4 x 100 vernepleiarstilling i langvaktsturnus døgn

Arbeidsgiver
Bu- og rehabiliteringstenestene, Sykkylven kommune
Stillingstittel
4 x 100 vernepleiarstilling i langvaktsturnus døgn
Frist
24.11.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Sjeldan moglegheit! Spennande og utfordrande stilling for den rette personen, kom å bli med på laget vårt! 

Bu- og Rehabiliteringstenestene ved Barne- og avlastningstenestene har ledig 4 x 100 % stilling i per tiden langvaktsturnus døgn (med atterhald om godkjenning frå fagforbunda sentralt), med vakter som er planlagd å gå som 2-7, 3-7, - 2-7, med arbeid kvar 4. helg.

Bu- og rehabiliteringstenestene inkluderer fire avdelingar med tre bueiningar for vaksne personar med ulike funksjonsnedsetjingar, Avdeling for Barne- og avlastingstenester, Dagsenter og avdeling for Psykisk helse- og rus. Eininga har omlag 70 årsverk og har bra fagkompetanse. 


Arbeidsoppgåver

  • Dagleg direkte miljøterapeutisk arbeid i samsvar med brukars tenestetilbod
  • Bistand til personleg hygiene og anna praktisk bistand og gjeremål
  • Planlegging, oppfølging og utarbeiding av planarbeid, etter gjeldande lovverk, mål og resultat
  • Planlegge, kartlegge, dokumentere og evaluere tenestetilbodet
  • Kontakt med interne og eksterne samarbeidspartnarar
  • Primær- og eller sekundærkontaktarbeid
  • Legemiddeladministrasjon
  • Samarbeid med pårørande/verge
  • Journalføring
  • Eventuelt koordinatorfunksjon
  • Arbeid med Kap 9 HOTL
  • Rettleiing av opplæring av kollegaer, nye tilsette og eventuelt studentar
  • Praktiske gjeremål i bustad og andre delegerte oppgåver frå leiar

Kvalifikasjonar

  • Autorisert vernepleiar eller sjukepleiar, eventuelt anna relevant treårig høgskule eller universitetutdanning kan vere aktuelt
  • God norsk skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • Førarkort klasse B
  • Ynskjeleg med erfaring frå arbeid med brukargruppa og målretta miljøarbeid
  • Erfaring med og kunnskap om tenester til menneske med nedsett funksjonsevne
  • Kunnskap om og erfaring med førebygging og handtering av åtferd som kan utfordre
  • Kunnskap om kap. 9 HOTL
  • Personleg eignaheit vert vektlagd
  • Krav om politiattest

Personlege eigenskapar

  • Du har evne til å arbeide målretta og strukturert
  • Du må vere løysingsorientert og ha god evne og vilje til å arbeide sjølvstendig og i team
  • Du har ei særleg interesse og evne til å arbeide med born og unge
  • Du  greier å stå i utfordrande situasjonar 
  • Du er aktiv bidragsytar til eit godt arbeidsmiljø
  • Du held deg fagleg oppdatert og er fagleg engasjert
  • Evne til etisk refleksjon og god arbeidsmoral
  • Du er lojal og viser evne til fleksibilitet

Vi tilbyr

  • Utviklingsorientert felleskap og kollegastøtte
  • Gode kollegaer og triveleg arbeidsmiljø  
  • Tilsetting i samsvar med offentleg avtaleverk
  • Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver 
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP

Offentlegheit
Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd.

 

Kontaktinformasjon

Lisbeth Schei Bjørdal, einingsleiar Bu- og rehabiliteringstenestene, +4791009625, lisbeth.bjordal@sykkylven.kommune.no

Arbeidsstad

Ullaviklia 19

6230 Sykkylven

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Sykkylven kommune


Referansenr.: 4880078728

Stillingsprosent: 100%

Fast

Startdato: 01.02.2025

Søknadsfrist: 24.11.2024

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
4
Sted
Ullaviklia 19, 6230 Sykkylven
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Helsepersonell, Sykepleier
FINN-kode
379228222
Sist endret
07. nov. 2024 07:39