Sjukepleiar

Arbeidsgiver
Akuttpsykiatrisk post,Haugesund sjukehus
Stillingstittel
Sjukepleiar
Frist
24.11.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Vi søkjer fagleg sterk og engasjert sjukepleiar til akuttpsykiatrisk post ved Haugesund sjukehus!

Akuttpsykiatrisk post er ei lukka eining med ansvar for øyeblikkeleg hjelp-innleggjingar. Vår hovudoppgåve er å ta imot akutt psykisk sjuke menneske med eit breitt spekter av problemstillingar. Vi skal sørgje for at dei som treng akutt bistand får god og forsvarleg hjelp og behandling.

Stillinga er fast, 100%, i todelt turnus,  med arbeid kvar tredje helg. Det kan bli aktuelt med frivillig ordning med langvakt på helg.

Ta gjerne kontakt om du har spørsmål vedrørande stillinga. 


Arbeidsoppgåver

  • Miljøterapeutisk behandling på lukka døgneining.
  • Medikamenthandtering.
  • Somatiske undersøkingar og somatisk oppfølgjing.
  • Delta på tverrfaglege behandlingsmøter.
  • Kontakt med pårørande og barn som pårørande, kommune og andre samarbeidspartnerar. 
  • Delta på obligatoriske treningar i MAP.
  • Bidra til fagutvikling i eininga. 

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar.
  • Fordel med erfaring innan fagområde psykisk helsearbeid og rus - god opplæring og ramme for fagleg utvikling vil bli gitt.
  • Ynskjeleg med kjennskap til og fortrinnsvis praksis innan relevant fagområde.
  • Gode kommunikasjonsevner - både munnleg og skriftleg.

Personlege eigenskapar

  • Fagleg engasjement.
  • Gode samarbeidsevner og fleksibilitet.
  • Trivst med å arbeide i tverrfaglege team.
  • Tilpassingsdyktig og kan takla stressande situasjonar med ro og faglege haldningar.

Personleg eignaheit vert vektlagd.

Vi tilbyr

  • Ein spennande arbeidsplass med god tverrfagleg kompetanse innan psykisk helsevern.
  • Ei erfaren personalgruppe og fast ansatte spesialistar.
  • Ei avdeling i nye moderne lokalar, samlokalisert med somatisk akuttmottak, og med aktivt samarbeid med andre avdelingar på sjukehuset og psykisk helsevern. 
  • Rettleiing/undervisning og anledning til å bidra i fagutvikling.
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidslivs-bedrift (IA-bedrift).
  • Konkurransedyktig pensjonsordning. Yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring

Mangfaldserklæring
Helse Fonna ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Helse Fonna ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Kontaktinformasjon

Rebekka Gregor, Funksjonsleiar Akuttpsykiatrisk post, 41863999

Håvard Wester Breistein, Avdelingsleiar, +47 93241877

Arbeidsstad

Karmsundgata 120

5528 HAUGESUND

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF


Referansenr.: 4875788810

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 24.11.2024

Sektor
Offentlig
Sted
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund
Stillingsfunksjon
Sykepleier, Helsepersonell, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut
FINN-kode
379344010
Sist endret
07. nov. 2024 12:38