Sjukepleiar/vernepleiar
- Arbeidsgiver
- Brukarstyrt post, Haugaland DPS Karmøy
- Stillingstittel
- Sjukepleiar/Vernepleiar
- Frist
- 01.12.2024
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Brukarstyrt post er underlagt Haugaland DPS i Klinikk for psykisk helsevern, og tilbyr fem døgnplassar for pasientar med psykiske lidingar. Pasientar med avtale har moglegheit til å skrive seg inn sjølv når ved behov. Avdelinga vår byggjer på prinsippa om recovery og miljøterapi med fokus på pasientens eigne mål.
Posten er bemanna med eit flott team av erfarne sjukepleiarar, vernepleiarar og helsefagarbeidarar, og me søkjer no to sjukepleiarar/vernepleiarar til fast helgestilling. Turnusen inneber arbeid kvar tredje helg, der vaktene varierar mellom dag kl.07.30 til 15.00, kveld kl.14.30 til 22.00 eller langvakt på tolv timar frå kl.10.00-22.00.
Grip sjansen, dette er ei unik moglegheit til å vere med å gjere ein forskjell for vår brukargruppe!
Arbeidsoppgåver
- Miljøterapi
- Ansvarsvakt
- Vera ein tydeleg, trygg og engasjert lagspelar i arbeid med pasientgruppa
- Tilrettelegging for og deltaking i samtalar
- Samarbeid med interne og eksterne instansar
Kvalifikasjonar
- Helsefagleg høgskule (bachelor)
- Erfaring frå miljøterapeutisk arbeid er ein fordel
- Gode norskkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Søkarar som har andre morsmål enn norsk, svensk eller dansk, og som ikkje har fullført norskspråklig vidaregåande skule, må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annan norsktest på B2 nivå. Dokumentasjon må vedleggast søknaden. Ved tilsetjing av allereie fast tilsett i føretaket kan ein unntaksvis, i særlege tilfelle, fråvika kravet om bestått norsktest på B2-nivå
Personlege eigenskapar
- Engasjement og interesse for pasientgruppa
- Gode samarbeids- og kommunikasjonseigenskapar
- Sjølvstende
- Gode relasjonsferdigheitar
- Raushet og godt humør
Vi tilbyr
- Eit svært trivelig arbeidsmiljø
- Høgt fagleg nivå
- Fagleg og personleg utvikling
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidslivs bedrift
Mangfaldserklæring
Helse Fonna ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Helse Fonna ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon
Trude Rødseth Lygre, Funksjonsleiar, trude.rødseth.lygre@helse-fonna.noArbeidsstad
Floravegen 755535 Haugesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 4882009719
Stillingsprosent: 20%
Fast
Søknadsfrist: 01.12.2024
- Sektor
- Offentlig
- Antall stillinger
- 2
- Sted
- Floravegen 75, 5535 Haugesund
- Stillingsfunksjon
- Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Sykepleier, Helsepersonell
- FINN-kode
- 379366791
- Sist endret
- 08. nov. 2024 06:56