Sjukepleiar
- Arbeidsgiver
- Alderspsykiatri Nordmøre og Romsdal (døgn), Helse Møre og Romsdal HF
- Stillingstittel
- Sjukepleiar
- Frist
- 22.12.2024
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Vil du vere med på laget vårt?
Vi søkjer i hovudsak deg som er sjukepleiarar, men om du er spesialsjukepleiarar med vidareutdanning i psykisk helse/ rus eller geriatri er du også velkomen til å søkje.
Vi ønskjer oss ein truverdig og fagleg sterk fagperson med nok audmjukheit til å kjenne sin eigen styrke og begrensningar nok til å trå til når det skjer noko ekstra, og til å bringe sine synspunkt inn til drøfting med kollegaer. Denne jobben kan vere krevande kjenslemessig og du må sjølv vite når du har behov for at nokon ser deg, og seie frå om behov for støtte, rådgjeving og påfyll. I det daglege vil du gå tett på menneske som har tøffe historier med seg og slit med etterverknad etter dette. Det forventast at du tåler å stå i det.
Alderspsykiatri SNR er tverrfagleg samansett. Hovudoppgåva til seksjonen er utgreiing og behandling av demens (APSD) og psykiske lidingar hos personar over 65 år (ved demens ingen aldersgrense). Det er eit nært samarbeid med andre seksjonar i føretaket og med poliklinikken i seksjonen. Døgnposten har i dag 6 plassar. Ved innflytting SNR går vi opp til 9 sengeplasser inkludert moglegheit for 2 intensivplasser - ingen akuttfunksjon. Vi har 4 senger for psykosepasientar og 5 senger for pasientar med alderspsykiatriske problemstillingar. I utgangspunktet er 4 plasser forbeholdt overføring frå andre seksjonar. Innlegging skjer etter henvisning frå fastlege, sjukeheimslege eller annan lege/seksjon/avdeling i helseføretaket. Poliklinikken har ein utstrakt bruk av ambulant aktivitet, der også miljøpersonale frå sengeposten kan delta. Alderspsykiatri SNR gir rettleiing og bistår samarbeidspartnarane våre i kommunane.
I oktober 2024 flytta vi inn i det nye Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR), og vi ser fram til å ha deg med på laget vårt!
Arbeidsoppgåver
- Bidra i miljøarbeid, kartlegging, utgreiing og rettleiing. Seksjonen har eit stort fokus på miljøtiltak; sansestimulering, TID – modellen, tillitsskapande arbeid og brukar mellom anna Marte Meo til rettleiing innan funksjonsstøttande kommunikasjon
- Bidra til gode pasientforløp i samarbeid med kollegaer i sengeposten og i poliklinikk
- Vise engasjement og lojalitet til oppsette behandlingsmål og tiltak
- Halde seg fagleg oppdatert via seksjonen sine kompetansehevingstiltak
- Bidra til å utvikle eit godt samarbeid med kommunane
- Halde seg oppdatert på seksjonen sine rutinar og prosedyrar
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Vernepleiar med norsk autorisasjon er også velkomen til å søkje
- Erfaring frå liknande klinisk arbeid er ønskeleg
- Må ha gode skriftlege og munnlege norskkunnskapar
Personlege eigenskapar
- Du må kunne ta utfordringar på sparket og stole på deg sjølv
- Du må vere omstillingsdyktig då det skjer store endringar i organisasjonen vår
- Du er positiv og ein god relasjonsbyggjar
- Du er fleksibel, løysningsorientert og har stor arbeidskapasitet
- Du er god på å samarbeide på tvers av yrkesgrupper
- Du er fysisk og psykisk eigna for stillinga
- Du må vere fagleg tydeleg og gje tilbakemeldingar til kollegaer både på det negative og positive
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting. Menn oppfordrast til å søkje.
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Gode velferdsordningar for tilsette
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Byen vår!
Molde er rosens, jazzens og kulturens by, og ikkje minst eit eldorado for fjellturer, alpint, klatring, golf, seiling og padling. Byen er barnevennleg med nærleik til skule, barnehage og fritidstilbod. Vi har fleire daglege flyavgangar til Oslo og internasjonale ruter. Molde by fornyar seg med m.a. ny sjøfront og fleire spennande kaféer og spisestader. Les meir om Molde og Romsdalen her
Vi ber om attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Kontaktinformasjon
Marit Møgedal Stokkeland, Seksjonsleiar, +47 46683184, Marit.Mogedal.Stokkeland@helse-mr.noArbeidssted
Opdølvegen6450 Hjelset
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4852443098
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 21.10.2024
Søknadsfrist: 22.12.2024
- Sektor
- Offentlig
- Antall stillinger
- 6
- Sted
- Opdølvegen, 6450 Hjelset
- Stillingsfunksjon
- Sykepleier
- FINN-kode
- 368159206
- Sist endret
- 17. des. 2024 08:27