Psykolog i spesialisering 

Arbeidsgiver
Allmennpsykiatrisk poliklinikk,Haugaland DPS
Stillingstittel
Psykolog i spesialisering
Frist
21.11.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Vi søkjer psykolog i spesialisering til vår allmennpsykiatriske poliklinikk ved Haugaland DPS.

Vårt fagmiljø er prega av høg kompetanse innan fleire terapiretningar, openheit og tverrfaglig samarbeid. Fleire av spesialistane har vidareutdanningar innan kognitiv atferdsterapi (CBT), psykodynamisk terapi og emosjonsfokusert terapi (EFT).

Poliklinikken har også ein rekke spesialiserte behandlingstilbpd, som dialektisk atferdsterapi (DBT), eBehandling, EMDR, og "4-dagarsbehandling" (B4DT) for sosial angst, som starter hausten 2024. I tillegg har vi flere planlagte fagutviklingsprosjekt. 


Arbeidsoppgåver

  • Utredning, diagnostisering og behandling av pasientar
  • Delta i tverrfagleg team
  • Rettleiing og undervising internt og retta mot våre samarbeidspartnarar i kommunen

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon
  • Erfaring frå arbeid i allmennpsykiatrisk poliklinikk på DPS-nivå.
  • Vidareutdanning i kognitiv terapi, DBT eller EMDR er ein fordel
  • At søkjar er personleg eigna og har relevant erfaring/praksis blir vektlagd
  • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad

Personlege eigenskapar

  • Strukturert
  • Gode kommunikasjonsevner
  • Være ein god teamarbeider
  • Må trivast i et aktivt miljø med varierte utfordringer
  • Gode samarbeidsevner

Vi tilbyr

  • Løn jfr avtale mellom NPF og Helse Fonna, HF
  • Medlemskap i pensjonsordning, 2% pensjonstrekk, yrkesskade forsikring, gruppelivsforsikring og tjenestereiseforsikring
  • Ein arbeidsplass som er i inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
  • Vi legg til rette for vidareutdanning
  • Moglegheit for deltaking i prosjekt og kvalitetsutvikling 
  • Sterkt faglig fellesskap med godt arbeidsmiljø

For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, må søkjar gi til kjenne dette i søknaden

 

Mangfaldserklæring:

Helse Vest HF ønskjer  å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteinga vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Helse Vest HF ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Kontaktinformasjon

Arne Thomas Lundqvist, Enhetsleder, 41239898, tholun@ihelse.net

Arbeidsstad

Floravegen 75

5535 HAUGESUND

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF


Referansenr.: 4879548145

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 21.11.2024

Sektor
Offentlig
Sted
Floravegen 75, 5535 Haugesund
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Psykolog, Helsepersonell
FINN-kode
379355798
Sist endret
07. nov. 2024 02:22