Sjukepleiar 100 % fast stilling
- Arbeidsgiver
- Sykkylven bu- og aktivitetssenter, Sykkylven kommune
- Stillingstittel
- Sjukepleiar 100 % fast stilling
- Frist
- 01.12.2024
Beskrivelse
Bli med på laget vårt!
Vi har ledig 100 % fast stilling som sjukepleiar ved Sykkylven bu- og aktivitetssenter (BUAS), avdeling sone 1.
Stillinga er ledig frå 01.01.2025 og inneber turnusarbeid dag/kveld med arbeid kvar 3. helg.
Er dette noko for deg eller nokon du kjenner? Då håper vi at du sender oss ein søknad!
Sone 1 har 17 plassar fordelt over 2 bufellesskap. Det er mange dyktige og fagleg engasjerte kollegaer i eit godt arbeidsmiljø.
Det er samarbeid på tvers av avdelingar ved behov.
På BUAS er det totalt 60 plassar fordelt på 4 avdelingar. Det er 2 avdelingar for demente, 2 avdelingar med heildøgns omsorg (leiligheter)der det også er nokre langtids institusjonsplassar. På omsorgssenteret er det også korttidsrehab avdeling og 1 KAD plass som er organisert under heimetenestene.
Arbeidsoppgåver
- Planlegge, prioritere og gje god sjukepleie til pasientar
- Sørge for at tenesta følg lovverk, kommunale føringar og fagleg god praksis
- Halde seg oppdatert innan eige fagområde og delta i utviklingsarbeid
- Bidra til eit godt samarbeid med pasientar og pårørande
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som sjukepleiar.
- Beherske dei vanlegaste IKT-verktøya
- Det stillast krav om norske språkferdigheiter tilsvarande B2 munnleg og skriftleg på Europarådets nivåskala (CEFR).
- Evne til å halde seg fagleg oppdatert
- Ved tilsetting kreves det tilfredsstillande politiattest, MRSA og TBC eigenerklæringer
Personlege eigenskapar
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne
- Vere strukturert og løysingsorientert
- Er fleksibel og har evne til å arbeide sjølvstendig og saman med andre
- Vise fagleg engasjement
- Motivert, serviceinnstilt og fleksibel
- Har evne til å ta ansvar, samt nytenking og utvikling
- Personlege eigenskapar blir lagt vekt på ved tilsetting
- Har godt humør og bidreg til eit positivt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
- Gode kollegaer og triveleg arbeidsmiljø
- Gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP
- Rekrutteringstillegg til nytilsette
Offentlegheit
Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd.
Kontaktinformasjon
Wenche Oldeide, Einingsleiar, 90118218 , wenche.oldeide@sykkylven.kommune.noArbeidsstad
Haugneset 166230 SYKKYLVEN
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Sykkylven kommuneReferansenr.: 4805290590
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 01.12.2024
- Sted
- Haugneset 16, 6230 Sykkylven
- Stillingsfunksjon
- Sykepleier, Helsepersonell
- FINN-kode
- 350293825
- Sist endret
- 07. nov. 2024 10:29