Sosionom 

Arbeidsgiver
Avdeling psykisk helsevern, Valen sjukehus
Stillingstittel
Sosionom
Frist
20.10.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Vi har no ledig vikariat som sosionom! 

I denne stillinga vil du vere ein del av eit tverrfagleg behandlingsteam med psykologar, legar, sosionomar, sjukepleiarar og miljøterapeutar. Stillinga er tilknytta Sikkerhetspost og Fact-sikkerhet.

Avdeling psykisk helsevern Valen sjukehus er eit sjukehus i ei spennande utvikling. Avdelinga består av fire døgnpostar og ein poliklinikk. Akuttpost, psykosepost, sikkerhetspost, sikker/rehabilitering og Fact-sikkerhet.

Søk hjå oss og bli ein del av laget!


Arbeidsoppgåver

  • Bistå inn i eit tverrfagleg samansett behandlingsteam der særleg sosialfaglege oppgåver skal ivaretast av sosionom
  • Vere ein del av det tverrfaglege behandlingsteamet på posten og i Fact-sikkerhet
  • Kartlegging av pasienten sine sosiale og økonomiske høve med rådgjeving og iverksetting av aktuelle hjelpetiltak
  • Vegleie og orientere pasientar og pårørande
  • Delta i utarbeiding av behandlingsplanar og særleg fylgje opp der pasienten har rett til individuell plan
  • Oppgåver knytt til koordinering av tenester mellom spesialisthelsetenesta og kommunale tenester
  • Dokumentasjon av sosialt arbeid som vert utført i samsvar med gjeldande lovverk

Kvalifikasjonar

  • Sosionom utdanning eller anna relevant sosialfagleg utdanning
  • Ynskjeleg med erfaring frå arbeid innan psykisk helsevern
  • Gode evner i bruk av IKT-verktøy
  • Gode norskkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Søkarar som har andre morsmål enn norsk, svensk eller dansk, og som ikkje har fullført norskspråklig vidaregåande skule, må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annan norsktest på B2 nivå. Dokumentasjon må vedleggast søknaden. Ved tilsetjing av allereie fast tilsett i føretaket kan ein unntaksvis, i særlege tilfelle, fråvika kravet om bestått norsktest på B2-nivå

Personlege eigenskapar

Hos oss er det viktig at du:

  • har evne til å arbeide sjølvstendig 
  • held framdrift i prosessar
  • er positiv, engasjert og initiativrik
  • opptrer ryddig og strukturert
  • er fleksibel
  • har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner

Vi tilbyr

  • Triveleg arbeidsmiljø.
  • Tilbod om opplæring, internundervisning og rettleiing.
  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst.

 
Vitnemålsportalen 
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.          
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemalsportalen.no. Har du fullført utdanning i utlandet, må du leggje ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse i søknaden (https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet). Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden. 

Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Kontaktinformasjon

Elisabet Anuglen Kalsås, Funksjonsleiar, +47 53466408

Arbeidsstad

Sjukehusvegen 15

5451 VALEN

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF


Referansenr.: 4868327544

Stillingsprosent: 100%

Vikariat

Startdato: 04.11.2024

Sluttdato: 30.11.2025

Søknadsfrist: 20.10.2024

Sektor
Offentlig
Sted
Sjukehusvegen 15, 5451 Valen
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Sosionom, Helsepersonell
FINN-kode
373544462
Sist endret
03. okt. 2024 12:03