Ambulansearbeidar Nordfjordeid

Arbeidsgiver
Ambulanse OMR Nordfjord, Helse Førde
Stillingstittel
Ambulansearbeidar
Frist
16.12.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Eid ambulansestasjon søkjer etter personell til følgjande stillingar:  

  • 2 x 100 % fast stilling som ambulansearbeidar 
  • Oppstart: 03.03.2025

Prehospital avdeling består av ambulanseseksjonane og AMK Førde, som ligg organisert i Kirurgisk klinikk. Ambulansetenesta består av 19 døgnambulansar og 8 dagambulansar. Dette i tillegg til 2 moderne ambulansebåtar som dekkjer kystlinja vår frå stasjon i Solund og Florø. Tenesta har omlag 230 tilsette fordelt på våre 16 stasjonar i helseføretaket sitt nedslagsfelt. Vi har eiga særavtale for kompetansetillegg for ambulansearbeidarar. 

Eid ambulansestasjon har 11 årsverk og har 1 døgnbil i tillegg til 1 dagbil. Tilsette jobbar dagvakter på dagbil og døgnvakter. Alle våre stasjonar har årsplan/kalendarplan. 


Arbeidsoppgåver

  • Beredskap for, og utføring av ambulanseoppdrag
  • Beredskapsretta arbeid, internt utviklingsarbeid og internundervisning
  • Delta på undervisning og sertifisering / utsjekk i tråd med tenesta sin kompetanseplan
  • Eigentrening og teamtrening
  • Kontroll og vedlikehald av beredskapsutstyr og ambulansar
  • Reinhald og klargjering av utstyr, uniformar og stasjon
  • Interne arbeidsoppgåver på stasjonen og elles i avdelinga
  • Utføre sitt arbeid i tråd med gjeldande lover, forskrifter, prosedyrer og internt reglement som gjeld for føretaket

Kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som ambulansearbeidar
  • Førarkort kl. C1
  • Kompetansebevis for utrykkingskøyring, kode 160. I tillegg delta på regelmessig vedlikehaldstrening.
  • Tilfredstille medisinske krav til førarkort klasse D.
  • Politiattest krevst før tilsetting etter lov om Helsepersonell § 20a.  
  • Bestå trinn 2 kompetanseutsjekk, seinast innan 6 månadar etter tilsetting.  
  • Stor arbeidskapasitet
  • God fysisk helse. Søkjar må bestå fysisk test før tilsetting. Krava ligg på ambulansetenesta sine nettsider.  
  • For ambulansearbeidarar er det ønskeleg med vidareutdanning (årsstudium) som paramedic. 
  • Geografisk kjennskap til lokalområdet er fordelaktig 
  • God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne 
  • Søkjarar utanfor Skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

  • Imøtekomande, høfleg, positiv og serviceinnstilt
  • Pasientorientert med respekt for den einskilde pasient
  • Gode kommunikasjons - og samarbeidsevner
  • Evne til å jobbe sjølvstendig, men og vere ein god teamarbeidar/teamleiar for m.a. kunne ta leiing og jobbe effektivt i akuttmedisinske situasjonar
  • Halde seg i god fysisk form som krevst for å utføre oppgåvene som ambulanasearbeidar
  • Like å tidvis ha det hektisk og jobbe med høg aktivitet
  • Pliktoppfyllande
  • Fleksibel i høve til å jobbe på ulike stasjonar
  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø

Personlege eigenskapar vektleggast

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidslivsbedrift (IA-bedrift)
  • Triveleg arbeidsmiljø med høve til å påverke eigen arbeidsplass
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Sterkt tverrfagleg samarbeid 
  • Kompetanseutvikling i form av ei teneste i stor fagleg utvikling og eigen kompetanseplan

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Hilde Rotihaug Humborstad, Seksjonsleiar Prehospital Avdeling, 415 30 511

Arbeidsstad

Sjukehusvegen 14

6770 Nordfjordeid

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Førde


Referansenr.: 4874938677

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 16.12.2024

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Sjukehusvegen 14, 6770 Nordfjordeid
Stillingsfunksjon
Sykepleier, Helsepersonell, Annet
FINN-kode
379231040
Sist endret
07. nov. 2024 07:49