Me søkjer etter engasjert medarbeidar

Arbeidsgiver
Voss herad Gjernes barnehage
Stillingstittel
Fagarbeidar
Frist
25.11.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

 Det er ledig fast stilling som fagarbeidar i 100 % stilling i Gjernes barnehage frå 20.1.2025

Om arbeidsstaden:

Gjernes barnehage er ein to-avdelings barnehage med 32 barn som ligg 2 km frå Voss sentrum. Me er ein barnehage med 8 tilsette. Me er opptekne av å skapa gode dagar for barna og ein kvardag med humor. Me nyttar det fine uteområde og natur i nærleiken som arena for læring og nye erfaringar for barna.

Tidsrom: 

  •  Frå 20.1.2025

Me tilbyr:

  • gode vilkår for fagleg utvikling
  • eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
  • ein arbeidsplass med mykje humor og glede
  • yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • gode pensjonsordningar
  • løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår

Kvalifikasjonar:

  • Fagbrev i barne- og ungdomsarbeid. Andre søkjarar kan verte vurdert. 
  • Det er ynskjeleg at du har erfaring frå barnehage. 

Søkjer du arbeid hjå oss og har ein partner som gjer det same, finn du mange spennande stillingar i Voss herad her: Voss herad - Våre ledige stillingar (easycruit.com)

Arbeidsoppgåver:

  • Stillinga er knytt til småbarnsavdeling 1-3 år. 
  • Delta i dagleg arbeid på avdelinga i samarbeid med det pedagogiske personalet på avdelinga. Her vil du få moglegheit til å ha spennande ansvar for pedagogisk innhald opp mot ulike barnegrupper, samt påverke innhaldet i barnehagekvardagen. 
  • Få ansvar til å følgja opp enkeltbarn. 

Personlege eigenskapar:

  • Tydleg og engasjert vaksenperson. 
  • Ein trygg og varm rollemodell. 
  • Ein god relasjonsskapar til barn, foreldre og tilsette. 
  • Eit godt humør og byr på seg sjølv. 
  • Engasjert, fleksibel og løysingsorientert. 
  • Sjølvstendig og tek ansvar. 
  • Beherske norsk. 

Menn vert oppmoda om å søkja. 

Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn. 

Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlegheitslovene § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.

 

Ver vennleg og legg ved vitnemål og attestar som vedlegg til søknaden.

 

 


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
Gjernesmoen 2, 5700 Voss
Stillingsfunksjon
Barnehage / Barnehagelærer, Undervisning og pedagogikk, Barnehage / Pedagogisk leder
FINN-kode
378415158
Sist endret
01. nov. 2024 03:53