Psykologspesialist Tidleg Avklaringsteam
- Arbeidsgiver
- Poliklinikk psykisk helse DPS Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
- Stillingstittel
- Psykologspesialist Tidlig Avklaringsteam
- Frist
- 28.11.2024
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Helse Møre og Romsdal ved DPS Ålesund styrkar det polikliniske tilbodet innan psykisk helse og rus.
Vi søker no ein engasjert psykologspesialist som vil vere med å utvikle og bygge opp vårt nye tilbod ved DPS poliklinikk psykisk helsevern Ålesund.
Vi startar i haust eit nytt tilbod i form av eit Tidleg Avklaringsteam (TA) etter modell frå tilsvarande tilbod ved St.Olav. Målet er at flest mogleg pasientar skal få møte rett kompetanse og behandling til rett nivå, til rett tid. Tilviste pasientar der det vurderast behov for ei avklaring med ei breiare tilnærming får tilbod om å møte til samtale med to behandlarar (spesialist og ikkje-spesialist) innan 2-3 veker. Tidleg avklaring har ei brei tilnærming der ein saman med pasienten forsøker å kome til ei felles forståing og plan, meir enn ein vurderingssamtale. Det er fleksibel moglegheit for kortvarig oppfølging. Pasientane skal få ei god og grundig klinisk vurdering av sine vanskar, og ein forsøker som ein del av dette å ha fokus på ressursar, meistring og nettverk. Ein koblar deretter på det tilbodet som vurderast rett; vidare i poliklinikken eller i samhandling med andre aktuelle hjelpeinstansar.
Poliklinikken består til saman av 48 behandlarstillingar fordelt på eit Gruppebehandlingsteam, eit ROP- team og fire ulike allmennteam, samt TA. Saman gir vi i dag eit breitt og variert tilbod til våre pasientar. Vi har spissa utredningskompetanse og stor breidde av behandlingstilnærmingar til ulike psykiske lidingar, som vert behandla i spesialisthelsetenesta. Vi har i dag 16 spesialistar fordelt på dei ulike teama.
Stillinga er i TA-teamet, og vi søker spesielt deg som likar å jobbe tett saman i team, er nysgjerrig på nye arbeidsmåtar som psykolog, som likar å vere med å utvikle eit nytt tilbod, og som likar å jobbe i nettverk opp mot andre samarbeidsinstansar.
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Arbeidsoppgåver
- Inntak og avklaringssamtalar i team med kollega
- Fleksibel oppfølging av pasientar
- Som spesialist vil deltaking i inntaksarbeid vere viktig i samarbeid med andre spesialistar
- Som spesialist vil rettleiing av ikkje-spesialist vere ei viktig oppgåve
- Bidra med psykologisk fagkompetanse i teamet og i psykologgruppa
- Tett samarbeid med aktuelle samarbeidspartnarar i kommune og innan eiga avdeling
- Vere med på utviklinga av teamet som er i startfasen
- Nettverkssamarbeid med St.Olav og Helse Nord-Trøndelag
Kvalifikasjonar
- Psykologspesialist innan Klinisk vaksen psykologi
- Andre spesialitetar innen klinisk psykologi kan vurderast
- Psykologar med lang erfaring og kort gjenståande tid før oppnådd spesialistkompetanse kan vurderast
- Overnevnte kvalifikasjonar med erfaring frå både 1.linjetensta og 2.linjetensta vert vektlagde
Personlege eigenskapar
- Gode faglege kvalifikasjonar
- Engasjement
- Evne til gode samarbeidsevner og ønske om å jobbe tett i team
- Interesse for nye arbeidsformer innan psykisk helsevern
- Evne til å sette pasienten sitt behov i fokus
- Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Moglegheit for fagleg utvikling
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her
Kontaktinformasjon
Håvard Helgesen, Seksjonsleiar, havard.helgesen@helse-mr.noArbeidsstad
Geilebergveien 206017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4868465538
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 28.11.2024
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Geilebergveien 20, 6017 Ålesund
- Stillingsfunksjon
- Helsepersonell / Psykolog, Helsepersonell
- FINN-kode
- 376980062
- Sist endret
- 11. nov. 2024 01:52