Psykologspesialist søkjes til TSB post

Arbeidsgiver
Haugaland DPS
Stillingstittel
Psykologspesialist
Frist
18.12.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Haugaland DPS søkjer psykologspesialist til TSB døgnpost. Dette er ei unik muligheit og ei stilling som sjelden er ledig!

Er du psykologspesialist? Ønskjer du ei spennande stilling innan behandling til pasientar med rusmiddelavhengigheit? 

TSB posten er ein tverrfagleg spesialisert rusbehandlingsinstitusjon som er lokalisert på Haugaland DPS i Kopervik.
Me har for tida 7 behandlingplassar. Eininga tilbyr døgnbasert rusbehandling, og ettervern til unge vaksne pasientar i alderen 18-26 år. Me inngår som ein del av det regionale rusbehandlingstilbodet i Helse Vest. Helsepersonellet på TSB posten er tverrfagleg sammansatt med høgt kompetente spesialsjukepleierar, vernepleierar, sosionomar, miljøterapeutar, spesialist i allmennmedisin og psykologspesialist.

Me kan skryta på oss eit likande arbeidsmiljø med stabile og dyktige kollegaer. Saman jobbar me for å gjere ein forskjell!

Deler av stillinga vert knytta til TSB poliklinikk. Dette vil ein komme nærmere tilbake til i intervju. Intervju kan bli gjennomført forløpande i utlysningsperioden. 

Ta gjerne kontakt dersom du har spørsmål!


Arbeidsoppgåver

  • Ansvarleg for og deltar i utgreiing, diagnostisering og behandling
  • Delta i tverrfaglig team
  • Deltaking i ansvarsgrupper rundt pasientane
  • Undervisning, rettleiing og konsultasjon ved behov overfor kollegaer, interne/eksterne samarbeidspartnarar
  • Kontinuerleg fagleg oppdatering, inklusive nasjonale faglege retningslinjer, rettleiarar mm.
  • Dokumentasjon av behandlingsintervensjonar og samarbeid gjennom journalføring og rapportering.

Kvalifikasjonar

  • Psykologspesialist med norsk autorisasjon
  • Erfaring innan rusmiddelavhengigheit er ønskjelig
  • Gode norskkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Søkarar som har andre morsmål enn norsk, svensk eller dansk, og som ikkje har fullført norskspråklig vidaregåande skule, må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annan norsktest på B2 nivå. Dokumentasjon må vedleggast søknaden. Ved tilsetjing av allereie fast tilsett i føretaket kan ein unntaksvis, i særlege tilfelle, fråvika kravet om bestått norsktest på B2-nivå

Personlege eigenskapar

Hos oss er det viktig at du:

  • har sterke samarbeidseigenskapar og er ein god lagspelar
  • maktar å stå i krevjande situasjonar
  • har gode kommunikasjonsferdigheiter
  • er sjølvstendig
  • viser tolmod og fleksibilitet
  • er strukturert
  • evner å setje deg inn i og jobbe etter prosedyrar, rutinar og praksis

Personleg eignaheit for stillingen blir vektlagd.

Vi tilbyr


  • Løn og spesialistpermisjon jfr avtale mellom NPF og Helse Fonna, HF
  • Hjelp med bustad, oppgi i søknaden dersom det er ønskjeleg
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
  • Konkurransedyktig pensjonsordning. Yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring
    For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, må søkar gi til kjenne dette i søknaden

Vitnemålsportalen 
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.          
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemalsportalen.no. Har du fullført utdanning i utlandet, må du leggje ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse i søknaden (https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet). Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden. 

Mangfaldserklæring
Helse Fonna ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Helse Fonna ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Kontaktinformasjon

Trude Rødseth Lygre, Funksjonsleiar TSB post, trude.rodseth.lygre@helse-fonna.no

Karianne Christensen, Psykologspesialist TSB post, karianne.christensen@helse-fonna.no

Arbeidsstad

Asaldalvegen 1

4250 Kopervik

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF


Referansenr.: 4846975740

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 18.12.2024

Sektor
Offentlig
Sted
Asaldalvegen 1, 4250 Kopervik
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Psykolog, Helsepersonell
FINN-kode
368417988
Sist endret
27. nov. 2024 07:15