Er du vår nye økonomisjef?

Arbeidsgiver
Sveio kommune
Stillingstittel
Økonomisjef
Frist
04.12.2024

Beskrivelse

Vi søkjer ein trygg, tydeleg og tillitskapande leiar.

Som økonomisjef hos oss vil du ha hovudansvar for kommunen si økonomistyring og vera ein viktig pådrivar for god drift og vekst i kommunen.

Stillinga inngår i rådmannens leiargruppa, og stillinga rapporterer direkte til rådmann.


ANSVAR OG ARBEIDSOPPGÅVER

Du vil ha hovudansvar for budsjett, økonomirapportering og årsavslutning. Du vil ha ei aktiv
rolle i å skrive politiske saker, og bidra i komplekse avgjersleprosesser som påverkar kommunen og innbyggjarane.

Stillinga har ansvar for økonomi og lønnsavdeling i kommunen, med 5 tilsette, der den daglige drift av avdelingen blir leia av avdelingsleiar økonomi og lønn.

Andre sentrale ansvarsområder og arbeidsoppgåver vil vere 

  • å vere rådmannen sin støttespelar når det gjeld økonomiske og finansielle problemstillingar
  • å leggje til rette for god økonomistyring og økonomiforvaltning
  • utarbeiding av overordna økonomiske analysar
  • økonomi og budsjettoppfølgning
  • å presentere økonomiarbeidet for politikarar
  • likviditetsplanlegging og vurdering av finansielle plasseringar og opptak av lån   
  • oppfølging og støtte i økonomi til kommunalsjef og einingsleiare

ØNSKTE KVALIFIKASJONAR OG PERSONLEGE EIGENSKAPAR

Me ser etter deg som har relevant høgare utdanning - til dømes siviløkonom.
Relevant leiarerfaring frå tilsvarande stilling i offentleg og/eller privat sektor.
Me trur at vår nye økonomisjef evnar å tenkje både langsiktig og heilhetleg, samstundes som ein har auge for detaljane.
Du er analytisk med ei god framstillingsevne, og kommuniserer godt både internt og eksternt.

Vidare ser me føre oss at du har

  • erfaring med budsjettarbeid, økonomistyring, økonomisk analyse  og rapportering
  • god skriftleg og munnleg framstillingsevne, med fokus på klart språk
  • erfaring med å leie ei avdeling er en fordel

Personleg eignaheit vil bli tillagt stor vekt  i vurderinga. 

KVIFOR SVEIO KOMMUNE?

  • Fagleg spanande oppgåver og eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • Ei hektisk kvardag i ein kommune i kontinuerleg utvikling
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar og løn etter avtale
  • Fleksitidsordning

Søknadsfrist: 4.12.2024 – vi vurderer søknader fortløpande.

ØNSKJER DU MEIR INFORMASJON OM STILLINGA? 
Ta kontakt med vår rekrutteringspartnarr HAMNØY AS  ved rådgjeverane

  • Espen Gismervik, tlf. 912 49 465
  • Marita Stakkestad Hanstveit, tlf. 452 53 909

Vis di interesse for stillinga ved å registrera CV-en og søknaden din snarast.  Attestar og vitnemål legg du ved søknaden. Alle førespurnader blir behandla konfidensielt – også overfor oss i Sveio kommune  i innleiande fase dersom det er ønskeleg.

Tiltredning etter avtale.

Kontaktinformasjon

Espen Gismervik, Rådgiver, 912 49 465, eg@hamnoy.no

Marita Stakkestad Hanstveit, Research & analyse, 452 53 909, msh@hamnoy.no

Arbeidssted

Sveiogata 70

5550 SVEIO

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Sveio kommune


Referansenr.: 4876324152

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 04.12.2024

Sektor
Offentlig
Sted
Sveiogata 70, 5550 Sveio
Stillingsfunksjon
Økonomi og regnskap, Økonomi og regnskap / Økonomistyring og budsjettering, Ledelse
FINN-kode
376971644
Sist endret
20. nov. 2024 07:24