Lege i spesialisering kirurgi
- Arbeidsgiver
- Kirurgiske legar Volda, Helse Møre og Romsdal HF
- Stillingstittel
- Lege i spesialisering kirurgi
- Frist
- 21.11.2024
- Ansettelsesform
- Vikariat
Beskrivelse
Vi har ledig vikariat som LIS2 i perioden 21.12.2024 tom 01.03.2026!
I denne stillinga får du høve til å samle brei erfaring og utvikle deg som kirurg i eit svært positivt arbeidsmiljø. Det inneber ei unik moglegheit til å jobbe tett saman i eit kollegium som handterer eit breidt spekter av kirurgiske tilstandar, og du vil kunne opparbeide deg eit godt grunnlag for vidare spesialisering.
Vi ber om attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Arbeidsoppgåver
Deltaking i vaktarbeid, sengepost, dagkirurgi, poliklinikk og operasjonKvalifikasjonar
- Søkjar må ha norsk autorisasjon som lege
- Godkjend LIS1
- Må meistre norsk skriftleg og munnleg
- Må ha interesse for det kirurgiske fagfeltet
Personlege eigenskapar
- Du har gode samarbeidsevner
- Du er strukturert, engasjert og arbeidsom
- Du bidrar til eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
- Du trivast i eit arbeidsmiljø med høgt tempo
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Midt i det beste Norge kan by på av fjord og fjell finn du Volda. Opplev dei ville og vakre Sunnmørsalpane som byr på alt frå enkle ruter og oppmerka stiar i flate fjelldalar til utfordrande klatreturar og fantastiske toppturar. Vi byr også på eit særs blomstrande kultur- og idrettsliv og eit framoverlent høgskule miljø. Det er gode kommunikasjonar med flysamband til Bergen og Oslo frå Ørsta/Volda lufthamn. Sjå meir om Volda her.
Kontaktinformasjon
Therese Karina Saunes, Seksjonsleiar, +47 93066118, Therese.Karina.Saunes@helse-mr.noArbeidsstad
Kløvertunvegen 16103 Volda
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4882027634
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 21.12.2024
Sluttdato: 01.03.2026
Søknadsfrist: 21.11.2024
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Kløvertunvegen 1, 6103 Volda
- Stillingsfunksjon
- Lege, Helsepersonell, Lege / Overlege
- FINN-kode
- 379359762
- Sist endret
- 07. nov. 2024 02:12