Helsefagarbeidar 3 x 23,47 % stilling 

Arbeidsgiver
Bu- og rehabiliteringstenestene, Sykkylven kommune
Stillingstittel
Helsefagarbeidarar
Frist
26.01.2025

Beskrivelse

Er du helsefagarbeidar og ute etter nye utfordringar? Då er du kanskje den vi ser etter!

Avdeling barne- og avlastningstenester har ledig 3 x 23,47 %  og 2 x 17,37% stilling med arbeid kvar 3.helg.stillingar som helsefagarbeidar i turnus,  per i dag gjeld stillinga primært langvakter med arbeid kvar 4 helg.
Vi søkjer etter helsefagarbeidar, men andre med tilsvarande utdanning eller erfaring kan og søkje. Personleg eignaheit vert vektlagd.
Eining Bu- og Rehabilitering yt tillegg til barne og avlastingstenester, tenester til vaksne menneske med ulike funksjonsnedsettingar og inkluderer mellom anna fleire buelleskap, dagsenter , samt  avdeling for psykisk helse og rus. 

Det er krav om politiattest av ny dato.


Arbeidsoppgåver

  • Miljøarbeid og ivaretaking av tenestemottakarane i samsvar med gjeldande enkeltvedtak
  • Helsefagleg oppfølging
  • Bidra til fagleg kvalitet i tråd med faglege og etiske retningsliner
  • Arbeidsoppgåver delegert frå næraste leiar
  • Dokumentasjon i EPJ
  • Legemiddelhandtering kan verte aktuelt
  • Samarbeid med pårørande og andre samarbeidspartnarar

Kvalifikasjonar

  • Autorisert helsefagarbeider eller eventuelt anna relevant utdanning/erfaring kan vurderast
  • Erfaring frå arbeid med målgruppa er ein fordel
  • Du evnar og har vilje til å sette deg inn i gjeldande lovverk for aktuelle område
  • Førarkort klasse B

Personlege eigenskapar

  • Vi søkjer deg som har ei særleg interesse for å arbeide med born og unge 
  • Du er omsorgsfull og evnar å vere ein trygg og ansvarsfull vaksen
  • Du må ha stå på vilje og kunne handtere utfordrande situasjonar
  • Du er fleksibel og  løysingsorientert 
  • Du er aktiv bidragsytar til eit fagleg godt og inkluderande arbeidsmiljø
  • Du kan arbeide godt sjølvstendig samtidig har du gode samarbeidsevner
  • Du har gode kommunikasjonsevner både munnleg og skriftleg
  • Du held deg fagleg oppdatert
  • God datakunnskap
  • Du er open, lojal og til å stole på
  • God omstillingsevne

Vi tilbyr

  • Tilsetting i samsvar med offentleg avtaleverk
  • Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver 
  • Gode kollegaer og triveleg arbeidsmiljø  
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP

Offentlegheit
Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd.

Kontaktinformasjon

Lisbeth Schei Bjørdal, einingsleiar Bu- og rehabiliteringstenestene, +4791009625, lisbeth.bjordal@sykkylven.kommune.no

Arbeidsstad

Haugneset 12

6230 Sykkylven

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Sykkylven kommune


Referansenr.: 4862640851

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 26.01.2025

Sektor
Offentlig
Sted
Haugneset 12, 6230 Sykkylven
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier, Sykepleier
FINN-kode
371979554
Sist endret
19. des. 2024 12:53