Avdelingsingeniør - dataforvaltning

Arbeidsgiver
Kommunalområde Organisasjon, Teknologi og innovasjon
Stillingstittel
Avdelingsingeniør - dataforvaltning
Frist
25.11.2024
Ansettelsesform
Engasjement

Beskrivelse

Ålesund kommune har målsetjingar om auka digitalisering og arbeide på smartare måter på tvers av kommunalområda. For å jobbe med desse målsetningane er det starta opp ulike digitaliseringsarbeid innan, men også på tvers av kommunegrensene i regionen.

Verksemd Teknologi og innovasjon sitter med kjernekompetanse knytt til digitalisering og utvikling, og støttar dei kommunale fagområda i deira utviklingsarbeid. I verksemda ligg den IKT-delen av det regionale IKT og digitaliseringssamarbeidet eKommune Sunnmøre, arbeidet opp mot samarbeidet Digi Møre og Romsdal og arbeid med ulike FoU-prosjekt. For å utvikle oss vidare i arbeidet med handtering av data og bruk av data i drifta av kommunen, henter vi inn kompetanse som kan bistå fagområda med dette.

Oppgåvene til stillinga ligg innleiingsvis hos verksemd Vatn og Avløp i kommunalområde Samfunn. Bedre bruk av data er viktig for gjere drifta vår meir berekraftig, effektiv og sikker. Stillinga er viktig for å nå digitaliseringsmåla til kommunen, og for å utvikle, implementere og systematisere arbeidet med å anvende data i organisasjonen.


Arbeidsoppgåver

Arbeidsoppgåvene som ligg til stillinga er:

  • bidra til arbeidet med forvaltning av data i kommunens dataforvaltningsplatform og andre interne og eksterne databasar,
  • bidra med vedlikehald og oppsett av API mot kommunens løysningar for databasar og kontrollsystem,
  • utforme skjermbilete for visning av data innan eksisterande verktøy,
  • delta i prosessen for vidareutvikling av kommunens dataforvaltningsplatform(er), og
  • samarbeid og kommunikasjon i kommuna, og med eksterne interessentar og leverandørar.

Kvalifikasjonar

Vi søker etter kandidatar med dei følgande kvalifikasjonane:

  • relevant høgare utdanning, som til dømes ingeniørfag, informatikk eller statistikk,
  • erfaring og god kunnskap i bruk av system for databasehåndtering,
  • programmering for python-baserte plattformer og anna relevant programmeringsspråk,
  • bakgrunn frå kartdata og forståelse av vann og avløpssystemer, samt tidlegare erfaring med kommunale fagsystemer er en fordel,
  • kjennskap til plattformer som Azure og AWS, og
  • kjennskap til KI og analytiske verktøy for behandling av data og optimalisering.

Personlege eigenskapar

For å lykkes i stillinga bør du:

  • vere utviklingsorientert, målretta og strukturert
  • ha høgt fagleg engasjement
  • evne å sette deg inn i ulike fagområde og sjå korleis dei kan anvende data for å forbetre prosessane
  • evne å tilegne deg nye kunnskap og nye ferdigheter i eit fagfelt under rask utvikling

Vi tilbyr

Et fleirfaglig arbeidsmiljø med arbeidsoppgaver knytta til utvikling og optimalisering av kommunens data for framtida.

Stillinga er eit eitt-års engasjement der arbeidet er knytt til verksemd Vatn og Avløp sine behov. Om det kommunen har behov og finansiering for stillinga utover dette året, vil det vere moglegheit for forelnga engasjement eller fast tilsetjing.

Kontaktinformasjon

Helge Veum, helge.veum@alesund.kommune.no

Arbeidsstad

Keiser Wilhelms gate 11

6003 ÅLESUND

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Kommunalområde Organisasjon


Referansenr.: 4881834126

Stillingsprosent: 100%

Engasjement

Startdato: 16.12.2024

Sluttdato: 31.12.2025

Søknadsfrist: 25.11.2024

Sektor
Offentlig
Sted
Keiser Wilhelms gate 11, 6003 Ålesund
Stillingsfunksjon
IT utvikling / Utvikler (generell), IT drift og vedlikehold / Drift/Operations, Ingeniør
FINN-kode
379463691
Sist endret
08. nov. 2024 09:09