80%
Vikar
Søknadsfrist: 31.12.2025
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Arne Garborgs veg 30, 4340 Bryne
- Stillingsfunksjon
- Barnehage / Barnehagelærer, Barnehage / Barnehageassistent, Undervisning og pedagogikk
- FINN-kode
- 334924637
- Sist endret
- 11. mars 2025 11:31
Mer som dette

