Ambulansearbeidar i standby-crew

Arbeidsgiver
Ambulanse OMR Nordfjord, Helse Førde
Stillingstittel
Ambulansearbeidar
Frist
08.12.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Ambulansetenesta søkjer etter personell til følgjande stillingar: 

  • 2 x 100 % fast stilling som ambulansearbeidar standby-crew Nordfjord.

Ambulansetenesta ligg organisert i avdeling for  prehospitale tenester og AMK i kirurgisk klinikk som eigen seksjon. Tenesta har i dag 19 døgnambulansar, 8 dagambulansar i tillegg til 2 moderne ambulansebåtar som dekkjer kystlinja vår frå stasjon i Solund og Florø. Tenesta har omlag 230 tilsette fordelt over stasjonane i Helse Førde sitt nedslagsfelt. 

Tenesta har etablert ei ordning med overtallsbemanning / standby-crew i Nordfjord med tilsette som skal gå i definert arbeidsplan med oppmøte og vaktslutt på Eid. Intensjonen er at funksjonen skal dekkje opp for uføresett fråvær primært for stasjonane i Nordfjord, men eventuelt også i andre område innimellom. Vaktlengda er som ordinær døgnambulanse med vakt på vaktrom, eventuelt vakter på dagbil med omlag 10 timar aktiv tid.

Formålet med ordninga å sikre større grad av føreseieleg drift. Ordninga er primært eit rekrutterings- og stabiliseringstiltak for nyutdanna som kan få fast tilsettingsforhold  i standby-crewet i ein periode og kanskje fram til ein søkjer seg over til anna stilling ved ein konkret stasjon.

Søkjar må vere budd på organisatoriske endringar som følgje av nye og endra oppgåver innan fagfeltet.


Arbeidsoppgåver

  • Beredskap for, og utføring av ambulanseoppdrag
  • Beredskapsretta arbeid, internt utviklingsarbeid og internundervisning
  • Delta på undervisning og sertifisering / utsjekk i tråd med tenesta sin kompetanseplan
  • Eigentrening og teamtrening
  • Kontroll og vedlikehald av beredskapsutstyr og ambulansar
  • Reinhald og klargjering av utstyr, uniformar og stasjon
  • Interne arbeidsoppgåver på stasjonen og elles i avdelinga
  • Utføre sitt arbeid i tråd med gjeldande lover, forskrifter, prosedyrer og internt reglement som gjeld for føretaket

Kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som ambulansearbeidar
  • Førarkort kl. C1
  • Utrykkingskompetanse K160 og må gjennomføre vedlikehaldstrening for utrykningsførar
  • Tilfredstille medisinske krav til førarkort klasse D
  • Delta og bestå trinn 2 kompetanse i Helse Førde etter tenesta sin kompetanseplan 
  • Grunnleggande IKT kunnskap
  • Stor arbeidskapasitet
  • God fysisk og psykisk helse. Søkjar må bestå fysisk test før tilsetting. Testen kan bli gjennomført i forkant eller i samband med intervju. Nærare informasjon om krava finn du på Helse Førde og ambulansetenesta si internettside. 
  • Geografisk kjennskap til lokalområdet er fordelaktig  
  • God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Søkjarar utanfor Skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk skriftleg og munnleg
  • Politiattest krevst før tilsetting i stillinga etter lov om Helsepersonell § 20a.  

Personlege eigenskapar

  • Imøtekomande, høfleg, positiv og serviceinnstilt
  • Fleksibilitet med omsyn til intensjonen i ordninga og vakter på ulike stasjonar i området 
  • Pasientorientert med respekt for den einskilde pasient
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Evne til å jobbe sjølvstendig, men og vere ein god teamarbeidar/teamleiar for m.a. kunne ta leiing og jobbe effektivt i akuttmedisinske situasjonar
  • Like å tidvis ha det hektisk og jobbe med høg aktivitet
  • Pliktoppfyllande
  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidslivsbedrift (IA-bedrift)
  • Triveleg arbeidsmiljø med høve til å påverke eigen arbeidsplass
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Sterkt tverrfagleg samarbeid 
  • Kompetanseutvikling i form av fagstige

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Frank Haukereid Reksnes, Seksjonsleiar Prehospital avdeling, 412 86 285

Hilde Rotihaug Humborstad, Seksjonsleiar Prehospital avdeling, 415 30 511

Arbeidsstad

Sjukehusvegen 14

6770 Nordfjordeid

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Førde


Referansenr.: 4874942051

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 08.12.2024

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Sjukehusvegen 14, 6770 Nordfjordeid
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Sykepleier, Annet
FINN-kode
379232084
Sist endret
07. nov. 2024 07:50