Stipendiat i reservoarfysikk - Centre for Sustainable Subsurface Resources (CSSR)
- Arbeidsgiver
- Universitetet i Bergen
- Stillingstittel
- Stipendiat i reservoarfysikk - Centre for Sustainable Subsurface Resources (CSSR)
- Frist
- 21.11.2024
Beskrivelse
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Ph.d.-stipendiat i reservoarfysikk - Centre for Sustainable Subsurface Resources (CSSR)
Ved Institutt for fysikk og teknologi er det ledig stilling som ph.d.-stipendiat i reservoarfysikk. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år som består av karrierefremmande arbeid (til dømes undervisning). Stillinga er knytt til Centre for Sustainable Subsurface Resources (CSSR) og er finansiert av Universitetet i Bergen.
Om prosjektet/arbeidsoppgåver:
CSSR har som mål å bidra til utsleppskutt på norsk sokkel i løpet av det neste tiåret og bidra til betre forståing av komplekse prosessar i undergrunnen. Dette inkluderer CO2-lagring, hydrogenlagring og forsking på andre energiberarar med lågt karbonavtrykk samt effektiv reservoardrenering.
Ph.d.-stipendiaten vil vere knytt til Arbeidspakke 2 i CSSR: Mellombels energilagring. Vi vil undersøke påverknaden av undergrunnsdynamikk og bio-geokjemiske reaksjonar ved kortsiktig energilagring i undergrunnen. For å nøyaktig vurdere effektiviteten av kortsiktig energilagring treng vi ny kunnskap om fysiske prosessar under lagring og uttak. Ph.d.-stipendiaten vil arbeide i ei tverrfagleg forskingsgruppe som studerer hydrogenlagring, men med moglegheit for å utvide til andre former for kortsiktige energilagring. Arbeidet vil i hovudsak vere eksperimentelt, med fokus på strømmingstestar for å måle lagringseffektivitet og avbilde strømming i porøse medium over ulike lengdeskalaer. Ph.d.-stipendiaten vil delta i eit samarbeid mellom NORCE og Institutt for fysikk og teknologi. Vi vil også samarbeide regelmessig med industripartnarar i vårt konsortium og ta aktiv del i eit større profesjonelt miljø innan anvendt forsking.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
- Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning i reservoarfysikk, geofag, kjemi, petroleumsteknologi eller eit relatert felt. Masterstudentar kan søkje dersom dei fullførar den endelege mastereksamen innan 31.12.2024. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
- Laboratorieerfaring er eit krav.
- Laboratorieerfaring frå forsking på porøse medium relatert til fysikk og/eller kjemi er ein fordel.
- Kunnskap om væskeflyt og transportprosessar i porøse medium er ein fordel.
- Erfaring med handtering av gass under høge trykkforhold er ein fordel.
- Erfaring frå eller kompetanse innan utføring og tolking av poreskala og/eller kjerneskalaeksperimenter er ein fordel.
- Erfaring med avbilding av væskeflyt som t.d. MRI og biletbehandling ved bruk av Python, MATLAB eller maskinlæring er ein fordel.
- Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
- Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar.
Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane.
Særeigne krav for stillinga
UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.
For stillinga gjeldt følgande:
Om stillinga som ph.d.-stipendiat
Samla stipendperiode er 3 år, med høve til eit 4. år som består av karrierefremmande arbeid (til dømes undervisning) fordelt med 25 % over tilsetjingsperioden. Dette avheng av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vert avgjort av instituttleiar ved tilsetjing.
Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.
Om forskarutdanninga
Som ph.d. stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Fakultet for naturvitenskap og teknologi er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.-studiet ved Universitetet i Bergen.
Vi tilbyr:
- eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
- løn som stipendiat (kode 1017) i samsvar med det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei brutto årsløn på kr. 540 500 (tilsvarande lønstrinn 55). Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet.
- medlemskap i Statens pensjonskasse
- gode velferdsordningar
Søknaden skal innehalde:
- ei kort utgreiing om forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
- namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
- CV
- karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden din, må du sende inn ei stadfesting frå institusjonen på forventa dato for oppnådd mastergrad. Mastergraden må vere dokumentert med karakterutskrift og/eller vitnemål, alternativt ei stadfesting frå gradsgjevande institusjon på fullført grad og oppnådd karakter, innan 31.12.2024.
- relevante attestar
- godkjend dokumentasjon på at du oppfyller krav til engelskkunnskapar (dersom påkravd, jfr. Krav til engelskkunnskaper ved opptak til ph.d.-programmet)
- eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste med lenker)
- masteroppgåva di (eller ei skildring på to sider dersom oppgåva ikkje er levert endå), og eventuelle publikasjonar i ditt namn som du ønsker å få vurdert. Dersom oppgåva ikkje er skrive på eit skandinavisk språk eller engelsk, må du levere eit samandrag på engelsk på to sider.
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til professor Geir Ersland, Institutt for fysikk og teknologi, e-post: geir.ersland@uib.no, eller professor Martin Fernø Institutt for fysikk og teknologi, e-post: martin.fernø@uib.no
For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med Thea Thingnes, thea.thingnes@uib.no.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.
Nærare om tilsettingsprosessen her.
Livet som ph.d.-kandidat ved UiB
Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB.
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Christiesgt. 18, 5020 Bergen
- Stillingsfunksjon
- Forskning/Stipendiat/Postdoktor, Ingeniør
- FINN-kode
- 378437769
- Sist endret
- 04. nov. 2024 07:14